Billig mat, Dessert, Fest, Jul, Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 4

Ein enklare karamellpudding

Karamellpudding er min signaturdessert, og den blir alltid møtt med hyllest. Ein tenker jo ofte at det er komplisert, men eigentleg er det veldig enkelt å lage.

Då Coop extra la ut oppskrifta mi til jul i år fekk eg eit tips frå ein slektning, som hadde sett oppskrifta mi, og syntest eg gjorde det unødvendig vanskeleg. Det er berre å blande alt i hop med ein gong, og sile det opp i forma, sa ho. Eg grunna på dette, for eg har jo lært at ein må varme opp mjølka med vaniljen for å få fram den gode smaken. Men det er jo ikkje verre enn at ein kan prøve, så då kasta vi oss ut i det, min kjære og eg.

Kombinert med eit ynskje om pudding berre på heilmjølk, utan fløte, så vart det altså ein ny måte å lage karamellpudding på for meg. Og det beste? Den er like god som «den gamle», sjølv utan oppkok og fløte! Så no har du sjansen, meld deg frivillig til å lage dessert på nyttårsaftan, og slå til med denne lekre puddingen.

Denne puddingen er stor, så mål opp slik at du er sikker på at forma di er stor nok. Den må romme minst 1,5 liter, helst litt meir. Har du små former, så fordel den gjerne på to.

Husk at karamellpuddingen må lagast dagen før den skal serverast. Den held seg godt 5-6 dagar i kjøleskap, men det er ein ting du skal passe på: Eg brukte ei form som var litt rusta ein gong. Det ga smak til puddingen. Så viss den skal stå lenge, så bruk enten ei heilt strøken form, eller vend den etter dag to, og oppbevar den på fat med plast over.

26145114_10212720782908383_735014197_o

Enkel karamellpudding

1,5 dl sukker til karamellisering

1 liter H-mjølk

1,5 dl sukker til smeten

10 egg

1 ts ekte vaniljesukker

Sett steikeomnen på 125 grader. Kok opp 1,5 liter vatn. Sett ei lita langpanne (mål at den har plass til brødforma du skal bake puddingen i) i omnen, og hell vatnet i langpanna.

Sett steikepanna på kokeplata på medium til høg varme. Ha i 1,5 dl sukker, og smelt det til karamell. Hell karamellen i ei brødform, og fordel den utover i forma, gjerne litt opp langs sidene og, viss den er rennande nok. Sett forma kjøleg.

Visp saman egg, mjølk, vaniljesukker og 1,5 dl sukker. Sil det opp i eit stort litermål, som du brukar til å fylle forma med. Gjer det i fleire omgongar, viss det ikkje rommer all røra. Hell røra opp i brødforma, og plasser forma forsiktig i langpanna.

Bak puddingen på 125 grader i 90 minutt. Sjekk med ein kniv om puddingen er stiv. Viss det kjem væske ut av puddingen når du stikk ein tynn knivspiss inn i puddingen, så må den stå ti minutt til, før du sjekkar igjen. La puddingen kolne, før du set den kaldt for natta.

Vend puddingen på eit romsleg, avlangt fat. Er det karamell igjen i forma, så smelt det ved å sette forma med litt kokande vatn i på plata, og la det koke opp slik at karamellen blir flytande. Meir saus! Server gjerne puddingen med litt piska krem.

4 Comments

  1. Eli Birkeland says

    Lurer på hva SMETE er, aldri hørt det før.
    I oppskriften til Karamellpudding.

    • Det betyr røre. Eg har endra det no, fordi eg forsto at det skapte forvirring.

  2. Hildegunn says

    Kjempegod og lettvint karamellpudding! Gjer det enno enklare og brukar ferdig karamellsaus….

    • Fordelen med sukker i forma er at puddingen løsnar frå forma superlett. Pluss at det er sausen/karamellen som gir smak til puddingen.

Leave a Reply