Gjærbakst, Kaker, Mat, Noko søtt, Oppskrifter for barn
Comments 2

Karamellsnurrar

Ingenting gjer meg så lukkeleg som søt gjærbakst. I dag har eg laga nokre SJUKT gode karamellsnurrar. Eg er lei for ropinga, men desse er knallgode. Gå ein lang tur først, så har du fortent det.

For at søt gjærbakst skal bli ordentleg god må den ha ein del smør i seg. Smøret kan du smelte, smuldre eller elte inn, og eg har valt det siste. Då lagar eg ein søt basisdeig, og så eltar eg inn smøret til slutt. Med kjøkkenmaskin går det veldig enkelt og lett. Har du ikkje kjøkkenmaskin tilrår eg å smuldre smøret inn. Då blandar du alt det tørre, og så kuttar du kaldt smør i ganske små terningar som du masserer inn i mjølet. Til slutt eltar du inn lunken mjølk og egg.

Slike gode bollar som dette toler godt å bli krydra litt. Eg har alltid kardemomme i deigen, men når eg leikar meg med ulike variantar så set eg smak på fyllet på ulike måtar. Det klassiske er å bruke kanel, men i dag testa eg ut å bruke fivespice, det klassiske kinesiske blandingskrydderet, og det var faktisk veldig godt. Eg blanda saman litt kanel og litt fivespice, og det ga ein varm, aromatisk smak som verkeleg løfta dei søte bollane.

I gjærdeigoppskrifter står det ofte «hev deigen i 30 minutt». Mi erfaring er at det er for kort. Hev deigen så lenge at du verkeleg ser at den har blitt dobbelt så stor, det kan ta opptil ein time. Så ikkje stress når du bakar desse bollane. Gjestane må vente på bollane, ikkje omvendt.

IMG_4667Basisdeig for bollar

3 dl mjølk

Ein pakke gjær for søte deigar

1 ts salt

8-9 dl kveitemjøl

1 dl sukker

1 ts malt kardemomme

Eit egg

100 g smør

Varm forsiktig opp mjølka i ei tjukkbotna gryte til den er fingervarm. Det skal verken kjennast varmt eller kaldt når du stikk fingeren nedi. Ha mjølka i bakebollen. Brukar du fersk gjær, så smuldrar du den i mjølka, viss du har tørrgjær har du den i saman med mjøl og sukker. Ha i mjølet litt og litt, saman med sukker, salt og kardemomme. Knekk egget i ein kopp, og elt det inn. Ha i mjøl til deigen er ganske fast. Til slutt eltar du inn smøret i bitar. Då blir deigen ganske klissete, men ver tolmodig, og elt deigen i 8-10 minutt. Då har du ein passe fast deig som er glatt og fin, og lett å kjevle ut. La deigen heve i ein time.

Denne deigen kan brukast til vanlege bollar med eller utan rosiner, kringle med søtt fyll, kanelsnurrar eller karamellsnurrar.

IMG_4676Karamellsnurrar

Ein halv porsjon bolledeig (som har heva ein gong)

Fyll:

80 g smør

1 dl brunt sukker

½ ts kanel

½ ts kinesisk five spice-krydder

Ha smør og sukker i ei skål, og sett den i vassbad over varmt vatn. Smøret skal bli mjukt, men ikkje smelte. Rør det godt saman, og kna inn krydderet. Ta skåla av vassbadet, og sett fyllet til side.

80 g hakka mandlar eller andre nøtter

Karamelltopping:

80 g smør

1,5 dl brunt sukker

Ei raus spiseskei lys sirup

½ dl kremfløte

Smelt smøret i ei lita gryte. Rør sinn sukker, sirup og fløte, og sett det til side.

Sett steikeomnen på 200 grader.

IMG_4664Elt deigen godt. Kjevle deigen ut til eit stort rektangel. Smør det krydra fyllet på leiven, men la dei siste par centimetra vere utan fyll. Dryss på hakka mandlar eller nøtter. Der kan du pensle med egg. Dryss hakka mandlar eller nøtter der du har smurt fyll på leiven. Rull saman leiven til ei pølse, og skjer rullen i 12 skiver.

Hell karamelltoppingen i ei lita langpanne. Legg skivene du skar i forma. Pensle skivene med piska egg. La det heile heve i 30-40 minutt. Steik karamellsnurrane på 200 grader i 18-20 minutt. La forma stå litt og kolne, før du vender den oppned på eit vidt fat. Server bollane med ein god te eller eit glas kald mjølk.

 

2 Comments

  1. Pingback: Fastelavnsbollar | Alt godt

Leave a Reply