Allergi, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Kjøtt, Mat
Comments 2

Curry med kjøttbollar

Eg er veldig glad i austasiatisk curry, det er så enkelt, og så godt!

Det er faktisk ekte snøggmat, du lagar ein full middag med grønsaker og proteinar, medan risen kokar. Løyndomen er nokre få ingrediensar som du må ha i kjøleskapet. Det er karripasta (curry paste), sitronsaft, kvitløk og ingefær. Ingefær kjøper eg ofte ferdig mosa i glas, det gjer at terskelen for å bruke den vert mykje lågare.

I tillegg må du ha ein ingrediens i matskapet, enten på boks eller kartong, og det er kokosmjølk. Har du desse fem tinga kan du lage ein curry nesten uansett kva du har av råvarer. Bønner, linser, kylling, fisk, alle grønsaker, muligens med unntak av agurk og salat, går i ein curry.

Ein får veldig mykje curry i det indiske kjøkkenet, men det er ein curry som vert laga med tørre krydder. Då varmar du opp krydderet, knuser det, og tilbereier råvarene i den blandinga. I austasiatisk curry brukar ein ferske krydder, og ein kan bruke langt fleire enn dei eg ramsar opp. Sitrongras er mykje brukt, ingefær kan byttast ut med galangal, og i klassisk curry er det raust med chili, limesaft, palmesukker og fersk koriander. Koriander gir den heilt autentiske smaken, men mange slit med den, så den krev litt tilvenning. Sitronsaft og limesaft erstattar kvarandre, og har du ikkje palmesukker kan du bruke litt honning, viss gryta treng avrunding til slutt, fordi den er for skarp.

Karripasta kjem i raud og grøn utgave. Den grøne vert mykje brukt i lyse gryter og supper, og har meir grøn chili i seg. Raud karripasta har varmare smak, og har meir raud chili i seg, naturleg nok. Her har eg brukt den raude.

Fordelen med å bruke ein karripasta er at då får du den autentiske smaken utan å måtte handle inn ei lang liste med ingrediensar. Dette skal vere ein kvardagsmiddag, og då vil eg gjerne sleppe å gå innom butikken for å handle ting eg manglar. Det må gå fort!

I dag gjorde eg noko som tok litt tid, eg laga kjøttbollar som eg krydra godt for å ha i curryen. Har du det verkeleg travelt, så velg strimla kylling eller svinefilet, det treng veldig kort steiketid. Alternativt kan du bruke ferdige kjøttbollar, men det må du ikkje seie at eg har sagt.

Lagar du dette som søndagsmiddag er det fint å lage ein stor porsjon, så har ein restar i kjøleskapet til dei som skal til fotballtrening mandag klokka fem, eller som nokon kan få med seg til lunsj.

IMG_7641-kopiAustasiatiske kjøttbollar

400 g kjøttdeig av storfe, kylling eller svin

1 ts salt

1/4 ts peppar

Eit egg

1 ss potetmjøl

2 ss finhakka koriander

1 ts riven kvitløk

Chili viss du vil

Ha kjøttdeigen i ein bolle. Rør kjøttdeigen seig med salt og peppar. Knekk i eit egg, og rør blandinga smidig. Rør i potetmjølet til slutt, og bland det godt inn. Vend inn kryddera til slutt.

Varm opp smør eller olje i ei vid steikepanne. Ha ei skål kaldt vatn klar. Dypp teskeia i bollen, og fukt handflata på den handa du ikkje held skeia. Ta opp ei teskei med farse, og form den til ei rund kule. Lag dei mindre enn du syns er naturleg, dei «hevar» seg litt når du steiker dei, og vert større enn du trur.

Legg alle på eit brett og la dei kvile litt. Steik dei til dei får fin farge. Dei treng ikkje vere gjennomsteikte. Ta kjøttbollane ut, og kok ut steikepanna. Ta vare på avkoket i steikepanna.

Du kan også legge dei på bakepapir på eit steikebrett, og steike dei i varmluft i steikeomnen i 15-20 minutt.

IMG_7637-kopiCurry med kjøttbollar

1-2 fedd riven kvitløk

2 ts riven ingefær

Ein stor purre

Ei stor persillerot

Ein halv squash

To paprika

1 ss raud karripasta

Ein boks kokosmjølk

Avkoket frå kjøttbollepanna

1 ss soyasaus

Sitronsaft

Honning

Koriander viss du har og likar

Ein porsjon (ca. 450 g) steikte kjøttbollar

IMG_7649-kopiDel purren i to øverst på langs, og skyll ut jord og sand som legg seg mellom blada. Kutt den i passe store bitar. Rens squash, persillerot og paprika, og kutt i passe store bitar.

Varm opp oljen i ein wok eller ei vid gryte, og ha i kvitløk og ingefær. Ha i karripastaen, og la det frese til det er smidig. Ha i grønsakene, og la dei frese til dei har fått god farge av karripastaen og steikinga. Slå på ein boks (ca. 400 ml) kokosmjølk, avkoket frå kjøttbollepanna og soyasaus. La det koke litt, og smak til sausen med sitronsaft og eventuelt litt honning, viss smaken er for syrleg eller skarp.

Ha i kjøttbollane (og for all del safta som har samla seg i skåla dei låg i), og la det heile koke til grønsakene er møre, og kjøttbollane er gjennomkokte.

Server curryen med raust med hakka koriander over, og kokt sjasminris.

2 Comments

  1. Mokkimokki says

    Jeg tror jammen du leste tankene mine med denne, for jeg har en pakke kyllingkjøttdeig, squash, en boks kokosmelk og et glass rød curry paste jeg lurte på hva jeg skulle bruke til!

Leave a Reply