Billig mat, Livet
Comments 2

Om å kjøpe inn

Dei som kjenner meg privat veit at eg lever av å shoppe. Eg jobbar altså med innkjøp for ein statleg etat. Det er eigentleg ein logisk konsekvens av at eg alltid har vore glad i å shoppe, og at eg har ein fagleg bakgrunn (juss) som gjer at eg kan det som skal til av regelverk og rettspraksis.

Men eg kjøper ikkje berre inn på jobb, eg brukar dei same teknikkane (i moderert form, naturleg nok) når eg kjøper inn privat. Det er nokre grunnprinsipp som det kan vere nyttig å få med seg, for at ein skal kunne gjere gode innkjøp.

Kjenn marknaden du kjøper inn i

Prisar, vilkår og kvalitet varierer frå marknad til marknad. Kva er så ein marknad? Ein kan hevde at alle matvarebutikkar i ditt nabolag er ein marknad. Samstundes er det viktig å vite at ein ikkje treng å flytte seg så langt for å gjere ein betre handel.  Daglegvareforretningane baserer seg på at du ikkje gidd å sjekke prisar og kvalitetar andre stader. Å orientere seg blant tilbydarane utanfor din «nærmarknad» er kjempeviktig for å kunne kjøpe inn gode varer til låg pris.

Innvandrarbutikkar er eit døme på nærmarknader som ein bør kjenne. Du kan også gå ut frå at dess mindre fancy lokala og plasseringa av butikken er, dess billigare er varene. Eg sparer MASSE pengar på å handle grønsaker og eksotiske varer på Grønland ein gong i veka. Vår nærbutikk har av og til doble prisar på varer av same kvalitet, til dømes salat, cherrytomatar og soyasaus.

Vit kva ei vare SKAL koste

IMG_0932


Dessverre må ein berre gå ut frå at butikkane har som mål å lure deg til å kjøpe noko dyrare enn det du vil kjøpe. Deira overordna mål er jo at du skal bruke så mykje pengar som mogeleg hos dei. Det oppnår dei til dømes ved å forvirre oss når det gjeld kva ei vare eigentleg skal koste. Det gjer dei på dei underlegaste måtar. Ein måte å gjere det på er juksetilbod.

Her ein dag kom eg på min faste butikk, og såg at issalaten var merka med gult, altså skulle den vere på tilbod. Den kosta 25,90. Det veit eg er ein svært høg pris, så eg stussa litt på den tilbodslappen. I går var eg innom der igjen, då kosta den 16,90, utan tilbodslapp. Då veit eg iallfall kva den skal koste.

Det er altså slett ikkje sikkert at det som er tilbodsmerka er den billegaste vara av det slaget. Eg kjøper ein bestemt type toalettpapir. Den finst i 18-rullarspakning og i 8-rullarspakning. Prisen per meter er det dobbelte for den med 8 rullar. Den med 8 rullar har ofte gul lapp, og er på juksetilbod. Den er likevel berre to kroner billegare per pakke, og 18-rullspakken, som dei har gøymt godt bort, er likevel rimelegast.

Ein annan måte å forvirre kundane er generell jukseprising. Eg skulle kjøpe søt chilisaus, og hadde det travelt, så eg rakk ikkje å dra til min faste mann på Grønland. På storbutikken der eg var hadde dei ei flaske med 2,5 dl saus til 22,90. Eg syntest det var litt dyrt, fordi eg huska at tyrkaren eg handlar hos selde slike flasker på ein liter til same pris. Så kikka eg meg litt rundt. På nederste hylle sto ei flaske med søt chilisaus, same kvalitet, same merke, til 21,90. Den inneheldt 7,5 dl, altså tre gongar så mykje. At mindre pakningar kostar litt meir per kilo er naturleg, men så ekstremt? Jukseprising, som eg avslørte, fordi eg visste kva den eigentleg skulle koste.

Eit anna døme er leverpostei, den firkanta boksen er på tilbod, den ovale er tolv kroner dyrare, sjølv om det er same produsent, og sikkert same leverposteien. Tek du feil vert du lurt. Medisterpølser laga på same fabrikk og med nesten lik innpakning har ulik pris. Den eine kostar 39,90, den andre kostar 14. For å auke forvirringa og å sikre at du gjer feil er prisane tekne bort på den dyraste, eller prisplakaten er plassert slik at du trur den gjeld den tredje medisteren.

Tilbod blir gøymt bort og erstatta med liknande varer

Eit anna triks butikkane tyr til er at dei har store tilbodsaviser som skal få deg til å få lyst til å kome til butikken. Der presenterer dei svært gode tilbod, som til dømes Rugsprø til ti kroner per pakke. Det er jo kjempebillig, og folk fer mann og kvinne av huse.

Når du så kjem i butikken så huskar du kanskje ikkje Rugsprø, men du huskar mørkt, tynnt knekkebrød. Det veit butikken. Difor stiller dei opp ein pall på enden av ei hylle der det står Finncrisp, det som liknar aller mest på Rugsprø. Der står det ingen pris, eller kanskje står det ein bitteliten lapp nederst til høgre. Den ser ikkje du, tenker mørkt, tynt knekkebrød, og plukkar tre-fire pakkar opp i vogna di. Finncrisp er ikkje på tilbod, den er derimot på fullpris til 18,90. Rugsprøen står innerst til venstre, slik at du ikkje skal finne den.

Kryssubsidiering

Barna mine var ikkje fylt 12 før dei lærte kva kryssubsidiering er. Når ein butikk kryssubsidierer sel dei ein ting billig, og ein annan ting dyrt. Dei to tinga kan passe saman, som pølser og lomper, eller dei kan vere utbyttbare, som fruktmusli og blåbærmusli. Er pølsene billige er lompene dyre. Er fruktmuslien billig står den bortgøymt, og blåbærmuslien står langs midtgangen i butikken på ein pall. Den som ikkje følgjer med får svi. (Og du veit kvifor fruktmuslien er billig? Fordi den er på VG si liste over produkt som vert prissamanlikna kvar månad.)

Kryssubsidiering er på ein måte eit veddemål. Butikken veddar på at du ikkje finn det dei har subsidiert, eller at du kjem til butikken likevel, sjølv om dei er utselt. Du kan vedde i mot viss du orkar.

Ting er billig to veker før du treng dei

Det er no pinnekjøt, svineribbe og risgraut er billig. Om to veker er prisane skrudd opp. Eg var på min faste butikk i går, og fann flott kjøtfullt pinnekjøt til 169,- per kg. Framimot jul finn du seige, tørre strantar til 229,-. Medisterdeigen kosta 39,90 i går. Gjett om eg kjøpte ein stor pakke, og la i frysaren. På veslejulaftan kostar medisterfarse 89,- per kilo.

Bruk frysaren, sjekk datoar og pass på. Det kan vert dyrt og å kjøpe inn slik eg beskriv viss du gløymer at du har medisterdeig i frysaren, og kjøper ny. Planlegging er trikset her, med lister og notat over kva du har kjøpt og kva du ikkje har kjøpt. Følgjer du med på kva som er i butikkane og kva det kostar sparer du pengar.

Sjekk kassalappen

Når du har betalt, så bruk eit minutt (FØR du har gått frå butikken) og sjekk at prisane som er slått inn er korrekte. Du vil bli overraska over kor ofte prisen på hylla, i tilbodsavisa og i kassasystemet ikkje stemmer overeins. Har du teke den julepølsa som var til dobbel pris og ikkje den som var på tilbod fordi du ikkje såg skilnad på dei, så sei frå, og du får pengane tilbake.

Eg handlar av og til varer til halv pris der best før-datoen er  i morgon, det får dei rett som det er ikkje med seg, dei berre dreg vara forbi scannaren på autopilot. Pass på at du har fått dei rabattane du har krav på. Eg veit at mange syns det er ubehageleg å seie frå, og butikkane tener mykje pengar på at folk kvir seg for «å lage bråk» i kassa. Men bør ein ikkje lage litt bråk (på ein høfleg måte) når ein blir lurt trill rundt?

Og så må eg ta nokre atterhald. Er arbeidstida di meir verd enn det du sparer på strukturerte innkjøp så treng du ikkje å ta omsyn til dette. Er du åleine, og et lite, så har dette kanskje ikkje så stor innverknad for deg. Må du ha spesialkost så må du det, då har du kanskje ikkje så mykje å hente på tilbodsjakt. Syns du det er ei pine å gå i butikkar, så gå for all del ein stad, finn alt og stikk avgarde for å gjere meir fornuftige ting.

Men for alle oss andre så er det mykje å spare på å kjøpe inn meir strukturert, og å sjekke prisar og å ha augene med oss.

This entry was posted in: Billig mat, Livet
Tagged with: ,

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Idun Stokka says

    Det er klart at butikkane vil tena pengar, og at du som kunde helst vil ha pengane dine til å vare litt lenger. Eg ser alltid på kilopris når eg samanliknar varer sjølv. Når det er sagt, tykkjer eg det er viktig å ta vare på dei små butikkane i nærområdet. Dersom ein alltid handlar der det er billigast, kan dei fort forsvinna.

    • Ja, det er sant. Ein kan ikkje alltid handle taktisk. Men når butikken har same vare til ulik pris er det vel verd å sjekke volum og vekt. 🙂

Leave a Reply