Billig mat, Coronamat, Mat, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Coronamat – ein god vinaigrette

Når eg står og lagar mat så har eg lært meg nokre triks for at det skal gå raskt og effektivt. Eit av dei er å «preppe», altså gjere enkeltelementa i maten klare, enten ved å rense og kutte opp, eller ved å lage enkeltting heilt ferdig på førehand.

Ein slik ting som det lønner seg å ha laga ferdig på førehand er ein god vinaigrette. Eg brukar å lage ein halvliter i slengen, gjerne to ulike variantar, og så fyller eg dei på desse smarte flaskene. Dei har eg kjøpt på Culina, men sist eg var på IKEA såg eg dei i topakning der. Du kan også bruke andre typer flasker, viss du har. Pass på å merke godt, det kan by på skuffelse viss du har fylt vinaigrette i ketsjupflaska.

99F3B613-80EF-4C70-A377-7A6F00F3BBE9

Då går det veldig kjapt å gi salatane mine eit skikkeleg smaksløft. Når eg lagar ein salat med ulike typar gryn, blir vinaigretten spesielt viktig. Gryn og belgfrukter tek lett til seg smak, og då må ein supplere med noko som verkeleg gir smak.

Basen i ein vinaigrette er olje og eddik. Ein kan kome langt med det, men eg likar å ha i noko søtt og noko sterkt, som t.d. honning og sennep. Salt og peppar må også alltid med. Viss du har i honning og/eller sennep kan vinaigretten relativt lett bli emulgert, viss du brukar ein stavmiksar. Då blir den tjukk og fin i konsistensen. Viss den ikkje emulgerer må du riste den saman kvar gong du tek fram flaska. Vil du at vinaigretten skal emulgere utan sennep og honning, så kan du jukse med litt eggekvite eller ei skei vanleg majones.

Eddikar finst det uendeleg mange variantar av. Dei vanlegaste er kvitvinseddik, raudvinseddik og eplesidereddik. Alle tre passar perfekt til vinaigrette. Sjekk kva du har i skap og hyller, ofte står det ei flaske eddik der og gøymer seg. Dei har tilnærma ubegrensa levetid, så ikkje tenk på utløpsdatoar. Finn du andre sortar, så kjøp dei, og prøv deg fram. Du kan også lage eddikar sjølv, eg lagar ofte bringebæreddik og plommeeddik når sesongen er der. Dessutan kjøper eg alltid eddikar når eg er i Tyskland. Der har dei eit genialt konsept med store flakongar på veggen med eddikar av ulik karakter som du kan tappe frå, over i ei flaske du enten kjøper der, eller har med deg. Så betalar du pr desiliter du får med deg. Supersmart!

Sennepen kan du også variere, både pølsesennep, søt sennep og den skarpe franske går fint, alt etter kva smak du vil ha. Brukar du grov sennep, så pass på at flasketuten er vid nok, og så bør du røre den i til slutt, så du beheld konsistensen frå frøa. Sist eg sjekka hadde eg frykteleg mange sennepsvariantar i kjøleskapet, og slik er det kanskje med deg og?

Har du urter kan dei finhakkast og blandast i. Køyrer du vinaigretten glatt etter at du har hatt urtene i, blir den vakkert grøn. Då slepp du også urtefløs som tettar flaska, eller filteret i oppvaskmaskinen. Du kan også bruke eit godt urtesalt om du har.

_MG_3161

Klassisk vinaigrette

3 dl god olivenolje

1,5 dl kvitvinseddik

½ ts sennep

½ ts honning

salt og peppar

Bland saman alt til dressingen i eit smalt beger, og køyr dressingen saman med ein stavmiksar. Smak til om det trengst meir søtt, salt eller sterkt.

Denne nøttevinaigretten brukte eg i ein lekker squashsalat. Får du mykje squash i sommar, eller du finn squash på tilbod, så bør du prøve å lage den. Finn du ikkje mynte, kan du bruke andre urter. Har du ikkje ein søt eddik, så bruk ein vanleg eddik, og suppler med honning.  Dressingen kan også brukast t.d. i ein salat med grønnkål eller med finsnitta raudkål.

Vinaigrette med eple, valnøtter og fikeneddik

3 dl olivenolje

1 dl fikeneddik eller ein annan søt eddik

0,5 dl nøytral eddik

1 ts salt

2 krm peppar

4 ss hakka valnøtter

Eit  skrelt grønt eple, kutta i små terningar

Bland saman olje, eddik, salt og peppar, og køyr det glatt med ein stavmiksar. Rør inn fin hakka eple og nøtter, og smak til.

Har du latt deg inspirere til å lage saltsylta sitronar, og har eit glas ståande framleis, då bør du definitivt lage denne vinaigretten. I den spelar sitronane ei viktig rolle, og den smakar aldeles himmelsk.

Vinaigrette med saltsylta sitronar

IMG_1399To båtar saltsylta sitronar

2 dl olivenolje

1 dl sherryeddik

½ ts urtesalt

1 ts honning

Ha alt i ein bolle, og køyr det glatt med stavmiksar.

 

1 Comment

  1. Pingback: Coronamat – hirsesalat med bacon | Alt godt

Leave a Reply