Kjøtt, Mat, salat, Vegansk, Veggis
Kommenter innlegget

Coronamat – hirsesalat med bacon


Jepp, eg fann ein ny type gryn i skapet mitt. I dag var det hirse! Eg trur den er kjøpt i Tyskland, for på emballasjen sto det Goldhirse. Som eg tidlegare har sagt, eg har ein tendens til å ta med meg mat som suvenirar når eg reiser. Så denne er nok kjøpt i fjor sommar i Tyskland.

Pakken var uopna, og hadde god dato, så det er null stress med tanke på harskning og slikt. Denne typen gryn kan jo fort harskne viss pakken vert opna, og så vert den ståande der med fri lufting. Harskning er ein kjemisk reaksjon mellom feittet i gryna og oksygen i lufta, dette er det sikkert nokon som kan forklare nøyare enn meg. Men uansett: Luktar det funky av gryna dine, så kast dei, ingenting å lure på.

Hirsen har ein nøtteaktig, god smak, og ein annan fordel med den er at den er glutenfri. Så finn du hirse, så kjøp det, det er verd å prøve. Har du ikkje tysk goldhirse i skapet, og det gjeld vel dei fleste, vil eg tru, så kan du lage denne salaten med bulgur eller couscous. Du kan også bruke quinoa, eg blanda litt quinoa saman med hirsen, berre for å få litt variasjon i smaken, og i fargen. Når du først er i gang, så kan du godt koke litt ekstra gryn, så har du til ein rett ein annan dag. Ferdig dampa hirse kan t.d. brukast som tilbehør til kjøt eller fisk.

Saman med hirsen hadde eg litt agurk, stangselleri, purre, eit halvt eple og tomatar og mozarella. På toppen dryssa eg solsikkefrø. Det kan sjå ut som lite av kvar ingrediens, men dette vart altså ein raus lunsj til fire når det heile var ferdig. Kunsten er å ha ingrediensar som bidreg med mykje smak (bacon og vinaigrette) og ingrediensar som bidreg med konsistens og munnkjensle (stangselleri, elpe og frø).

Manglar du eple kan du ta pære viss du har det, målet var å finne noko søtt for å balansere smaken. Solsikkefrøa kan byttast ut med graskarfrø eller hakka nøtter, om du likar det. Bacon kan byttast ut med røykt fisk, med hamburgerrygg i strimlar eller med finstrimla biffkjøt. Har du ikkje mozarella kan du bruke fetaost eller halloumi i terningar som du steiker først. Du kan også bruke ein vanleg ost i terningar. Oppskrift på vinaigrette finn du her.

DBFC3DD0-5683-4875-B488-15E010887192

Hirsesalat med bacon

300 g bacon i terningar

2 dl hirse, couscous eller bulgur

1 buljongterning

5 dl vatn

3 ss quinoa viss du har

1/2 grønt eple

10 cm purre

20 cm agurk

1 stor selleristilk (Altså ein pinne, ikkje ein heil stangselleri.)

4-5 tomatar

2 ballar mozarella (evnt. 100 g feta eller halloumi)

2 ss solsikkefrø, gjerne rista

1 dl vinaigrette

Ha baconet i ei steikepanne, og sett den på middels høg varme. Steik baconet til det er sprøtt og gyllent.

Kok opp vatnet med ein buljongterning, og ha i hirsen eller det du har av gryn. La det dampe i ca. 20 minutt. Brukar du quinoa, så la det dampe med dei siste ti minutta.

Kutt eple, stangselleri, agurk og purre i terningar. Skjer tomatane i båtar, og kutt osten i terningar.

Hell gryna i ein vid bolle. Rør lett i det. slik at temperaturen går litt ned og gryna løsnar frå kvarandre. Vend inn grønsakene saman med 2-3 ss av vinaigretten. Fordel det heile på eit vidt fat, og dryss på mozarella, bacon og solsikkefrø. Legg tomatbåtane oppå, og server med ekstra dressing og evnt litt brød ved sidan av viss nokon er veldig svoltne. Har du veganarar eller vegetarianarar rundt bordet, så server bacon og ost ved sidan av.

DC37929F-3FD5-4C3A-BE47-B0A3B2C58C20

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s