Billig mat, Coronamat, Grønt, Mat, Middag, Supper, Veggis
Leave a Comment

Paprikasuppe

Neida, vi er ikkje ferdige enno, men dette er den siste oppskrifta med dei berømmelege oransje paprikaene. Det siste eg hadde igjen brukte eg i ei suppe. Og kjære vene, den vart god!

9820305E-06EF-4261-9212-4D967D0D332FDet fine med å lage suppe med bakte grønsaker er at når du køyrer suppa glatt med stavmiksar, så vert suppa jamna heilt av seg sjølv. Du treng ikkje tjukne den på noko vis, den vert fløyelsmjuk og fyldig av seg sjølv. Eg har laga saus på den måten og, når eg har langtidssteikt kjøt, så lar eg kjøtet ligge på ein haug med grønsaker, og når kjøtet er ferdig, og grønsakene er møre, heller eg grønsaker og sjy i ei gryte, og køyrer det glatt til saus. Så enkelt, og så godt.

Og den same teknikken brukte eg med denne suppa. Dette er ein fin lunsjrett, og viss du serverer den med godt brød til så vert alle mette og fornøgde. Den passar også godt på ein buffé, då kan du servere den i små glas, og toppe med mandlar. Og kanskje med ein grissini-pinne ved sidan av?

Eg hadde også litt bønner oppi, eg hadde bønner att etter at eg laga ein god salat dagen før. I staden for dei bønnene kan du bruke linser, eller du kan t.d. heller drysse på litt riven ost, eller fetaost i terningar. Eg hadde nokre rista mandlar som eg hakka og dryssa over, det ga ein herleg krønsj, og ein ekstra smak.  Har du ikkje mandlar, kan du bruke peanøtter, kashewnøtter eller rista solsikkefrø.

Det står ei skei ketchup i oppskrifta. Det ser litt corny ut, men eg brukte det, og det ga ein veldig fin sursøt smak. Grunnen var at eg hadde ei ketchupflaske som var nesten tom, og så tok eg litt av vatnet i flaska, og skylte ut det siste, som fekk vere med i suppa. Ein må bruke opp alt, syns du ikkje?

Paprikasuppe med bønner

1 stor gul løk

1-2 ss smør

1 ts tørka timian

1 liter vatn

1 dl kremfløte (kan sløyfast)

2 buljongterningar

1/2 kg grilla paprika, ta med det som måtte ha danna seg av kraft

1 ss ketchup

Peppar, salt og litt honning

2 dl kokte bønner

Ein neve hakka, rista mandlar

Rens og kutt løken i strimlar. Smelt smøret i ei gryte på middels varme. Ha i løken og timian, og la løken surre til den er mjuk og gyllen. Slå på  vatnet, fløte og evnt ketchup. Ha i buljongterningane, og så har du i paprikafiletane. La det koke opp, og trekke nokre minutt før du køyrer suppa glatt med stavmiksar. Smak til med peppar, salt og honning om det trengst, før du har i bønnene.

Server suppa med godt brød, og eit dryss av hakka mandlar, nøtter eller frø.

3679B088-5E90-4236-9511-7F0BAD6409AE

Leave a Reply