Coronamat, Fisk, Mat, Middag, Pai
Kommenter innlegget

Pai med varmrøykt laks og asparges


Når du som meg har for mykje egg i hus, så er det å lage ein saftig og god pai den beste måten å få brukt dei opp på. Denne paien er perfekt å servere til lunsj, eller til ein fancy laurdagskveldsmat.

Mange syns det med paiskal er litt skummelt, og vegrar seg for å prøve. Etter at eg lærte å lage det i kjøkkenmaskin eller matmølle, så har vegringa mi blitt borte. Du køyrer mjøl og smør til ein grynete masse, og når du så har i vatn (og i nokre oppskrifter, særleg dei søte, skal du også ha egg) så klumplar deigen seg enkelt rundt kniven. Ikkje la matmølla køyre for lenge. Vi vil ikkje at deigen skal bli seig, altså at glutenbindingane i mjølet byrjar å jobbe. Paibotnen skal vere sprø og lett. Skulle botnen sprekke når du legg den over i forma, så kan du berre lappe den med deig som har blitt til overs.

55E33FE2-910B-4073-8738-D2EC6DBEBD52Eg har alltid brukt å forsteike paideigen, men sist eg laga pai droppa det, og det gjekk veldig bra. Eg auka steiketida litt, og det fungerte veldig fint. Når du gjer det bør du steike paien nederst i omnen.

Grønsakene i ein pai som denne kan varierast med kva du har i hus. Paprika, ulike typar løk, spinat eller ferske eller frosne erter og bønner kan til dømes brukast. Dette kan vere ein fin måte å bruke opp restar på.

Fisken kan også byttast ut med skinke, steikt kjøttdeig eller kylling. Alt av kjøt som du vil bruke i ein pai bør vere varmebehandla før du puttar det i paien.

Pai med varmrøykt laks og asparges (4 personar)

Paiskal:

100 g smør, kaldt og i terningar

200 g kveitemjøl

3 ss kaldt vatn

Fyll:

Ein gul løk

200 g sjampinjong

Ein liten purre

Smør til steiking

10 asparges

200 g røykt laks

150 g riven/smuldra ost

4 egg

½ dl matfløte

1 ts salt

Ei klype peppar

Sett steikeomnen på 200 grader.

Ha mjøl og smør i ei matmølle, og køyr det til det er ein grynete masse. Ha i vatn, og la mølla gå til deigen samlar seg om kniven som ein ball. Pakk deigen inn i plast, og legg den på kjøl ein halvtime. Dette kan du også gjere kvelden før.

Rens og kutt opp løk, sopp og purre. Varm opp smøret i ei steikepanne, og steik desse grønsakene mjuke og gylne.

Knekk aspargesane nederst, og snitt dei i ca. 2-3 cm lange bitar. Smuldre laksen i passe store bitar, og sett til side.

Knekk egga i ein bolle, og ha i fløte og krydder. Pisk det godt saman.

Kjevle ut deigen, og legg den over forma. Dytt den nedi forma, og så rullar du kjevlet over forma, slik at du kuttar kantane på deigen.

Fordel grønsakene, både dei som er steikte og aspargesen, i paiskalet. Ha ost og laks oppå, og hell på eggemassen. Bak paien i omnen på 200 grader i ca. 30 minutt.

Server paien med ein god salat.

1B9161F9-74CD-4C6E-92B3-9280EC442FF6

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s