Dessert, Fest, Kaker, Mat, midt-østen, Noko søtt, Pai, salat, Sausar og dippar, Tilbehør, Vegansk, Veggis
Kommenter innlegget

17. mai-buffé


Det blir ein annleis 17. mai, men den kan bli like fin, berre på ein annan måte.

Kanskje blir det mindre stress, kanskje slepp vi å stå så tidleg opp, og vi kan ta vare på kvarandre og samlast for å feire nasjonaldagen likevel.

Unngå buffé, står det i alle smitteråd. Når ein skal servere 17. maimat er det vanskeleg å unngå buffé, iallfall viss ein skal ha litt forskjellig å smake på, og og alle skal finne noko dei likar. Utgangspunktet må vere at viss du er sjuk, snufsar, hostar og ikkje er allergisk, så kan du ikkje vere med på festen. Det er synd, men slik er det. Å møtast og spise saman så lenge ein held ein meters avstand når alle er friske og har nyvaska hender er uproblematisk.

Viss du vil vere ekstra forsiktig, og har mykje servise, kan du porsjonere ut maten. Legg hummus med grilla grønsaker og litt spekemat på tallerknar som folk kan forsyne seg med. Bak 17. maikaka som muffins, slik eg har gjort. Det blir hendige porsjonskaker, som ein kan forsyne seg av utan å smitte andre.

Vil du servere ein dessert, så kan du lage den til i porsjonsglas. Då reduserer du smitterisikoen, ved at folk ikkje brukar same reiskap. Eg brukar ofte dei små lysehaldarane frå IKEA, du ser til dømes korleis eg har brukt dei til porsjonsdessertar her. Slike glas kan ein også servere andre rettar i, som til dømes ein liten salat. Ein annan måte å servere porsjonar på er å bruke dei faste muffinsformene. Eller kva med gamle sandkakeformer, viss du har slike i skapet?  Så lenge ein ikkje er for mange, held avstand, har reine hender og ikkje hostar og nys over matbordet så er det låg risiko for smitte viss folk forsyner seg av fat og.

Eg set nokre klassikarar og nokre nyvinningar på menyen. Mykje av det eg lagar kan førebuast i god tid, og berre blandast rett før servering. Å planlegge er nøkkelen til ein vellukka fest, gjer på førehand det du kan gjere på førehand. Nokre ting bør gjerast same dagen, som til dømes å bake muffinsa, lage melonsalaten og å steike ostepaien. Tomatane til melonsalaten kan stå i omnen både saman med muffins og ostepai, då utnyttar du energien og tida betre.

Å dekke på, sette ut bestikk, glas og serveringsskåler og fat er også veldig greit å ha gjort dagen før, då blir det mindre stress på sjølve dagen. Skal du ha gjestar, går det an å spørje dei fint om dei kan ta med nokre blomar til bordet. Den kalde maimånaden vi har hatt gjer at eg har iallfall lite blomar å ta inn frå hagen. Suppler gjerne med ein frisk salat, litt eggerøre og kanskje nokre pølser til barna.

Ha ein strålande 17. mai!

IMG_1472

Løkpaien har sødme frå den karamelliserte løken, og salt frå osten. Ein perfekt kombinasjon!


Ostepai med karamellisert løk

200 g kveitemjøl

100 g smør, kjøleskapskaldt

1 ts salt

1-2 ss kaldt vatn

Fyll til paien

300 g smakssterk ost, eg brukte Västerbottenost

4 egg

3 dl mjølk

½ ts salt

½ ts nymalt svart peppar

Tre raudløkar

1 dl tørr kvitvin (kan byttast ut med eplejuice)

Ha mjøl og salt i ei matmølle. Kutt smøret i terningar, og legg dei oppå mjølet. Køyr dette til ein grynete masse. Ha i vatn, og køyr matmølla litt til, slik at det samlar seg om kniven. Pakk deigen inn i plast, og legg den i kjøleskapet. Eg brukar å forme den som ein flat klump før eg legg deigen på kjøl, då går det fortare å gå i gang med kjevlinga.

Sett steikeomnen på 200 grader.

Kjevle paiskalet tynt ut til ein sirkel. Dytt det ned i ei form, mi hadde 24 cm diameter. Rull kjevlet over forma, slik at du kuttar deigen på toppen. Viss du vil kan du forsteike paiskalet litt, i så fall bør du dytte paideigen litt opp over kanten med ein mjuk finger. Skalet krympar litt når det vert forsteikt. Prikk botnen lett, og steik berre skalet i 10 minutt. Du kan godt legge nokre erter eller heilt reine steinar i botnen på paiskalet, så det ikkje bles seg opp.

Skrell løkane, og del kvar løk i seks båtar. Prøv å få til at dei heng saman i rotfestet. Steik dei i smør på middels varme til dei er gylne og fine. Slå på litt kvitvin eller eplejuice, og la det koke inn. Sett til side. (Vask for all del ikkje steikepanna!)

Riv osten og legg den i paiskalet. Visp saman egg, mjølk, salt og peppar, og hell det over osten. Legg løken utover paien. Steik paien i 30 minutt på 200 grader på nederste rille i omnen. Har du ikkje forsteikt skalet, så bruk ekstra undervarme viss du har.

IMG_1474

Aspargesen er i sesong no, sjå om du finn dei norske i butikken.


Asparges i spekeskinke

1-2 buntar asparges

150 g skinke, gjerne i lange, tynne skiver

Knekk aspargesane der dei gir etter nederst på stilken. Ha litt ekstra smør i steikepanna som løken var i, og steik aspargesane i panna på middels varme medan du snur dei rundt til dei er møre, 4-5 minutt. La dei kolne litt. Hold av nokre asparges viss du skal lage hummus og servere dei til. I så fall kan du også steike paprikastrimlar i den same panna.

Legg kvar asparges på ei skinkeskive, og surr skinka rundt aspargesen. Legg aspargesane på eit fat, og hell steikegugga frå steikepanna over dei. Det ser ikkje så pent ut, men det løftar smaken.

5964C1C7-0E55-45CE-85DA-1A562D0817B2_1_201_a

Melonsalaten balanserer perfekt søtt, salt og syrleg, med litt sprøtt på toppen.

Melonsalat med feta og bakt tomat

Ein liten vassmelon

250 g små tomatar av ulik farge

150 g fetaost eller chevre

2 ss olivenolje

Salt og peppar

50 g nøtter, eg brukte peanøtter

Kutt ei side av melonen. Eg opna den på langsida, for å få mest mogeleg plass til salat. Skjer med ein skarp kniv nedi melonen slik at du får ut fruktkjøtet i terningar.

Legg tomatane i ei eldfast skål, og ringle over olivenolje. Dryss på salt og peppar, og bak dei på 200 grader i 30 minutt.

Kutt osten i terningar. Vend saman melonterningar, ost og dei bakte tomatane i ei skål, og lirk det over i melonskåla. Dryss på litt salt og peppar, og ringle over litt ekstra olivenolje. Hell gjerne også det søet som er att i forma du bakte tomatane i over salaten.

Du kan også fordele denne salaten i porsjonsskåler. Dryss på hakka peanøtter til slutt, husk berre å sjekke om nokon av gjestane er allergiske.

IMG_1478

Hummus med steikte grønsaker er ei smaksbombe!

Hummus med steikte/grilla grønsaker

400 g kokte kikerter

1 dl tahini

3 ss sitronsaft

1 ts salt

1 ts spisskummen, malt

½ ts koriander, malt

Ei klype røykt paprika viss du har

1 ts honning

1 dl olivenolje

2-3 ts sesamfrø

Ha alt i matmølla, og køyr det glatt. Spe med litt vatn til den er passe tjukk. Legg den opp på eit fat eller i porsjonsskåler, og ringle over litt olivenolje. Dryss på sesamfrø om du har. Server med steikt asparges og paprika.

5669AF17-9422-4CB9-9164-F515023E124A_1_201_a

Bagett med skagenrøre er knallgodt, og ein fin måte å få med sjømat på bordet på.

Bagett med skagenrøre

Skiver av bagett eller annan loff

Dill og salat til pynt

Skagenrøre

1 dl majones

2 ss finklipt fersk dill

2 ts sitronsaft

1 ts riven pepparrot, gjerne frå tube

50 g raud lodderogn/løyrom (Hold av litt til pynt)

200 g krepsehalar, avrent

Salt og peppar

Ha majonesen i ei romsleg skål, og vend inn dill, sitronsaft, pepparrot og lodderogn. Rør i krepsehalane. Får du ikkje tak i krepsehalar, kan du bruke rensa reker i staden. Smak til med salt og peppar. Legg salatblad på loffskivene, og legg skagenrøra opppå. Pynt med litt lodderogn og dill.

CDF38FA8-FFB3-4C63-9BBA-089D845F5591

Saftige rabarbramuffis som du enkelt kan lage glutenfrie. Server med vaniljeis eller krem.

Kokosmuffins med rabarbra

2 egg

100 g brunt strøsukker (kan byttast ut med vanleg sukker)

80 g smør

1 ts kardemomme

100 g mandelmjøl

100 g kveitemjøl

60 g kokosmasse

½ ts bakepulver

150 g rabarbrasyltetøy

Sett omnen på 175 grader

Visp egg og sukker til eggedosis. Smelt smøret. Rør smør og kardemomme inn i eggedosisen. Bland alt det tørre, og vend det inn i eggedosisen. Fordel røra i porsjonsformer, og lag ei lita dump i kvar muffins som du legg syltetøy i. Bak dei på 175 grader i 25 minutt. Server med piska krem eller vaniljeis. Desse kan enkelt lagast glutenfrie, med glutenfritt mjøl i staden for kveitemjøl.

IMG_1489

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s