Billig mat, Dessert, Mat, Noko søtt, Veggis
Leave a Comment

Haustdessert – eplekompott

Her i byen er det snille folk som plukkar epla sine, og så heng dei posar med eple over gjerdet, til dei som ikkje har epletre. Det er reint så ein får tilbake trua på det gode i oss menneske. Har du eple, så rens dei, og kok ein lekker eplekompott til dessert. Med litt kanel og piska krem på er det ei deilig avslutning på eit godt måltid.

Då eg vaks opp fekk vi rett som det var dessert. Det er ikkje så vanleg lenger, men det er eit lite lyspunkt i dagen å få ei lita, søt avslutning på måltidet. Vi hadde besøk av nokre franske jenter for eit par år sidan, og då den eine skulle dekke på bordet la ho på dessertskeier til lunsj. Eg vart overraska, og hadde ingen dessert på lur. Då skulle eg ha laga eplekompott, det går veldig fort, og er veldig enkelt.

Eplekompott

1 kg eple

1,5 dl vatn

2 dl sukker

Ei kanelstang

Kremfløte til servering

Skrell epla, del dei i to, og fjern kjernehuset. Kutt dei i terningar, og legg dei i vatn i ei gryte. Ha i sukker og kanelstang, og la det heile koke opp. La det stå på låg varme under lok i 8-10 minutt, til epla har kollapsa. Rør godt, og sett kompotten til side. La det stå nokre timar, så kompotten kolnar. Ta ut kanelstanga før servering.

Vil du ha denne kompotten litt tjukkare, så kan du jamne den med potetmjøl. Dra gryta med den ferdige kompotten til side, slik at den sluttar å koke. Rør ut 1 ss potetmjøl i 1/2 dl vatn. Rør dette inn i kompotten, og sett den tilbake på plata. Du kjenner når kompotten byrjar å tjukne igjen, då må du dra den av igjen. Den skal ikkje boblekoke etter at potetmjølet har kome i.

Pisk litt kremfløte stiv, og server oppå eplekompotten. Det er også godt å kutte eit eple i små terningar, og fordele over det heile. Dryss på litt ekstra kanel til slutt.

Leave a Reply