Billig mat, Brød, Gjærbakst, Mat
Comments 2

Ballbrød – grovbrød

Nybakt grovbrød

Akkurat no er det potetballtid. Potetene har vore lagra sidan i haust og har passe mykje tørrstoff, og vi treng noko som mettar utan å vere for feitt.

Når så ballen er kokt og fortært står du der med ei diger gryte med sø.  Dei fleste let det sikkert gå i vasken. Men ikkje heime der eg kjem frå, der bakar vi brød med det! Det vil seie, det var mor mi som kom opp med idéen. Det vert fantastisk gode brød, saftige, smakfulle og haldbare. Det er ikkje naudsynt å ha salt i brødet, for ballesøet er salt frå før. Skorpa på desse brøda vert sprø og fin, og smaken er nydeleg god. Dei smakar ikkje poteter eller ball, dei har berre ein veldig god brødsmak.

Eg bakar brøda i form, då er dei lettare å handtere, og å skjere opp. Om du får tre eller fire brød av denne oppskrifta avheng av kor store former du har. Mine er vel blant dei største som du får tak i, og då får eg tre brød. Du kan også bake desse i langpanne, då kan du lett få fire brød ved sidan av kvarandre, viss ikkje langpanna er altfor stor.

Desse brøda er veldig fine å fryse. Vi er berre to heime, så eg delar dei i to, og så tek vi opp eit halvt brød i slengen. Det tinar på benken over natta, så har vi godt brød til frukosten.

Slik gjer du det:

Nybakt grovbrød

Ballsø er heilt perfekt som bakevæske til grovbrød.

Mamma sine ballbrød

50 g gjær eller ein pakke tørrgjær

1,5 liter ballesø

200 g havregryn

2 dl linfrø

2 dl solsikkefrø

250 g grov, sammalt rug

500 g grov sammalt kveite

Ca. 1 kg kveitemjøl

Lunk søet, og løys opp gjæra i det. Ha det i bakebollen, og elt inn alt det grove mjølet først, og så har du i kveitemjøl til deigen er passe fast. Det kan hende du treng litt meir eller litt mindre kveitemjøl, det kjem an på kvaliteten på mjølet. La deigen heve til dobbelt storleik, ca. 40 minutt.

Del deigen i tre eller fire og form brøda. Smør langpanna di eller formene, og legg i eit og eit brød. Smør mellom brøda slik at dei vert lette å ta frå kvarandre. Gi brøda ikkje altfor djupe, skrå snitt. Det gjer at dei hevar seg fint, og du slepp at skorpa «veltar av».

Set omnen på 210 grader. La brøda etterheve godt. Sett dei inn i omnen, og kast eit lite glas vatn inn i omnen for å få god damp. Steik brøda i 45-50 minutt. Bank på dei, dei skal ha ein hul lyd når dei er ferdige. Er lyden slapp, så la dei få nokre minutt til. Har du steikt brøda i form, så ta dei ut av formene, og la dei steike i ti minutt utan form. La dei kolne på rist.

Har du brukt langpanne, så la brøda skli over på rista medan dei framleis heng saman, og del dei frå kvarandre når dei har kolna noko.

2 Comments

  1. Merete says

    Hvor mange liter er brødformene dine?

Leave a Reply