Allergi, Billig mat, Mat, Noko søtt, Safting og sylting, sylting og safting, Tilbehør, Vegansk, Veggis
Leave a Comment

Høgt heng dei og sure er dei

Eit høgt rognetre, med masse bladverk og hengande klasar med raude rognebær.

Rognebær er lett å plukke, men av og til treng du stige.

Ja, reven seier så i eventyret. Rognebær er ikkje noko for laurdagskosen, men gelé av rognebær blir knallgodt.

I år er det rognebærår, og det er berre å kome seg ut i skogen og plukke. Eg er ikkje storforbrukar av rognebærgelé, men det er deilig til kjøtrettar i staden for tyttebær, og i brunsausen gir den ein søtleg og krydra smak som fungerer strålande.

Så lenge rognebærmøllen har halde seg unna er det så lett som å rappe godteri frå småungar å plukke rognebær. Eg gjer som med hyll, eg har med meg ein «frivillig» assistent, og klipper duskar ned i ein pose. Slepp du å dra så langt heimafrå kan du til dømes ha med deg ei plastkasse og klippe bæra oppi den. Så er det heim og koke gelé.

Mange seier at ein skal la det gå ei frostnatt før ein plukkar rognebæra. Eg prøvde eit år å vente på frosten. Då tok møllen bæra (eller eigentleg heile trea) før meg, så det vart ingenting på meg. Eg prøvde å fryse ein pose og la vere å fryse den andre, lagde to «batchar», og kjende ikkje forskjell på smaken, difor har eg droppa det. Men putt gjerne bærposen i frysaren og gi dei ei frostnatt der før du lagar gelé, det skadar heilt sikkert ikkje. Det kan hende det gjer at bæra raskare slepper safta når du dampar dei.

Det som derimot fungerer heilt utmerket er å ha i nokre eple, slik at den litt skarpe smaken av rognebæra vert mildna litt. Eg brukar saftdampar, det er den enklaste måten å få ut safta av bæra på. Særleg når du plukkar bæra litt tidleg, og ikkje har frose dei først, kan det ta tid å få dei til å sleppe safta.

Ein saftdampar er ein kjele i to eller tre delar, der du har bæra i toppetasjen, og vatn i ein kjele nedst. I midten samlar safta seg etter kvart som den vert ferdig. Saftdamparar får du i butikken, eller for ein billig penge hos din lokale bruktbutikk. Om du berre finn dei øverste to delane med lok så kjøp dei likevel. Dei har spor slik at dei kan passe oppå alle større kjelar.

Det du må passe på er at botnkjelen ikkje går tom for vatn. Då dampar det ikkje lenger, og du får ikkje ut safta av bæra. Skal du dampe mykje bær, så tapp av saft i ein ny kjele etter kvart, elles kan det renne over. Eg sette ein krakk ved sidan av komfyren med ei gryte på, og tappa safta oppi den etter kvart som den samla seg i midtdelen.

Har du mykje rognebær kan du fylle på etter kvart som det du legg i saftdamparen.

Dampinga kan fort ta to-tre timar, iallfall viss du fyller på med bær og meir vatn undervegs, så du må hente fram tolmodet ditt. Men det er verd det, tru meg. Du ser at det går mot slutten når safta som kjem ut er blassare på farge, og bæra i øverste del av saftdamparen har kollapsa skikkeleg.

Denne teknikken kan du bruke både på plommer (som også har eit toppår i år!), eple eller svartsurbær.

Rognebær som vert plukka tidleg er ofte veldig rike både på pektin og på sorbinsyre, som konserverer. Difor er rognebærgelé ein av gelétypane som du kan lage heilt utan «pulver». Eg brukar litt likevel for å vere på den sikre sida, men tek du geléprøva undervegs kan du sjekke om geléen stivnar naturleg. Det gjer du slik: kok opp safta, ha i sukkeret, og la det koke friskt ein halvtimes tid. Skum av viss det dannar seg skum. Sett ein rein asjett i kjøleskapet. Ta eit par teskeier med saft på asjetten, og sett den inn att i kjøleskapet. La den stå fem minutt. Ta den ut, og dra ein finger gjennom safta. Viss den har byrja å tjukne, slik at den rynkar seg der du dreg fingeren, så er geléen klar. Då kan du fylle den på glas. Viss safta framleis er tynn og renn saman må den koke lenger. Du kan og tilsette litt meir sukker og litt sitronsyre før du let den koke nokre minutt til.

I denne oppskrifta har eg likevel tilsett litt pektin. Prøv deg fram, og er du tøff kan du jo prøve naturellmetoden over. Ha ei fin helg!

Rognebærgelé

rognebærgelé fylt på glas med skrulok på ei fjøl med rognebær omkring.

Rognebærgelé er ein fin presang å gi bort.

3-4 kg rognebær

1 kg syrlege hageeple

Etter safting:

1 kg sukker pr liter saft

1 ts sitronsyre

1 pk pektin pr to liter saft

Skyll og rens bæra, og ha dei i toppkjelen på saftdamparen. Del epla i fire, og fjern kjernehuset. Legg dei og i toppkjelen, og pass på at loket er tett.

Rognebærgeléen kokar i ei gryte, og det dannar seg skum på toppen.

Skum av undervegs, så får du ein klar og fin rognebærgelé.

Fyll godt med vatn i den nederste kjelen. La det heile stå og dampe med klype på plastslangen. Damp bær og eple til dei har kollapsa ordentleg, og safta i slangen har ein gyllen farge. Hell av safta, mål den opp og ha den i ein kjele. Rør i pektinpulver og sitronsyre, og la det koke friskt i to-tre minutt. Skum av viss det dannar seg skum, og dra kjelen av plata. Ha i sukkeret, og rør til det er løyst opp.

Fyll geléen på nykokte glas, og skru på loka med ein gong. Oppbevar geléen mørkt og kjøleg.

Leave a Reply