All posts filed under: Fest

Når er fastelaven i år då?

Det slår ikkje feil, eit stykke ut i januar kvart år får eg masse søk i bloggen på når fastelaven er. Så for å gjere det enkelt så seier eg det her og no: Fastelaven i 2012 er søndag 19. februar. Så du har god tid til å førebu deg med å lage ris og handle inn fersk gjær til søte deigar for å produsere dei aller beste fastelavensbollane. Før fastelaven skal ein ete feit og god mat, her har du Heidi sine oppskrifter, mellom anna på rømmegraut og bollar. Eg har forska ein del på bolleoppskrifter, og prøvd å finne den varianten som gir både luftige og smakfulle bollar. Denne oppskrifta er den beste til no. Så viss du no vert freista til å gjere nokre prøvebakingar for å sikre kvaliteten på den endelege fastelavensbaksten, så har du tid til det. Ha ein fin torsdag!

Ein nyttårskrans

Vel, den vart nok eigentleg laga til jul. Men eg syns den var så fin, og så tok eg bilde av den på nyttårsaftan, så då kallar eg den ein nyttårskrans. Ovedia med sin kjære inviterte oss på nyttårsmiddag på nyttårsaftan, og det er ho som har laga kransen. Den er laga av blåbærlyng, og Ovedia har festa glitrande ting på den. Ei beltespenne, ein ring og andre ting som lyser opp. Fint, ikkje sant?

Karamellpudding

Å lage dessert er ei stor glede. Du har god tid, og kan lage den dagen før. Dermed kan du møte gjestane dine med senka skuldrar når dei bankar på døra. Alle likar dessertar. Etter ein god middag vert desserten prikken over i-en. Maten vert drygare med ein dessert til slutt, du kan rekne at det går litt mindre av hovudretten når du varslar at det er ein deilig dessert i vente. I dei fleste oppskriftene på gode juledessertar skal det vere vaniljesukker. Finn du ekte vaniljesukker, så kjøp det, og finn du det ikkje så mas på butikksjefen der du handlar for å få han til å ta det inn.  Det smakar SÅ mykje betre enn vanleg vanilin-vaniljesukker, som er smaksett med kunstig vanilje. Merket er Tørsleffs, og grossisten heiter Haugen-gruppen, kan du seie til kjøpmannen din. Cemo krydder har også ekte vaniljesukker. Du kan sjølvsagt også lage ditt eige, ved å putte brukte vaniljestenger i eit glas med fint sukker. Karamellpudding må du lage minst dagen før den skal serverast. Den held seg …

Heimelaga medisterkaker

Heimelaga medisterkaker er berre noko av det beste, altså. Det går langt utanpå dei du får kjøpt i butikken. Med ei god krydring og med medisterdeig frå den same gode slaktaren som leverer ribba di har du kontroll på kva du set på bordet. Denne porsjonen held til ti-tolv medisterkaker, to til kvar ved bordet, og ei til kvar til nattmat. Husk på at viss du kjøper medisterfarse treng du ikkje spe og krydre den. Den er ferdig spedd frå butikken. Medisterdeigen vert altså til farse undervegs. Medisterdeig som du kjøper skal vere utan salt, vatn og krydder. Det er krydringa som gjer susen med heimelaga medisterkaker. Rå deg gjerne nytt, ferskt krydder i staden for å bruke det som har lege i skapet leeenge, og mist smaken. Eller bruk heil muskatnøtt som du riv, og allehånde som du knusar i mortar. Då blir det skikkeleg smak på medisterkakene. Slik gjer eg det: Medisterkaker 500 g medisterdeig 1 strøken ts salt Eitt egg 2 ss potetmjøl 1/2 dl vatn eller mjølk 1 krm malt allehånde 1 krm …

Sjølvaste ribba

No er det like før den store kvelden, då ribba med tilbehør skal på bordet. Eg prøver å vere prinsippfast, men gong på gong vert eg overstyrt. Eg vil at vi skal velge på julaftan, enten fåreribbe med tilbehør, eller svineribbe med tilbehør. Men der eg vaks opp blandar dei alt, så rabbestappe og raudkål står side om side på bordet. Dei mange åra eg har tilbrakt på austlandet har gjort at eg har lært noko om svineribbe, så difor lagar eg det i år. Her skal du få dei triksa eg har lært meg for å få den perfekt. Eigentleg er svineribbe svært enkel mat. Men ribbeprodusentane prøver å rote det til som best dei kan, og dei presenterer stadig nye variantar av ribba med vekslande resultat. To gongar før jul har eg prøvd ut dei ferdigkrydra ribbene, den eine frå ein Rimi-butikk, den andre vart kjøpt hos Coop. Begge gongane har det blitt mislykka. Den eine bles seg opp som ein sperreballong i god tid før utløpsdato. Eg sende ein mail til produsenten, …

Djup konsentrasjon…

Det årlege pepparkakehuset har kome opp! Her ser du mannen i huset med melissprøyta, djupt konsentrert om dekoren. Eg tok meg av utbakinga, dropsteknikken og monteringa, og lagde «malen» for dekoren. Vi fann forresten ut at Repsils fungerer i staden for drops, lokalbutikkane rundt her var tomme for Brynhilds sitrondrops. Tidlegare har vi brukt kamferdrops. Det virkar og, men smakar høgg. Og karamellene med maldonsalt, som eg lagde av «limet», dei vart knallgode! 🙂 Edit: Her har du huset ferdigstilt, og i fullt dagslys, eller så fullt som det er mogeleg no for tida. Vi er ganske fornøgde! Huset er med i Matbloggsentralen sin pepparkakehuskonkurranse, så viss du syns det bør vinne, så stikk inn her og stem på hus nr. 18!

Salt julesnop

Eg har sett på mange oppskrifter på spiselege julegåver, og mykje av dette er veldig søte greier. Når jula er på det mest intense får eg ofte behov for noko salt, og det må vere noko anna enn ribbe og medister. Desse små ostesnacksbitane vart redninga for meg. Ostesnacksbitane kan lagast med ulike typar fast ost. Eg hadde cheddar i kjøleskapet, men dei blir også gode med jarlsberg, gruyére eller pecorino. Fasongen på ostesnacksbitane kan variere, eg brukte ein sirupsnittkuttar for å få fine, taggete kantar. Ikkje lag dei for store, dette skal vere snacks, ikkje kjeks som tilbehør. Du kan også lage stenger av denne deigen, og drysse litt ekstra ost på. Då blir dei fine til suppe eller som eit alternativ til saltstenger eller grissini.  I denne oppskrifta har eg brukt røykt paprika. Det er paprikapulver som har ein distinkt røyksmak. Eg har ikkje funne det i Norge, men eg er fæl til å raide hyllene i finare matbutikkar når eg er i utlandet, og på den måten fekk eg ein boks med meg …

Lakseterte

Eg hadde masse fine damer med nokre medfølgande fine menn på selskap for nokre veker sidan. Då serverte eg ei lakseterte, og no har eg blitt utfordra til å hoste opp ei oppskrift. Det er ikkje så lett når ein ikkje tok notatar medan ein heldt på, men eg skal prøve. Lakseterta vart iallfall veldig god, og den holdt seg i fire dagar i kjøleskapet, då var den spist opp. Dette er ein fin rett å servere på eit koldtbord eller ein buffé. Skal du ha skalldyrbord, men er uroleg for at ikkje alle vil ha skalldyr, kan denne terta passe godt som alternativ. Eg serverte den med rømme smakt til med litt urtesalt, men det er eigentleg unødvendig. Viss du vil kan du også vende inn lakserogn eller løyrom, eller du kan pynte den med det. Lakseterte 200 g knekkebrød, grov type 75 g smør 400 g kremost, naturell 400 g røykelaks 3 dl lettrømme 8 plater gelatin Ein bunt dill Ein bunt grasløk Ein liten, gul løk To eggekviter Salt og peppar Knus …

Moderne vilt

Urinnstinktet kjem fram i oss når vi får samle og jakte. For min del handlar det mest om samling, men eg har folk i nær familie som også vil jakte, og då dryp det på oss når viltet skal parterast og fordelast. To dugelege stykke reinsdyrkjøt fekk vi ta hand om, og det vart mat til seksten svoltne vaksne og ein liten gjeng med barn i tillegg. No har eg tilpassa oppskriftene til eit alminneleg søndagslag, så du kan gjenta suksessen om du får tak i godt kjøt. Viss du følgjer denne oppskrifta har du mat til iallfall åtte personar. Det moderne ved den er at eg serverer den med ein plommechutney i staden for det klassiske tyttebærsyltetøyet, og at eg smakset sausen med blåmuggost i staden for meir tradisjonelle ingrediensar.  Denne oppskrifta kan brukast både på hjort og elg. Ikkje bruk den på det aller finaste kjøtet, dette kjøtet vert kokt lenge, og alt vert mørt med så lang koketid. Å lage gryte til mange er ei logistisk utfordring, det er eit stort og …

Årets halloweenlykter

Eg elskar å skjere ut graskarlykter!  Graskarlykter er fine, og sjølv om eg ikkje har dyrka mine eigne graskar så føler eg ikkje eg er med på kjøpefesten av den grunn. Det er gøy å sløkke lyset i oppgangen, ha nokre smålys i glas oppover trappa og så nokre skikkeleg skumle lykter innimellom. Det er ikkje så vanskeleg og tidkrevande som det kan sjå ut heller, dei tre lyktene eg viser her lagde eg og gjestane mine i løpet av ein kveld. Du kan lage motiv på frihand, eller du kan søke etter pumpkin carving stencils, så finn du masse fine eksempel. Her i huset fekk eg bestilling på ein minecraftfigur som heiter Creeper. Gjestane våre lagde ei fin kattelykt, også den på frihand, og den siste vart enkelt dekorert med stjerner og ein måne. Når du skal lage ei lykt er utgangspunktet eit stort, fint graskar. Det treng ikkje vere like vakkert frå alle sider, men det bør ha ei klar og ganske symmetrisk forside. Prisane varierer veldig, eg har sett alt mellom ti …

Verdas beste trøffelkake

Vi må ha trøffelkake! sa kjæresten min då vi drodla om kva kaker vi skulle lage til familieselskapet på søndag. Eg byrja å leite etter oppskrifter, og fann mange, mange variantar. Trøffelkake kan lagast med mandelbotn eller med vanleg sjokoladekakebotn. Dei villaste lagar til og med italiensk marengs som dei har på toppen, og brunar den med brulée-brennar. Eg gjekk for den moderate varianten, med sjokoladekakebotn. Men det er kremen som gjer susen her, ein fyldig, fin smørbasert krem med eit hint av rom. Du kan velge om du vil bruke lys eller mørk sjokolade i denne kaka, alt etter kva du syns er best. Skal kaka serverast til vaksne vert det nok best med nokre dropar ekte vare. Men i dette selskapet skulle det naturleg nok vere barn til stades, og sjølv om eg brukar å kome unna med å seie at den kaka er for vaksne og ikkje noko god for barn, så brukte eg essens denne gongen. Det hender nemleg at dei ikkje går på slikt lureri. Slik gjorde eg det: Trøffelkake …

Tenåringsfeiring

I dag er det stort familieselskap i heimen, han som til og med i går var tolv, vert tretten i dag. Det er han fine som då han var fire sa til bestemora si: Jeg er en luring, men jeg er snill. Det er han verkeleg. Han er ein tvers igjennom fin fyr som har vokst voldsomt i det siste, men framleis vil ha nattakos av mammaen sin, og som har onsdagsjobb med å gå tur med Pixie, ein fin hund vi kjenner. I går hadde vi fest med gutta, så kom alle frå klassen pluss eitt par til, og vi hadde bruskasseklatrekonkurranse, fem langpanner med pizza og ei med brownies, og PS3-turnering. For ein fin gjeng! Sjølv om desibelnivået var høgt, så var dei i godt humør, dei oppførte seg fint, takka og var glade for å få kome. I dag står det ei gryte med reinsdyrkjøt på menyen, servert med heimelaga potetmos. Eg har laga ei trøffelkake for første gong i mitt liv, så viss den vert vellykka så dukkar den nok opp …

Skinkepai med raud pesto

Denne enkle skinkepaien er ein sikker vinnar til ein vennelunsj, til ein buffet eller som kveldskos ein laurdag når verken pizza eller taco står på menyen. Eg brukte raud løk og paprika i min, i tillegg til skinke. Skinka kan byttast ut med laks eller røykt makrell. Grønsakene kan også varierast etter kva du har i kjøleskapet. Eg har testa ut ulike variantar av paiskal, med smør, margarin og med kesam i deigen. Eg har kome til at deigen med margarin er lettast å kjevle ut. Eg veit at mange har store motforestillingar mot margarin, men til paiskal fungerer det altså strålande. Den raude pestoen som eg hadde på toppen gir ein god tomatsmak, og passar perfekt med ostemassen og grønsakene. Raud pesto kan du kjøpe på glas, eller lage sjølv, slik eg har gjort. Rekk du ikkje å lage den, eller ikkje får tak i raud pesto i butikken, så er paien god utan og. Raud pesto 200 g tørre soltørka tomatar 100 g parmesan 100 g pinjekjerner Olivenolje Legg tomatane i bløyt i …

Panikken har lagt seg…

Laurdag sto alt på hovudet her, eg venta alt mellom 12 og 16 gjestar om kvelden, og var berre middels godt førebudd. At eg skulle lage ei ostekake sto på planen, den hadde eg gjort ferdig kvelden før. Panikken breidde seg då eg oppdaga at det rann ei blank, tjukk væske frå kaka om morgonen den dagen gjestane skulle kome. Kaka var av den vanlege typen, stivna med gelé. Problemet var at eg hadde berre hurtiggelé, men sidan det ikkje sto nokon advarsel på pakken hadde eg ingen motforestillingar mot å bruke den. Yvert imot, eg syntest det  var spennande med ei rosa ostekake med smak av villbringebær. Då vi serverte kakene laurdag kveld var kaka nokolunde bra i fasong. Den hadde krympa litt, så å ha på gelélok var ikkje aktuelt. Botnen hadde naturleg nok blitt bløytt opp av det som rann av kaka, så den var ikkje førsteklasses. Bortsett frå det smakte kaka godt. Konklusjonen må vere at ostekake med hurtiggelé kan fungere viss du har skikkeleg dårleg tid, og lagar kaka berre …

Sjokolademousse

Eg har skrive om sjokolademousse tidlegare, men då har eg laga ein mjølkefri variant. Denne gongen var selskapet utan mjølkeallergikarar, og då kunne eg slå meg laus med ein sjokolademousse basert på kremfløte. Denne er også parfymert med appelsin, men det kan du utelate, eller bytte ut med andre smakar. Porsjonen i denne oppskrifta vart til 18 porsjonar, ikkje så veldig store. Eg brukar telysestakane frå IKEA som serveringsskåler. Det vert to andre dessertar og på bordet, så gjestane skal få fylt søttanna, trur eg. Slik gjorde eg det: Sjokolademousse 300 g mørk sjokolade 1 pk/ 1/3 liter kremfløte 1 dl appelsinjuice Tre små eller to store egg 3 ss sukker 2 ts kvitvinseddik 1 klype salt Del egga, og piske eggekvitene stive med litt eddik og salt. Pisk eggeplommene luftige og fine med sukkeret. Pisk kremen stiv. Kok inn appelsinjuicen til halve mengda. Set ei vid skål oppå ei gryte med kokande vatn i. Hakk sjokoladen, og ha den oppi skåla. Slå over den innkokte appelsinjuicen, og la det heile smelte til det blir …

Slik var bordet pynta

Eg syns alltid det er spennande med bordpynting, sikkert fordi eg ikkje føler meg som spesielt trygg i faget sjølv. Eg har skrive litt om bordpynting her før, og eg er oppteken av at ein kan få det fint, ja til og med imponerande og lekkert, med enkle middel. I bryllupet til verdas mest forelska par var fargane dempa, med beige, brunt og lavendel/pudderfarge som gjennomgangstema. Blomane som var brukt i dekorasjonane var roser og fresia, i buketten var det i tillegg brukt peonar og olivengreiner. For å fylle ut var det brukt ulike typar strå. Rosene var store, men ikkje prangande i fargen. Kan eg kalle dei lavendelrosa? Borddekorasjonen besto av vasar, du finn same typen på IKEA. Kvar vase var fylt med to roser, ei kutta litt lengre enn den andre, og ei grein med fresia. I vatnet låg det nokre roseblad. Vanlegvis er dette fy-fy i bukettar, men desse skulle så så kort, så det gjorde ingenting, det skapte berre farge ned mot bordet. Det heile var runda av med to-tre slanke strå …

Verdas mest forelska par

Ja, dei er det, desse to fine som gifta seg i helga. Dei har funne fram til noko som mange leitar etter, og ikkje minst har dei vit til å ta vare på det gode dei har funne. Mitt bidrag til feiringa var ein song i kyrkja, og denne kaka. Det var ei ære og ei glede å få lov til å bidra. Mange andre var med på å gjere dette til ei fin feiring. Søster, bror, vennar og venninner lagde flotte utdrikningslag. Eit søskenbarn lagde rebusløp og masse fellesaktivitetar på Øvresetertjern fredag kveld. Koret som brura syng i song i kyrkja. Eit svigersøskenbarn fotograferte. Tanter og mødre hjalp til med borddekking, bordpynt og kakebakst. Nokre bidrog økonomisk, til dømes til bryllupsreise, kjole, kjole og kvitt og meir til. I går var vi samla heime hos brudeparet, då var alle gjestane invitert til grillfest medbrakt barn. Eit søskenbarn med sambuar lagde salatar, grillmat, dressingar og foccaccia til femti gjestar. Vi har blitt rista saman, møtt nye menneske og feira to av dei finaste vi kjenner. …

I gang igjen…

Jepp, det er bryllupskaketid igjen. I helga giftar mi fine kusine seg, og eg gjev dei ei bryllupskake i gåve. Den kjem til å likne på den du ser her til høgre, men den skal stå på eit sunnmørsk kakebord som mor og tanter har bakt til i over ei veke, så denne vert berre i tre etasjar. Oppskrifta til kaka finn du her, Eg lagde litt meir enn to porsjonar for å fylle former på 18, 24 og 32 cm. Og for de av dykk som er bekymra for forkjølinga mi, det er ingen grunn til å bli uroa. Eg har hatt assistent til alt arbeid med den så langt, så kaka har ikkje blitt hosta på. Takk til Maria for assistanse! Så til helga skal vidunderet fraktast til Lysebu, og bli fortært av ei strålande fin forsamling. Gratulerer på førehand, kjære brudepar!

Ja, vi et Rudolf

Mine amerikanske vener ser med sjokk og vantro på at vi et Rudolf. I svigerfamilien finst det jegerar, og jegerar kjem attende med slakt, deriblant reinsdyr. Nokre bitar av desse reinsdyra endar opp i frysaren hos oss. I helga tok vi opp ei diskret lita steik, i utgangspunktet var den nærare to kilo. Etter at den var reinskoren, mellom anna for eit stykke ribbein, var den 1,2 kg. Perfekt storleik for ein liten familie. Når ein skal skjere reint kjøt er det fleire ting ein bør tenke på. For det første; fjern alt bein. Å steike kjøt på beinet tek lengre tid, og dessutan kan ein koke kraft på beinet. Klassisk vinn-vinn-situasjon. For det andre; alt kjøtet treng ikkje henge saman. Har du bomullstråd kan du knyte steika saman slik du vil ha den. Får du bitar av kjøt som ikkje heng saman med sjølve steika så gjer det ingenting. Skjer steika opp, legg bitane inni, krydre og bind i hop. For det tredje; fjern alle perlemorsfarga sener. Gjennom kjøtet går det kvitaktige sener som …

Karamellbrødhapåpudding

Dei som har lest oppskriftene mine ei stund veit at eg av og til finn på ganske vanvittige ting. I dag er «greia» ein brødpudding med karamellsmak. Brødpudding er ein klassisk måte å få brukt opp gamalt brød på, men i dag hadde eg nokre tørre bollar eg ville bli kvitt. Dei fekk gå ut av verda på det stiligaste vis, i denne karamellbrødpuddingen. Du kan godt lage den med loff eller kneippbrød og, då bør du kanskje ha i litt meir sukker.  Hapåen eg smører på bolleskivene gjev ein nydeleg karamellsmak på det heile, og særleg skorpa på toppen er utruleg god, smurt med ripsgelé som den er. Ripsgeléen kan sløyfast, men gjev ei flott, blank overflate, og ikkje minst litt syrleg smak, som balanserer alt det søte. Du kan også bytte den ut med eplegelé. Slik gjorde eg det:  Karamellbrødpudding  5 dl mjølk 3 dl fløte 3 egg 6-8 kveitebollar 50 g brunt sukker 50 g smør Eit glas Hapå Rosiner 1 dl ripsgelé eller eplegelé  Set omnen på 180 grader. Smør forma …

Balansekunst

Å lage mat handlar om å balansere mellom søtt og salt, sterkt og mildt, surt og bittert. Dei beste måltida får ein når balansen mellom smakselementa er rett. I dag lagde eg nokre gode kyllingburgerar av kyllingkjøtdeig. Dei krydra eg ganske mildt, og serverte med rømme og heimebakte hamburgerbrød. Men til slik mild mat er det godt med noko ”hot” for å balansere det milde. Det ”hotte” eg lagde var ein kreolsk auberginekompott. Oppskrifta liknar på fransk ratatouille og italiensk capunata, men er krydra sterkare. Du kan godt lage denne på førehand, og den kan serverast varm, lun eller avkjølt. For oss vaksne er denne kompotten ei fasjonabel erstatning for ketchup på burgeren. Slik gjorde eg det: Kreolsk auberginekompott 1 stor løk 3 fedd kvitløk 2 auberginar 1 grøn paprika 1 raud paprika To boksar tomatar 2 ts paprikapulver 1 ts timian ¼ ts kajennepeppar 1 ts spisskummen Salt og peppar 1 ss brunt sukker Olje til steiking Rens og finhakk løk og kvitløk. Skjer auberginane i skiver, og strø salt mellom. La dei stå …

Prince kjem til byen!

Han var på Roskilde og i Bergen i fjor, og i år kjem han til Oslo for å spele i Spektrum. Eg får dessverre ikkje dratt dit, eg er i Arendal og står i baren på Moringen pub medan desse karane spelar. Men har du lyst? Startar billettsalet i morgon, seier du? Eg har eit triks. Her er oppskrifta: 1. Gå inn på Facebook 2. Søk opp Atomic Soul og trykk “like”. 3. Gå inn på arrangementer. 4. Finn Prince og følg lenka Her er salkartet:  

Vårmat – frittata med jordskokk og asparges

Asparges og jordskokk er perfekt vårmat. Men passar dei saman? Eg er så heldig at eg har asparges i hagen min, og dei fleste vert etne rå medan eg held på i hagen. Men av og til kjem det så mange så fort at eg kan ta dei inn og bruke dei i ein middag. Venninna mi har jordskokkar, og kvart år til bursdagen min i mai kjem ho over plenen med ei korg full. Jordskokkar er eigentleg eit ugras, tenk nøye over kvar du plantar dei. Dei invaderer gjerne pene staudebed og grønsakshagar viss dei får lov.  Jordskokken veks og kan haustast heile vinteren, så sant du klarer å grave i jorda. No på våren er den på sitt største, og du finn den i velassorterte grønsaksbutikkar. Den er svært næringsrik, men karbohydrata i jordskokken er ein sjeldan type som kallast inulin. Dette karbohydratet vert ikkje teke opp i kroppen på same måte som andre karbohydrat, så blodsukkeret stig sakte og fell sakte når ein et jordskokk. Smaken er nøtteaktig, med eit hint av …

Menyen i dag

Eg har fått spørsmål om kva som skal serverast på bursdagsfesten, som faktisk er ein felles bursdagsfest for min kjære og meg. Her er menyen: Tortilla Tomatrøre – Pan catalan Tapenade – Olivenrøre Albondigas – Kjøttbollar i tomatsaus  Gazpacho – kald tomatsuppe Spansk kikertsuppe Sopp, gratinert i tomatsaus Aïoli Saltbakte poteter Empanadas Oliven, grøne og svarte Dessert: Manchego med fikenmarmelade Melon  – Oppskoren honningmelon, galiamelon, nettmelon Kaker – Ostekake, gulrotkake, pavlova Oppskriftene som manglar kjem etter kvart! 🙂