I den sorte gryte
Vinden stryk om nåvene, og det er godt å ha ein heimesøndag, utan andre plikter enn å lese avisene, drikke te av store koppar og lage ein god middag. Vi er gode til å samle, og ikkje så gode til å ete opp. Eg har vore i frysaren, og fann kjøtdeig som burde bli eten. Det skulle ikkje mykje ekstra til for å lage ei god haustgryte til meg, familien og nokre kjære vennar. Gryter kan få smak på mange måtar. Kjøtdeig er ikkje det som har alt for mykje eigensmak, så då gjeld det å supplere med andre, morsomme smakar som gjer at dei rundt bordet vert nøgde og mette. Grønsakene i gryta er paprika, løk og sjampinjong. Eg likar små sjampinjongar, som eg heilsteiker. Finn du ikkje små kan du ta store og dele dei i bitar, men mi erfaring er at dei små vert liggande att, av ein eller annan grunn. Finn du ikkje sopp, så kan du bytte den ut med andre ting, både squash, gulrot og sellerirot går fint i …