All posts filed under: Grønt

Av og til har ein berre flaks.


Som med desse rosene, dei kom i hus forrige helg, laurdag var det. Kjæresten min treiv dei med seg, dei sto utanfor ein butikk i nabolaget og var sett ned til halv pris. Dei ville vel bli kvitt dei før helga. Her hos meg har dei ikkje fått noko særskilt stell, anna enn litt næring i vatnet. Men dei lever framleis, og det ser ut til at dei trivest. Andre roser som har kome i hus har hunge med hovudet etter to dagar, men desse står like ranke og opnar seg slik at vi verkeleg får beundre dei. Ein kan ikkje vite på førehand kva for nokre som er bra. Å vurdere dette i butikken har eg store problem med. Det er først når dei kjem heim og får ro og fred at du ser om det fungerer. Nesten som med menneske. Av og til har eg berre flaks. 🙂

Vårvindauge


Dette flaskestativet har eg stor glede av når eg skal pynte vårvindauget mitt på ein enkel og rimeleg måte. Tulipanar er takknemmelege no på denne tida, men for at det skal gi ein flott visuell effekt er det fint med mange. Det blir ofte dyrt. Eit alternativ er å kjøpe ein bukett, og sette kvar tulipan i ein slank vase slik som her. Nokre ville kanskje kalle dei flasker. Eg har over tjue av dei, dei kostar ein tiar på IKEA, og gjer seg fint på eit stort festbord. Dei har vore med på mykje moro, desse flaskene her. I tillegg til tulipanen kjøpte eg ei grein med voksblomst. Dei er små og gjer ikkje så mykje av seg ein og ein blome, men på ei grein er det mange kvistar som kan fordelast ut over slik eg har gjort her. Då har ein plutseleg våren i vindauga når sola skin sjølv om det berre er februar. Dette er også ein fin måte å arrangere blomar på eit festbord på. Kutt då gjerne stilkane litt …

Forfallsestetikk


Tidlegare syntest eg det med avskorne blomar inne berre var trist. Dei døydde så fort. Eg klarte ikkje å passe på dei, og samstundes levde eg eit hektisk liv, så eg fekk ikkje tid til å nyte dei noko særleg. Med åra har eg i større grad lært meg å kose meg med blomane så lenge dei står. Enkelte blomar er også fine i det dei døyr. Tulipanar er slik, dei døyr utruleg vakkert. Sjå på desse, som har stått ei veke i vindauget. Dei er som fuglefjør som slyngar seg ut frå stilken. Fargen lysnar og kronblada vert nesten gjennomskinelege. Alt må døy ein gong, ein må berre lære seg å nyte livet medan det er her.

Den siste reisa


Når min kjære kjem heim med roser blir eg alltid like lukkeleg. Men det er ikkje til å kome bort frå at dei vandrar alle rosers veg. Nokre byrjar å henge med hovudet, andre spring ut, men byrjar til slutt å sleppe blad og bli visne i kantane. Desse som spring ut brukar å få eit ekstra liv her i huset. Omtrent i det hovudet byrjar å bikke til sides klipper eg dei av. Så legg eg dei i små glasskåler som eg har nokre skeier vatn i. Då får dei nokre dagar ekstra som bordpynt i heimen. Det er ei kjensle av luksus å spise frukost og middag på eit bord som er pynta med badande roser. Når hagerosene kjem er det ein god idé å gjere det same med dei. Ha ein fin dag! 🙂

På kjølelager


Min kjære kom heim frå Amsterdam i slutten av november med to flotte amaryllisknollar. Akkurat då dei kom i hus var eg litt stressa, hadde ikkje jord til hands og difor vart eg glad då han fortalde at dei kunne oppbevarast i kjøleskap fram til planting. Så dei vart ståande i kjøleskap sikkert i eitt par veker, før eg fekk tak i jord og fekk dei i potter. Då fekk dei stå lyst og fint i vindauga, dei fekk både vatn, varme og omsut. Men det skjedde ingenting. Dei sto der grøne og saftsprengte, men ingenting stakk opp. Til slutt, då vi kom heim frå juleferie, stakk det opp eit lite blad. Først no, to månader etter kjøleskapsopphaldet, spring den eine ut. Til gjengjeld er det ein veldig fin amaryllis, til og med med tre blomestilkar. (Det er ein til blomestilk lenger ned, som ikkje kom med på bildet.) Så den som ventar på noko godt, ventar iallfall ikkje forgjeves. Er den ikkje flott?

Tiddelibom


Det snør, det snør over heile byen. Vi har tenkt oss ein tur ut, men jammen kan det bli ei utfordring. Bussen er ikkje alltid til å stole på når det er slik, sykkelen taklar sporsnø dårleg og parkeringsplassar er heller ikkje lette å oppdrive. Kanskje bør vi ta det som ein spasertur? Denne vakre narsissen er min favorittblome no for tida. Bridal crown heiter den, og er ein liten narsiss på ein uendeleg lang stilk, iallfall her hos meg. Eg har fjerna jorda og satt røttene rett i ein glasbolle med steinar i, som eg har litt vatn i. Det er nok til at dei veks og trivest. Elles ventar eg på nyhende, ei venninne ligg på Ullevål avd. B, og viss dei ikkje har blitt tre i familien allereie så blir dei det i dag. Eg kryssar fingrane for at alt går bra, og gler meg til å sjå og bli kjent ned dette vidunderet som eg føler eg har kjent lenge. Til alle lesarane mine: Kos deg i snøen, kjøp deg ein …

Mørkt og trist?


Kaldt og stussleg? Viss det framleis er slik i morgon så veit eg ein måte du kan få det betre på. Ein måte som gjer alt grønt og fint, lyst og vakkert. SVT2 byrjar å sende sin nye programserie Österlenska trädgårdar! Hagane i denne serien ligg i den mildaste delen av Sverige, der sjansane for at vakre og sjeldne vekstar vil trivast er store. Første program går på lufta i morgon kveld kl. 20, så har du den kanalen tilgjengeleg er det berre å legge inn ein alarm på telefonen. Eller stille inn opptakaren, om du har slike fine greier. Du finn meir informasjon her. Og her. Kos deg med vakre hagar!

Vegen til hjarta mitt


Vegen til mannen sitt hjarte går gjennom magen, vi er ikkje gamle før vi lærer det. Men kvar går vegen til mitt hjarte? Då meiner eg ikkje den første autostradaen som ligg klar og open, og ber han bergta meg. Eg meiner kvardagsvegen, den vegen som må gåast om att og om att, som ein sti som ikkje får gro att. Som eit sauetrakk i fjellet, som ein sti over mark og eng. Der vi må gå fram og attende begge to, for å kjenne oss nær kvarandre og for å huske på kvifor autostradaen lå open for eit års tid sidan. Min kjære har forstått det. Vegen til mitt hjarte er blomekledd. Når han ser fine blomar utanfor ein innvandrarbutikk stoppar han, og kjøper med seg ein bukett eller to. Og eg blir alltid like hoppande glad. Sjølv om det betyr at eg må vaske vase, blande næringspulver, kutte stilkar og dandere rett før gjestane kjem. For eg veit at han gjer det utelukkande for å gjere meg lukkeleg. No har eg ein bukett …

No er tida her…


Akkurat no er det rette tida for å sette løk i jorda. Det gjeld dei fleste typar, iallfall om dei er av den typen som vil ha ein runde med kulde før dei veks og trivest. Kvitløk, tulipanar, allium og krokus kan gå i jorda no. Snøklokker bør plantast friske, då dei bør du tigge til deg når dei har avblomstra neste år. Å selge snøklokkeløkar no grensar til lureri spør du meg. Eg har nokre posar ståande frå sommarferien, då vi var i Oxford hadde løkane akkurat komt i butikkane. No er det like før dei kjem på salg, så då er det mogeleg å gjere kupp. Kvitløk som spirer kan puttast i jorda no, og då kan du hauste store, fine løkar neste år utpå seinsommaren. Toppløk kan også gå i jorda no. Er du i byen kan du stikke innom, så skal du få eitt par av meg. (Eg har gitt opp utsending…) Kva løk planlegg du å plante? Eller har du allereie fått dei i jorda?

Paradiseple!


Eg har så lyst til å prøve å lage noko av paradiseple, men eg har det ikkje sjølv. Ikkje veit eg om andre som har det heller. Har du? Eller veit du om eit slikt tre? Kanskje står det eit i ein fråflytta hage eller i eit parkanlegg? Kunne eg få plukke litt mot eit glas eller to med gode greier? Det ville gjort meg så glad! Skriv ei melding i kommentarfeltet viss du veit om slikt.

Steg for steg i ny by


Vi kosar oss i Oxford, med nye menneske og nye plassar å utforske. Vi nærmar oss byen steg for steg. I forgårs dro vi til Magdalen Bridge, og spiste på ein pub der. I går drog vi over brua, og byrja å utforske nærområda rundt Magdalen College. Ein skulle tru at Magdalen College uttalast magdalen, men det gjer det ikkje. Mådlin er korrekt uttale lærte vi i dag. Om det også gjeld Magdalen Street, som er vår forbindelseslinje ut i verda er uklart. Bussjåførane er spanske eller nederlandske, og hissige alle saman, så vi spør ikkje dei. Rett på vestsida av Magdalen bridge ligg Oxford University Botanical Garden. Vi byrja der, og det var eit godt val. Det er ein fin botanisk hage, velstelt og pedagogisk oppbygd med god skilting. Den ligg langsmed kanalen, og dermed midt i eit idyllisk landskap. Det er i det heile mange idyllar i Oxford. Fine bruer, lekre beplantingar og staselege gamle bygg er med på å sette stemninga. Gamlebyen er omkransa av kanalar, som ein kan padle på, ro …

Å sleppe seg nedpå


Å sleppe seg nedpå er eit uttrykk eg har heimafrå, trur eg. Det betyr at ein ikkje er så flittig som ein brukar å vere , at ein ignorerer vedlikehald av eit eller anna, til dømes kropp, hus eller hage. Sist sommar slapp eg meg skikkeleg nedpå i hagen. Det var frodig og flott, men eg skulka lukinga, iallfall på slutten av sommaren. Litt vassarve kan vel ikkje vere så farleg, tenkte eg. Det betalar eg for no. I heile bedet er det tett  i tett med vassarve, som har hatt det godt i mitt feite, skuggevende bed. I går gjekk eg ein runde med ei fiffig skrape eg har fått i gåve, så eg har fjerna det meste. Problemet er når vassarven vever seg inn mellom juleroser, salvie og andre stauder. Så eg noterer flittig for meg sjølv; ikkje slepp deg nedpå denne sommaren, kjære.

Jordskokk og kvann, anyone?


Eg har fått ei korg med jordskokkar. Den har eg brukt det meste av, men i botnen ligg det nokre fine skokkar som eg tenkte blogglesarane mine kunne få glede av. I tillegg har eg mengder av nyspira kvann, no er dei blitt så store at dei er robuste og toler flytting. Men eg er dårleg på utsending. Det er eit styr med pakking og posting, så jordskokkane og kvannen må hentast her sentralt i Oslo. Vil du ha? Send meg mail på altgodtblogg@gmail.com, og så får du adresse og det du treng på mail. Kast deg på!

Brennesle i hagen


Kan eg få minne om at no er tida for å gå ut i hagen (og langs vegkantar og liknande) og plukke brennesle til suppe? Du treng ikkje lage suppa akkurat no, du kan forvelle nesleblada og fryse dei ned til du får lyst på suppe. Så no er det på med hanskar, ta med ei korg eller ei bøtte, og ei god saks. Kos deg med ugraset!

Ein hagedag


Vel, ikkje berre hage. Vi tok ein tur i Pergamonmuseet, der hovodobjektet er  det gjenoppbygde Pergamonalteret frå Bergama i vestlege Tyrkia. Fantastisk! Det er store dimensjonar over dette byggverket. Men så hamna vi ut i det grøne. Eg har eit prinsipp: Når ein lokal person inviterer deg med på noko, sei alltid ja. Du får garantert ein unik opplevelse. Vi vart invitert med på ein togtur over ein halvtime utanfor sentrum, til Marzahn. Der fekk vi sjå Gärten der Welt. Det var ubeskriveleg vakkert, særleg for meg, som kom frå eit Norge som ikkje hadde bytta farge frå grått til grønt enno, iallfall ikkje då eg dro. Men først måtte vi sjå på desse to mennene som sto og vippa på eit tak: Deretter bar det inn i hagen, som inneheldt velkomponerte bed og temahagar. I den kinesiske blomstra magnoliaene. Overalt var beda fylt med flotte sommarblomster og løkplantar. I den japanske hagen fann vi vassfall, rhododendron og dei lekre, raka gruslagde flatene. Og i den balinesiske hagen fann vi lekre orkidéar som liknar på …

Den har byrja.


Blomstringa, altså. I Berlin er syrinane i ferd med å springe ut, innan påska er over står dei nok i fullt flor. Dersom du kjem hit til Neukölln kan du leite opp Richardplatz. Det er ein fin liten plass utan så mange butikkar, men med ein fin liten restaurant som heiter Villa Rixdorf. Der kan du spise schnitzel med kvite asparges, no for tida får du så mange du vil ha, trur eg. Det gjorde eg. Eller du kan bestille dette imponerande grillspydet.

Picasso og Tage Andersen


Noko gamalt og noko nytt. Denne gongen er Tage Andersen det gamle, den plassen eg alltid besøker når eg er i København. Denne gongen hadde eg med meg glade kollegaer, som også sette pris på det han har å by på. Fasanen var i godt lune som vanleg, sjølv om vi kom midt i matpausa hans: Julerosene er nydelege, men syng på siste verset: Picassoutstillinga på Louisiana var det nye på denne turen, og eg var paparazzi-fotograf som vanleg. Eg byrjar å få teken på å ta bilde når vaktene ser ei anna lei. Hockney har oppdaga fenomenet iPad, og har laga eit heilt rom fullt av bilde på slike. Kult!

Klarer eg det denne gongen?


Sist eg prøvde å dele ut frø vart det rot, nokre fekk og nokre fekk ikkje. Eg tok litt skrekken av det heile om eg skal vere ærleg. Men det er som når ein krasjar med bil, det er berre å sette seg i bilen igjen og køyre vidare. Saka er altså at eg sit på masse frø av kvann, angelica archangelica. Vossakvann og fjellkvann er kjende namn på den, nokre kallar den også jol. Dersom du vil ha ein porsjon frø av kvann så send meg ein pm på altgodtblogg@gmail.com, så skal eg gjere alt eg kan for at ein konvolutt med frø skal hamne i di postkasse. Eg veit ikkje korleis du sår den best, men eg veit at kvannestilkar er fine saman med rabarbra, og at dei kan kandiserast. Planten er toårig, så den set frø andre året. Då kan du dele ut frø. 🙂

Kan eg berre få minne om…


fenomenet geriljahaging? Butikkane er fulle av fine potter med vakre løkblomar. Den du ser til høgre her er ein narsiss eller ei påskelilje, av typen bridal crown. Er den ikkje vakker? No i helga kjem folk til å bere heim frå mester grønn og liknande vakre løkblomar som sit på løken sin. Det eg ynskjer meg er at løkane skal få kome i jorda når dei har visna ned. Grav løkane ned på ein jordlapp nær deg, så gler du mange neste år. Er ikkje det ein fin tanke? Det blir på ein måte ei mangedobbelt glede. Først vert du, familien din og vennane dine som kjem på besøk glade for at blomane spring ut hos deg. Så vert tilfeldig forbipasserande glade neste vår, når løkane spring ut på nytt og på nytt. Så legg løkane tørt til jorda er smidig, og grav dei ned slik at dei får leve vidare. Det er det dei er til for. Ha ei fin helg!  

Smeltedagane


For meg er dei blant dei beste dagane i året, desse dagane då sola står på, snøen må gi etter og det dryp frå takskjegg og takrenner. Det er frost i skuggen om ettermiddagen, men det gjer ingenting, det er berre eit teikn på at det vert sol i morgon og. Når eg syklar heim frå jobb er det meir berrt enn slik det var då eg sykla til jobb. Eg kan bruke stiar eg ikkje har sykla på sidan tidleg i november. Det gjer ingenting at eg gløymer hanskane, og buffen kan ligge att i gangen. Eg spring i kjellaren for å finne olje til sykkelkjedet, og når eg kjem ut att så kjenner eg ikkje skilnad på temperaturen i kjellaren og ute. Naboen smiler til meg og spør om eg har teke fram sykkelen for våren, ho skulle berre visst kor mykje eg har sykla i vinter. Langs husveggane trekkjer snøen seg tilbake, og snart kan eg byrje å leite etter snøklokker og krokus. Dei ligg klare og ventar på berre litt meir …

Snart helg!


No er det vel like før helga byrjar, ikkje sant? Eg er iallfall klar for å slappe av i heimen fram til mandag. Denne helga blir roleg, i motsetnad til ein del av dei helgane elles denne hausten, der eg har sprunge frå det eine til det andre. Kanskje får eg nokolunde oversikt over julegåvene, og kan sette opp handleliste. Kanskje får eg lagd nokre julekort og dekorert nokre pakkelappar. Kanskje eg til og med får med meg dette: Oslo og omegn roseforening får besøk av Thomas Proll fra Tysklands ledende roseforedler, Kordes Roser. Vi får høre om nye Kordes-roser som er robuste og lettdyrkede og tilpasset norske forhold, blant annet roser fra Kordes’ nye serie med klatreroser, Fairytail-rosene med gammeldags sjarm, og Rigo-rosene som er spesielt robuste og lettstelte. Kordes har satset spesielt på sykdomsfrie roser. Kom og bli inspirert! Lørdag 27. november kl. 14.00 Biblioteket på Bekkestua (Gamle Ringeriksvei 44). Informasjon ved irene.k@getmail.no eller tlf 95826100 100 kr for medlemmer, 150 kr for ikke-medlemmer (men det går an å bli medlem på stedet). …