All posts filed under: Reise

Ned i undergrunnen


Neida, eg er ikkje borte. Men dei siste dagane i Berlin vart tilbrakt med «meine Berliner Mutti», ei venninne av mora mi som har teke på seg ansvaret for å vere mor for meg når eg er i Berlin. Det har kome vel med tidlegare, men det er ei anna historie. Ho er gull, den dama, og familien hennar og. Men internett har ho ikkje, difor har du ikkje høyrt så mykje frå meg. Laurdag var vi i Berliner Unterwelten. Det er eit slags museum under bakken, der ein får tilgang til å vandre rundt i gamle bunkerar og bomberom, og ein får også sjå på nymotens bomberom i tilknyting til u-bahn-systemet i Berlin. Dei gamle bunkerane vart bygde i samband med at u-bahn-systemet først vart bygd. Dei var av svært dårleg kvalitet, og ville nok ikkje tolt særleg mange påkjenningar, men likevel vart dei flittig brukt under luftraida inn over Berlin under andre verdskrigen. I dei gamle bunkerane var det ikkje lov å ta bilde. I dei nye bunkerane, som faktisk kan ha ein …

Ein urban dag


I går var vi så kulturelle og hageorienterte, i dag var vi meir urbane av oss. Etter ein lang og sein frukost dro vi inn til byen og såg checkpoint Charlie, minnesmerket over jødane som døde under andre verdskrigen, Gendarmenmarkt og Brandenburger Tor. Undervegs fann vi ein fin sushibar ved hjelp av Google maps. Det fungerer faktisk! Sushien var både saftig, frisk og god, men ein smule på den dyre sida. Men den var likevel så og seie gratis, samanlikna med dette prakteksemplaret av fenomenet bil; Bugatti Veyron. Fin, ikkje sant? Men altså, eg skulle ha hatt ganske mykje pengar til overs før eg i det heile teke vurderte å skaffe meg ein slik.

Ein hagedag


Vel, ikkje berre hage. Vi tok ein tur i Pergamonmuseet, der hovodobjektet er  det gjenoppbygde Pergamonalteret frå Bergama i vestlege Tyrkia. Fantastisk! Det er store dimensjonar over dette byggverket. Men så hamna vi ut i det grøne. Eg har eit prinsipp: Når ein lokal person inviterer deg med på noko, sei alltid ja. Du får garantert ein unik opplevelse. Vi vart invitert med på ein togtur over ein halvtime utanfor sentrum, til Marzahn. Der fekk vi sjå Gärten der Welt. Det var ubeskriveleg vakkert, særleg for meg, som kom frå eit Norge som ikkje hadde bytta farge frå grått til grønt enno, iallfall ikkje då eg dro. Men først måtte vi sjå på desse to mennene som sto og vippa på eit tak: Deretter bar det inn i hagen, som inneheldt velkomponerte bed og temahagar. I den kinesiske blomstra magnoliaene. Overalt var beda fylt med flotte sommarblomster og løkplantar. I den japanske hagen fann vi vassfall, rhododendron og dei lekre, raka gruslagde flatene. Og i den balinesiske hagen fann vi lekre orkidéar som liknar på …

Dei gamle egyptarane…


…heldt på i hagen, dei og. I Neues Museum har dei ei imponerande samling av egyptisk kunst, både i stein, i tre og på papyrus. Eg syns denne jenta med ein katt var så søt, figuren er ikkje meir enn 20 cm og skoren i tre. Her er teiknet for Egypt: Dette bildet er teke frå toppen av Berlinerdomen. Ser du hjartet?

Hulter til bulter


Rapportane mine blir litt hulter til bulter, men det får vere. Dagane er hulter til bulter og, så det er eigentleg ganske representativt for reisa vår. Detaljplanlegging er ikkje blant våre satsingsområde. Vi var og såg Topographie des Terrors, den store utstillinga som beskriv korleis det Hitlerstyrte tyske riket oppsto, regjerte og fall. Skræmande, grundig og tankevekkande. Bildet under er av eit datakort (!!) som vart brukt for å måle og beskrive kroppslege karakteristika. Hvorfor gjorde de det da, spurde femtenåringen, og eg vart svar skuldig. Det var litt trivelegare på Alexanderplatz, der hadde dei funne eit høve til å lage fest, det var ganske enkelt ein vårfestival, med telt, servering og underhalding. Vi vart imponert over store gryter med gulasj, steikt sopp, poteter og masse andre gode greier. Dei kan krangle så busta fyk, desse to barna mine, men av og til er dei uendeleg søte mot kvarandre. Eg kunne ikkje anna enn å slakke på, og ta eit bilde av dei då dei gjekk bortover mot Potsdamer Platz.

Fine dagar i Berlin


Her ser du parymehimmelen: Første etasje på KaDeWe i Berlin. Dei har faktisk fleire merke ann Printemps og Lafayette i Paris. Eg fann ikkje Diptyque og L’Artisan, elles var alle dei store, og ei uendeleg mengde små leverandørar der. Femtenåringen fekk seg eit par veldig, veldig kule solbriller frå American Apparel: Og så dro vi tilbake til Trattoria Del Muntagniola, og traff att sjølvaste fjelljenta, som har gitt namn til restauranten. «Die Mamma» har vore med sidan starten, og er opphavet til alle oppskriftene. Ho snakkar praktisk talt ikkje tysk, men er ein solstråle, som kvar kveld sjekkar at gjestane har det bra. Vi var der sist i 2002, og ho som no er femten fekk teikne på papirduken på bordet, og syntest det var kjempestas. No fekk vi alle møte att fru Montagniola, og eg fekk teke eit bilde. Restauranten ligg i Fuggerstrasse 27, bak KaDeWe, om du vil ta turen dit. Be om capunata til forrett, du blir ikkje skuffa.

Eksponeringsterapi


Viss du syns slangar er litt slitsomt å ha i nærleiken kan du vere glad du ikkje var i Zoologische garten i går: Denne dvergflodhesten var ganske søt, ikkje sant? Og for ordens skuld: Mor var heime og jobba. Eg sat med manuset til kokeboka, aller aller siste korrektur. Men femtenåringen tok fine bilde, også nokre berre for å glede mora si:

Den har byrja.


Blomstringa, altså. I Berlin er syrinane i ferd med å springe ut, innan påska er over står dei nok i fullt flor. Dersom du kjem hit til Neukölln kan du leite opp Richardplatz. Det er ein fin liten plass utan så mange butikkar, men med ein fin liten restaurant som heiter Villa Rixdorf. Der kan du spise schnitzel med kvite asparges, no for tida får du så mange du vil ha, trur eg. Det gjorde eg. Eller du kan bestille dette imponerande grillspydet.

Ein liten svipptur…


Jepp, eg er på veg til København i dag. Det er eit businessoppdrag denne gongen, men eg kryssar fingrane for at eg også får tid til å sjå krokusplenen i Kongens have. Forøvrig vonar eg at eg lærer eitt og anna, kanskje kan eg lære andre noko, og iallfall er eg heilt sikker på å treffe mange koselege kollegaer og forretningspartnarar. Eg er tilbake før du veit ordet av det, med inspirasjon og bilde, forhåpentlegvis. Ha ein fin dag!

Ich hab» noch einen Koffer…


…in Berlin! Iallfall har eg ei reservemamma og ein Berliner Bruder som det er alt for lenge sidan eg har sett. Ikkje har dei møtt Kjærleiken heller. Difor har vi kjøpt flybillettar ned dit i påska. Vi byttar husvere med ein familie som bur i Karl-Marx-Allée, men vi kjem nok også til å vere mykje i Rüdow, hos reservemammaen. Det skal bli fint å sjå dei alle igjen, og eg gler meg til å vise byen som eg ein gong følte som min til min kjære og til dei to ikkje fullt så små som før, som ikkje har vore der på seks år. Kvar går di påske?  

Vil du på reiselivsmessa?


Det er reiselivsmesse på Lillestrøm til helga. Eg har fått to invitasjonar, men kan dessverre ikkje gå. Men kanskje du vil? Det kostar 250 å kome inn, så det er litt å spare. Send meg ein mail på altgodtblogg ætt gmail.com, så får du den tilsendt viss du er nr. ein eller nr. to til mølla.

Inn ei ny dør


Korleis vi får nøklane varierer. Av og til møter vi ein nabo, nokre gongar møter vi dei vi skal bytte med her i Norge eller der vi kjem, og andre gongar ligg dei i ein konvolutt i ein ekspedisjon eller eit hittegodskontor på flyplassen, gjerne saman med bilnøklane, parkeringslappen som vi skal betale for og eit hyggeleg brev med instruksar om korleis vi skal køyre. Når vi kjem fram er det stilt, vi parkerer bilen og stig ut. Stort sett reiser vi «lett», vi har alltid tilgang til vaskemaskin, og sengetøy og handklede brukar vi av det som er i huset. Det gjer at vi reiser med små koffertar, eller klede til to i ein koffert. Når vi låser oss inn er det alltid spennande å sjå om vi kjenner oss att frå bilda på boligbytte.no. Vi går frå rom til rom, avtalar kven som skal sove kvar, sjekkar ut badet og kjøkkenet, og gjer oss kjent i huset. Skal vi ha gjestar i løpet av opphaldet planlegg vi kvar det er best at dei …

Tilboda rausar inn!


Romjula er tid for avslapping, ettertanke og frøbestilling blant dei hagegale. Men det er også beste tida for å sende og å motta boligbyttetilbod. Berre dei siste dagane har vi motteke tre tilbod frå Italia og eit frå Sveits. Det hus og husvære i vakre byar, pittoreske og sjarmerande. Det er tydeleg at det gode flytilbodet frå Nord-Italia, både Bergamo og Treviso, er med på å gjere Norge attraktivt for italienske boligbyttepartnerar. Håkken skal ein godblunke til, er spørsmålet vi må stille oss sjølve. Førebels har vi ikkje teke fast på noko, men det er ikkje lenge til vi må bestemme oss, iallfall seie nei til dei vi ikkje vil bytte med, slik at dei kan gå vidare i samtalar med andre. Vi byttar gjennom Homelink, som du kan besøke på http://www.boligbytte.no. Sjølv om du ikkje er medlem kan du gå inn og kikke for å sjå kva aktuelle bytteobjekt som finst der du vil reise. For den reiseglade er det reine godtebutikken å virre rundt på favorittdestinasjonane og sjå kva som byr seg. Erfaringane våre …

Ei fin helg


Ja, det var det. Vi feira oss sjølve, og livet. Fredag kveld: Utsikta frå sofaen laurdag morgon: Frå båten: Den aller største brennmaneten nokon nokonsinne hadde sett… -Og så dansa vi til langt på natt. Nei, det har eg ingen bilde av.

Aldri sur!


Iallfall skal eg ut på tur. Når du les dette er eg ombord i ein båt som skal frakte meg og ein heil del andre ned til Kiel, der dette staselege vasstårnet er eit av landemerka. Høvet er eit jobbseminar, og eg gler meg til dette vesle avbrekket. Eg kjem til å ta med kamera og mac, så du høyrer frå meg før du veit ordet av det.

Kva skal ein med fiendar…


…når ein har slike kollegaer? Vår økonomiansvarlege sit innerst i gangen, og finn stadig på rampestrekar av ulik art. Denne gongen vart han offeret. Eit defekt tastatur dukka opp, det fekk dytta bomull ned mellom tastane, og den vart samvitsfullt fukta. Torsdag kveld vart karsefrøa sådd i den våte bomulla, så når han kom på jobb tirsdag morgon var karsen allereie klar til å bli hausta. Han har framleis ikkje funne ut kven syndaren er, og eg seier berre: I know nothing, I’m from Barcelona…

Tilbakeblikk


I dag reiser vi heim frå Paris. I kveld, for å vere heilt presis, vi landar ikkje på Gardermoen før i ellevetida. Mange var skeptiske når eg sa vi skulle vere over to veker i Paris. Du kjem til å kjede deg, var det nokre som sa. Det kjem til å bli stressande sa andre. Atter andre var kjempemisunnelege, enkelte av dei er like opptekne av parfyme som meg. Vi har storkost oss heile tida her nede. Vi traff eigentleg ganske godt, vi er ikkje leie, men klare for å dra heim. Fjortenåringen har fått ein boost i franskkunnskapane sine, ho har stor glede av å lese plakatar, lære faste uttrykk og sjå språket brukt i praksis. Vi kryssar fingrane for at det gjer hausten i tiande lettare. Eg har tøysesnakka masse fransk, i dag førte eg ein heil samtale med ei dame i ein butikk, men til slutt måtte eg legge inn årene, og innrømme at eg feika. Ho la i veg om ulike typar te, og eg datt av lasset i ein sving. …

På loppemarknad i Paris


På laurdag, før vi gjekk på paparazzirunde på Rue Cambon, var vi innom vår «lokale» loppemarknad her på austkanten av Paris. Vi gjekk rue Avron til endes, og der møter gata den store ringvegen rundt Paris, Le Pereferique. Det er ein motorveg med mange filer, men i det krysset er det ei stor rundkøyring med fotgjengarfelt slik at ein kjem over på andre sida utan å krysse motorvegen. Rett på utsida av motorvegen her er det ein stor loppemarknad som breier seg langs gatene som går parallelt med motorvegen. Paris er kjend for loppemarknadane sine, det mest kjende er vel Marché de Puce de St. Ouen som ligg på baksida av Sacre Coeur, på Montmartre. Metrostoppet er Porte de Clignancourt. Det ligg også eit stort eitt på Rue Ledru Rollin (rett ved Promenade Plantée), Marché aux puces d’Aligre. Det finst mange fleire og, det var dei eg kom på i farta. Nokre er oppe berre enkelte dagar, men St. Ouen er ope «alltid». Det er klart du kan gjere kupp på loppemarknader her i Paris, …

Nytt paparazzibilde


Vi var innom Chanel i går, eg skulle lukte meg igjennom Les Exclusifs. (Ingen nye darlings, dessverre, vurderte både Beige og Coromandel nøye, men ikkje FB-verdig.) Elleveåringen syns solbrillene var så kule, så han prøvde nokre. Det er eit fotoforbud inne på Chanel i Rue Cambon som er strengare enn det på Musée d’Orsay. Eg visste eg hadde ein sjanse, så eg stilte inn kameraet etter beste skjønn og hadde det klart ved sidan av veska mi. Akkurat idet alle ekspeditørane og muskelmannen i døra var uoppmerksomme eller opptekne med andre ting, vrei eg meg rundt og knipsa. Her er resultatet. Er han ikkje skjønn? Fire og eit halvt sekund etter at eg hadde knipsa var muskelmannen og to ekspeditørar i rommet. Eg veit ikkje om dei er trent opp til å kjenne igjen lyden av eit kamera, men dei var iallfall umenneskeleg kjappe. Men då låg allereie kameraet trygt i veska mi. Eg kan nemleg også vere umenneskeleg kjapp, viss eg vil. Så det så.

Musée d’Orsay


Louvre tek ansvaret for den historiske og klassiske kunsten i Paris. Den ombygde jernbanestasjonen Musée d’Orsay, eller M’O som dei kallar den her i byen, presenterer impresjonismen og postimpresjonismen. I tillegg er det her samla ei flott utstilling av marmorskulpturar, og ikkje minst ei praktfull samling med art noveau-møblement. M’O ligg fint til langs Seinen, rett overfor Tuilleriane og Louvre som i eit triangel. Her finn du dei mest sentrale verka av kunstnarar som van Gogh, Renoir, Seurat, Manet, Monet, Gaugain og Cezanne, for å nemne nokre. Det som er litt morsomt for oss som har budd på hybel og trengte veggpryd er at mange av desse bilda er flittig brukte plakatmotiv. Det var uråd å kome inn på ein hybel i Volda eller på Kringsjå seint på åttitalet og ikkje finne vannlinjene til Monet eller dei pianospelande jentene til Renoir. Brått så står du der framfor originalen til motivet på dei falma kunstplakatane, og blir fjetra av rørslene i van Gogh sitt maleri av kyrkja i Auverne, av stoffet i kjolane til Manet sine …

Versailles – Rive Gauche


I torsdag dro vi ut til Versailles, noko som skulle vise seg å verte ein langdryg tur. Grunnen til det var at toglinja vi skulle ta hadde reparasjonsarbeid på gang (ja, her og…), og buss for bane gjorde ikkje susen. Frykteleg irriterande, hadde vi visst det på førehand hadde vi berre reist til ein stasjon lenger ut på linja. Men ein tenker ikkje på å sjekke slikt, det er vel eit teikn på at vi faktisk stolar på det parisiske metrosystemet. Men når vi først var komne på rett tog hadde vi det fint. Dette er eit rer-tog som går mellom Versailles og Orly, eit slikt i to etasjar. Vi fekk utsiktsplass oppe, og spiste lunchen vår på veg utover til Versailles. Pass på at du går på det toget som det står Versailles Rive Gauche på, det andre som gjer at du får ein mykje lengre spasertur i Versailles, står det Versailles Droite eller Versailles Chantiers. Som til Disneyland kjøpte vi tur-returbillett med ein gong, berre pass på å halde dei brukte og dei …

Promenade Plantée


Som ein ekte hagegal har eg stor glede av Paris. Denne byen inneheld mange fantastisk vakre hagar, og det er tydeleg at styresmaktene her i byen har brukt mykje krefter og pengar på å oppgradere bustadområde og bydelar ved hjelp av hagar. Den mest spesielle eg har funne til no heiter Promenade Plantée. Den er ei kilometerlang stripe med hage som er plassert oppå eit forlatt jernbanespor som går på viaduktar langs Avenue Daumesnil, i Bastille-området. Eg har sykla forbi der tidlegare, og ikkje vore klar over at det ligg ein hage der oppe, høgt over byen. Oppgangen til hagen er i krysset Avenue Daumesnil/Avenue Ledru Rollin, viss du kjem vestfrå. Ein kjem ikkje opp der med barnevogn eller rullestol, med mindre ein tek musklane til hjelp. Det er ein heis der, som tydelegvis sto i sju steinar. Jernbana på denne linja vart avvikla på slutten av sekstitalet, men det var ikkje før midt på åttitalet at dei byrja å planlegge ein hage her. Landskapsarkitektar og arkitektar vart engasjerte, og resultatet er ikkje mindre enn …

Disneyland Paris – ei slags bruksanvisning


Når ein elleveåring med eit litt anstrengt forhold til Paris skal vere der i ei veke må ein planlegge aktivitetane nøye, og ikkje minst ta han med på råd. Min elleveåring sitt einaste ønske var at vi skulle dra til Disneyland. Disneyland i Paris er eigentleg to parkar, Disneyland Park og Walt Disney Studios Park. Eurodisney er det gamle namnet, som ikkje gjeld lenger. Den ordinære billetten gir tilgang til ein park i ein dag. Betalar du ti euro til får du tilgang til to parkar i to dagar. Om ein skal velge den eine, den andre eller begge avheng av kva ein er interessert i, og kva alder det er på dei som skal vere med. Walt Disney Studios er definitivt artigast for dei store. Der er fokus på filmkunst, på spesialeffektar, animasjonar og filmtriks. Og shopping, sjølvsagt. Disneyland Park er meir teikneserieorientert, med ei laaaang shoppinggate, masse kaféar med til dels elendig og konsekvent veldig dyr mat og aktivitetar som rettar seg mot dei mindre barna. Skilnaden i pris mellom ein og to …