Nepal

Denne reisa gjorde vi sommaren 2006, vi bytta hus med ein norsk familie som budde i Kathmandu. «Dagboka» frå reisa vart posta på Hagegal, og eg skreiv nesten kvar dag under reisa. Mange har etterlyst denne her på bloggen, så her er den.

Vi reiste frå Oslo grytidleg onsdag morgon. Alle var passe trøtte, vi er jo i feriemodus… Turen til Paris og vidare til Doha gjekk fint. Doha var ei badstu, med ei luftfuktigheit som nærma seg det du finn i eit basseng! Masse flotte mannfolk i lange kjortlar og med kvite skjerf på hovudet. Det var rart å sjå damer som i Paris kom i høge hælar, søkklasta med Guccivesker og i dongeri, og som heiv på seg full burka før dei gjekk ut av flyet.

Vi reiste frå Doha rundt midnatt. Flyet var fullt av minst 120 mannlege nepalesarar som er gjestearbeidarar i Doha og områda rundt, og så nokre få turistar. Qatar Air har fantastisk servering ombord, også på økonomiklasse. Så vi var ferdige med middagen sånn rundt kl. 02:00, litt snodig, men det er utruleg kva ein blir vant til. Vi prøvde å sove, med vekslande hell.

Utover morgonkvisten vart vi merksame på ein fyr som gjekk fram og tilbake i midtgangen. Han såg ikkje heilt god ut, men vi tenkte ikkje noko meir over det. Men når klokka byrja nærme seg 05:30 byrja han bli meir og meir uroleg, og ropte og hauka bak i flyet. All servering og taxfreesalg vart kansellert på grunn av han, og plutseleg gjekk han til åtak på ei av flyvertinnene. Ho vart kjemperedd, og det vart ganske uhyggeleg stemning i flyet.

Dei 120 mannfolka såg det som si oppgåve å kneble og uskadeleggjere denne fyren, og det gjorde ein gjeng av dei ved å banke han ganske ettertrykkeleg opp. Vi var ikkje spesielt høge i hatten då, slagsmålet gjekk føre seg to seterader framfor oss. Etter litt diplomati, som stort sett gjekk ut på å få ein til å sette seg med den ustabile og halde han fast resten av turen, og få dei øvrige 119 til å sette seg ned og telle til 10, roa det heile seg noko. Men vi merka at pilotane ga full gass mot Kathmandu; dei ville tydelegvis ned så snart som råd var. Då vi landa kom det politi ombord og henta fyren ut.

Men: bortsett frå det har vi det no kjempefint, alt er sjølvsagt heilt annleis enn vi er vande med, men vi har masse «støttekontakter» som hjelper oss. Vi er her midt i regntida (som stort sett betyr at det regnar om natta), så hagane rundt her er fantastiske. Kameraet mitt vart sjølvsagt stole frå kofferten, trass i at den var låst med hengelås, men eg skal prøve å få kjøpt eit nytt medan eg er her, slik at eg får teke bilde som dokke skal få sjå.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s