Vi har hatt ei deilig, lang helg på Sørlandet, med gode vener, god mat og turar hit og dit. I Grimstad hagla det, men heldigvis gjekk det fort over. På Mærdø vart vi solbrende, og spiste deilig is. Vi gjekk på tur i skogane på Hisøya, og såg på dei gamle NATO-anlegga, på fine hus i Sandviga og fann teppe av natt og dag. Fint! 😀
Vertinna langt der oppe:
Natt og dag i fjøresteinane:
No veit vi kvar han parkerer:
Vakre sørlandet:
Friedrich Nietzsche skal visst ein gong ha sagt noko slikt:
-Enkelte menneske vert aldri tenkjarar rett og slett fordi dei har for mange gode minne.
Har du sjekka tenkeevna i dag ? 🙂
Oj, dette er alvorleg, Anders. Burde eg bli bekymra? 😉
Nei, trur ikkje det. Søren Kierkegaard var visst ingen lukkeleg mann og særleg langliva var han heller ikkje. Det vert sagt at han tenkte seg i hel.
Det så ut som en finfin måte å tilbringe helgen på!
Så du noe til Hollenderen i Sandviga?
Nei, han var ikkje der, dessverre. Han er nok ute og seglar.