All posts filed under: Bokprosjekt

Har du sylta i år?

Ja, eg veit det er tidleg, men likevel: nokre ting må syltast akkurat no. Fenomenet sesong har nesten blitt borte for oss, vi importerer asparges frå Peru heile året, og jordbæra kjem for å gjere oss glade frå Belgia eller kvar det no er til morsdagen. Men ein ting får du kun tak i i månadane frå januar til mars, det er blodappelsin. Finn du ein pose så kjøp han med deg. Du vil ikkje angre. Blodappelsin har ein utruleg intens smak, mykje kraftigare og meir aromatisk enn sin overvektige bror den vanlege appelsinen. Blodappelsinen er mindre, du kan finne steinar i den, og den er altså så lunefull at den berre vitjar oss ei kort periode. Då gjeld det å nytte høvet. Eg er ein forkjempar for sylting året rundt, og når du finn saftige, perfekte blodappelsiner så er den beste måten å ta vare på den på å sylte den. Du får ein sødmefull, aromatisk og lett bitter marmelade som er heilt uovertruffen på brie, på brunost eller på scones med godt smør …

Sylteboka i nytt opplag!

Samlaget har bestemt seg for å lage eit nytt opplag av sylteboka mi, og no er den ute i butikkane! Det syns eg er veldig stas, spesielt no når NTB kan fastslå at sylting faktisk er trendy. Ikkje berre trendy, men supertrendy! Eg kjenner meg som ein pionér på sylteområdet, faktisk, som kom med boka mi i 2012. Når ferien er over kjem Samlaget og eg tilbake med ein signeringsrunde, der du kan bestille boka hos Samlaget, få den signert av meg, og så tilsendt med fri porto. Boka kostar no 299,-. Blir ikkje det fint?

Oslo Bokfestival – here I come!

Ikkje åleine då, men saman med eit kobbel av kokebokforfattarar som eg skal presentere i Saras telt. Anne Kath. Hærland skal snakke om si bok Latterlig enkelt, latterlig godt, og Bent Stiansen skal presentere si kokebok Norge Rundt, der han har besøkt sine tidlegare tilsette som no driv gode spisestader rundt om i Norge. Jon Martin Alfsen kjem og, han har skrive ei kokebok om kvardagsmat, heilt enkelt. Så om du er i sentrum av Oslo no, så stikk innom i teltet klokka to, då går vi på scenen. Velkommen!

Vil du gi bort ballboka i julegåve?

Då har du sjansen no! Og du kan til og med få den signert av meg. I neste veke drar eg ned til Samlaget, og signerer ein stabel av bøker, og Samlaget dekker portokostnaden for å få boka fram til deg. Boka kostar 379,-, faktura følgjer med boka når du får den. Du kan også få Sylting og safting, og Smalhans om du har lyst å gi bort dei. Dei er nedsett i pris, så dei kostar 199 per stykk. Eg signerer også desse, gjerne til den personen du skal gi dei bort til. Eller til deg sjølv, om du vil sikre at iallfall ei julegåve vert heilt rett i år. For å få reservert bøker til deg så sender du ein mail til a.tresselt@samlaget.no, og seier frå kva bøker du vil ha, og kor mange. Kast deg på, så har du årets julegåver i boks før du veit ordet av det!  

Ny bok! Ballegôve på Runde!

Ja, no har den nye boka mi komt frå trykkeriet. Er den ikkje fin? Flinke Gunda Marie Næss har teke lekre bilde, akkurat som ho gjorde med sylting og safting. Ball er mindre fotogent enn syltetøy, det kan vi vel vere einige om, men ho har jammen klart å ta flotte bilde av ball og arbeidet med å lage ball. På søndag skal vi ha fest på Runde Miljøsenter, der blir det servert ball frå klokka eitt, og klokka tre kåserer eg om ball og alt som høyrer til. Er du i traktene ville eg bli veldig glad om du kom!  

Kokebøker til halv pris hos Matbloggsentralen!

Matbloggsentralen er som du kanskje veit ei samanslutning av dei aller fleste matbloggarane i Norge. Der finn du utfordringar, Vekas bloggar og masse anna spennande. No har Matbloggsentralen inngått ein avtale med Tanum bokhandel. Den avtalen inneber at eit knippe av bøkene som medlemmane av Matbloggsentralen gir ut er tilgjengelege til halv pris! For å få bruke dette tilbodet går du inn i Tanum sin nettbutikk. Så legg du dei bøkene du har lyst på som er skrivne av matbloggarar i handlekorga, og så brukar du rabattkoden MATBLOGG når du handlar. På denne måten kan du til dømes få tak i Smalhans og Sylting og safting heile året til halv pris! Tilbodet varer fram til 20. oktober, og er ope for alle. Har du planar om å gi mine bøker i julegåve til nokon er dette den perfekte måten å gjere det på. Møtest vi IRL skal du til og med få signatur i viss du vil ha. God kokebokshopping!

Live-sylting på Runde!

I morgon, laurdag 31. august, er eg klar for live-sylting på Runde Miljøsenter, i heimkommunen min Herøy! Eg kjem på fly oppover, så eg har ikkje med meg så mykje bær. Difor må dei som kjem ta med seg det dei har lyst til å få sylta, og så lagar vi det vi det eg får inspirasjon til, og delar på alt. Så er du i nærleiken, og har ei solbærbusk eller ei stikkelsbærbusk som du ikkje har plukka heilt rein (for ikkje å snakke om plommer!) så ta det med og så syltar vi i vilden sky. Blir ikkje det bra? Eg gler meg iallfall veldig. Vi sjåast! 🙂

Eg treng hjelp! No i helga!

Og då er eg i Stjørdal, så ting må skje der oppe. Greia er at Gunda og Gunda lagar kokebok igjen. Denne gongen handlar det om ball! Alle sortar ball, raspeball, klubb, klot, risk og alt mogeleg anna som folk rundt om i verda lagar av potet, mjøl og salt. Men Gunda og eg klarer ikkje å lage all denne ballen sjølve. Så dersom du er i Stjørdal eller omegn treng vi hjelp av deg. Oppgåva vi gir deg er å lage ei balloppskrift som du får frå oss. Så kan du kome og levere den hos Gunda enten torsdag, fredag eller laurdag, slik at vi kan fotografere din ball. Vi er ikkje rike, men premien du får frå oss er ei gratis ballbok signert av oss begge Gundaene når den kjem frå trykkeriet. Vi treng ikkje store porsjonar, viss du fyller ei isboks er det nok til oss. Resten kan du servere til familien din. Viss du syns dette er vel verd å bruke tida di på, så send meg ein e-post, så får …

Ein liten førjulsturné!

I helga skal eg på ein liten førjulsturné på Sunnmøre! Er du der vonar eg at vi møtast. På laurdag føremiddag møter du meg på Norli på Moa. Der syltar eg og signerer bøker frå elleve til eitt. Så dreg eg avgarde til Larsnes og Sandemessa. Der finn du meg på standen til Eiken Libris, og utpå ettermiddagen stikk eg ned på skulekjøkkenet og syltar der og. I fjor lagde eg lakserullar, men i år vert det altså heimelaga julegåver som er temaet. Det er også temaet på Brudavolltunet i Ørsta på søndag. Min medbloggar Heidi har teke over som dagleg leiar på Brudavolltunet, og der lagar vi i stand juleverkstad søndag klokka 13:30. Det kostar ein femtilapp å kome inn, men då ordnar vi med materiell til ein strålande flott juleverkstad der du får vere med å lage julekort, julegåvelappar, syltetøy, kanskje ein god eddik, vi skal lage fuglebollar og opptenningsrullar og mykje anna morosamt. Det trur eg blir ein strålande fin dag. Så vil du bli med på førjulsmoro med meg denne helga, …

Den grå juvelen

Eg heldt eit kåseri på laurdag på ein strålande fin fest der ekte, sunnmørsk raspeball vart servert. Det har kome nokre oppmodingar om at eg bør publisere det i bloggen, og eg er ikkje vond å be, så difor kjem det her: Andektige sit vi og betraktar tallerknane våre, dette unike vestlandske mateventyret som vekkjer heimlengten sjølv i Oslobuarar på tredevte året. Sjølv om vi i kveld feirar og hyllar raspeballen så finst det utruleg mange variantar av ball, sjølv om ein berre ser på dei næraste fylka rundt oss. I Møre og Romsdal får du servert potetball eller raspeball, gjerne med rabbe (kålrot, kålrabi), saltkjøt eller pølse og smelta smør. På Nordmøre og i Romsdal får du gjerne blandaball, der potetmassen er blanda med fiskefarse. Du kan også få saltfiskball eller grovfiskball, som er laga av tørrfisk eller klippfisk. I Trøndelag får du ofte klubb. I Sogn og Fjordane får du servert raspekake med svine- og saueknokar, dette er tradisjonsmat på ”fotatorsdag”, skjærtorsdag. På sørlandet  får du kompe, her må væske pressast ut av …

Alt godt i Nitimen!

Jada, det er nitime på laurdag og. Og i dag skal eg vere gjest! Rundt 10:20 kan du høyre meg, då skal eg seie noko om potetball. Det er nemleg ein sunnmørsgjeng som møtest i kveld og lagar ball, og dei har Nitimen fatta interesse i. Eg skal snakke om ball til sunnmørsgjengen i kveld, og då må eg jo snakke om det i Nitimen og. Så skru på apparatet ditt, og lytt til ballsnakk! 😀 (Lurer du på kvifor dette innlegget er tagga under bokprosjekt? Fordi…)

Eg live-syltar igjen!

I går ettermiddag sette vi oss i bilen, og pressa oss ut av Oslo i ettermiddagsrushet. I dag tidleg vakna eg i ei deilig seng på Fretheim hotell i vakre Flåm! Her er vi deltakarar på Nynorske Litteraturdagar, og saman med nynorskcelebritetar som Agnes Ravatn, Linda Eide, Kristin Fridtun og Bremnes-brødrene får eg vere med på å spreie litteraturglede i Aurland. Så er du i området må du stikke innom Fretheim hotell i ettermiddag. Klokka 17:30 live-syltar eg framfor eit vonaleg interessert publikum. Ha ein fin laurdag, med eller utan sylting!

I dag! På tv!

(Puh, denne gongen gløymde eg ikkje å seie frå.) I ettermiddag, sånn i sekstida, er eg på tv igjen! Denne gongen er eg til og med på eigne bein, utan Hanne på Høyden som støttekontakt. Det vert i overkant spennande, men det går sikkert bra. Eg skal lage urtesalt, eg skal sylte tomatar og så må eg vise nektarinsyltetøyet ein gong til, for det er så lett. Så om du har lyst til å sjå meg på tv, så skru på NRK1 klokka seks. Har du søvnproblem går programmet i reprise klokka 05:00 (!!) torsdag morgon, og for dei heimeverande går det i reprise klokka eitt på torsdag. Heng på!

Sylteboksignering – i Oslo!

Du treff meg på Ringnes park, øverst på Grünerløkka, fredag klokka tre! Butikken heiter Tanum, og der har dei stabel på stabel av den nye boka mi. På Tanum Ringnes park blir det live-sylting igjen, eg har ikkje heilt bestemt meg for kva eg skal lage, men smaksprøver vert det iallfall. Og så signerer eg Sylting og safting heile året til deg viss du vil kjøpe ei. Heng med!

Live-sylting i Stjørdal!

Førstkommande fredag lagar vi lanseringsfest for Sylting og safting i Trøndelag! Dei to Gunda-ene, GundaM og eg, signerer bøker, eg syltar og det blir stor ståhei på Bruktbo. Du finn Bruktbo i Sutterøygata 22 i Stjørdal, og frå klokka elleve til klokka tre blir det bokslepp og mykje moro. Bruktbo er plassen der GundaM har funne mesteparten av alle greiene vi brukte for å presentere syltetøy og saft i boka, så kanskje du og finn noko fint som inspirerer deg der? Kom og bli med om du er i nærleiken!

Vil du ha frukost hos meg?

Det blir ikkje heime hos meg altså, men i morgon tidleg, klokka ti (vel, kanskje kvart over) i Ørsta og rundt elleve i Volda, lagar eg frukost. Då får du ferskt, godt brød, og du kan sjå meg sylte nektarinar, jordbær og rabarbra, og smaksprøver vert delt ut med raus hand. Yr.no er sånn passe entusiastisk til det heile, men eg skal iallfall gjere mitt beste for at det skal bli ein triveleg frukost. Dei nynorske festspela sel Sylting og safting heile året begge stader, og eg signerer når eg berre har fått vaska syltetøyet av hendene. Kom innom om du er i nærleiken!

No er den her!

Den nye boka som GundaM og eg har laga, Sylting og safting heile året er i butikkane as I type! Men du er spesielt heldig, for du kan få ei signert utgåve i posten. Send ein mail til Maren Ingeborg Hvamstad i Samlaget, adressa er M.Hvamstad@samlaget.no. Boka kostar 369,-, og Samlaget dekker porto. Kast deg rundt, og send mail til Maren om du vil ha bøker signert av meg!