Mine favorittsnurrar
”Det e so snerte”, brukte ei tante av meg å seie når ho hadde funne ein ny og praktisk måte å gjere ting på. Eg syns det er eit svært treffande uttrykk, og elskar alt som er ”snerte”, altså enkelt og lettvint. No når jula snart står for døra og det tetnar til med julebord, avslutningar, marknader og andre samanstøt av ulikt slag må ein gjere det litt snerte. Då tek eg meg god tid ein søndag, og bakar nokre posar fulle med desse knallgode snurrane. Dei er så enkle å ta i handa når ein spring ut døra, dei går i matpakken, og dei kan til og med vere familiens bidrag til ein klassefest som kom litt brått på. Eg lagar ein slags pizzadeig, og her kan du variere kor grovt mjøl du brukar. Eg brukar ofte ei blanding av kveitemjøl og fint sammale mjøl, det gjer snurrane meir mettande, og gjev litt meir fiber i kosten. På den utkjevla leiven smører eg ein oliventapenade eller ein raud pesto, og snurrar saman til fine, …