Month: mai 2017

Limemarmelade

Sitrusmarmeladar er som oftast veldig gode, og det siste eg har prøvd meg på er limemarmelade. Det byrja med at eg fekk ei eske lime i fanget, og måtte gjere det beste ut av det. Det er grenser for kor mykje mohito eit menneske kan drikke, så eg slo meg raskt på syltinga. Her har eg ganske enkelt brukt heile limen med skal og saft. Skalet er rikt på pektin, og har mykje mindre av det bitre, kvite som appelsinen har. Når skalet får koke over litt tid med sukker utløyser det det naturlege pektinet i skalet. Dette reagerer med sukkeret, og gjer at syltetøyet vert stivt og fint. Eg brukte ein pakke grønn Certo likevel, men det er ikkje sikkert det er nødvendig. Lime er supersurt, så bruk gjerne hanskar når du held på, det beskyttar hendene. Det gjer og at det må ganske mykje sukker i marmeladen for at den skal bli passe søt. Prøv denne marmeladen på ein smakfull  kvit ost, som ridder eller gruyére. Fantastisk godt! Limemarmelade Ca. 2 kg lime …

Sunn vårsnacks – ferske vårrullar

No er butikkane fulle av friske, fine vårgrønsaker, og kva lagar vi då? Ferske vårrullar, sjølvsagt! Ferske vårrullar er passe eksotisk, passe sunt og med deilig frisk, sprø smak. Du kan fylle det med det du har i huset, eller gå bananas i grønsaksbutikken, og finne masse spennande som kan puttast i rispapiret. Utgangspunktet er nemleg asiatisk rispapir. Det er ein enkel deig av rismjøl og vatn, som er tørka til stive flak. Dei skal fort fuktast, og så er dei klare til å bli fylt med gode greier. Dei klassiske vårrullane er friterte, men desse skal spisast usteikte, med tynt snitta fine grønsaker inni. Det som verkeleg løftar dei ferske vårrullane er sausen du dyppar dei i. Eg har laga to ulike, ein som er basert på søt chilisaus, og ein som er basert på hoisinsaus. Enkle greier, altså, men du må ein tur i den eksotiske hylla i butikken, eller innom din næraste eksotiske matbutikk. Der finn du eit enormt utval av sausar, dippar og krydder, og ikkje minst fersk koriander, som er …

Saftig burger

Middag ute? Tja, det er kanskje ikkje heilt tida for det. Men ein klassisk, saftig hamburger kan ein jo lage inne, og så kan du spare oppskrifta til den varmande sola dukkar opp att. Og når du først er i gang, så kan du like gjerne lage tilbehøret og, ikkje sant? Eg serverer mine hamburgerar med ein syrleg coleslaw, og ferske, luftige hamburgerbrød. For å få dei gode og ikkje alt for harde har eg litt smør og eit egg i deigvæska. Det gjer at dei får perfekt konsistens og smak. Eg likar frø på hamburgerbrøda, og sesamfrø er det klassiske strøet. Denne gongen prøvde eg med valmuefrø, og det vart også veldig godt. Vil du ha frø på bør du pensle bollane med egg for at frøa skal sitte fast. Sjølve burgeren er det veldig lite styr med. Du treng ikkje spe eller kna deigen spesielt mykje, berre krydre den forsiktig, slik at kjøttsmaken vert framheva. Når eg skal verkeleg slå ut håret finhakkar eg oppbløytte, soltørka tomatar og rører inn i kjøttdeigen. Det gjev ein …