Brett ut og bøy heilt tilbake
Brett ut og bøy heilt tilbake. Ja, det sto på dei gamle mjølkekartongane, men i dag skal vi gjere det med ein heil kylling. Heil kylling er både god og billig mat, og ikkje minst er det bittelitt imponerande når gjestane kjem. Det ser flott ut, og det smakar veldig godt. Ein stor kylling er nok mat til fire, viss du har forrett og dessert. Får du gjestar, kan du fint brette ut to kyllingar i ei stor langpanne, og ha mat til åtte. Det fine med ein flat kylling er at den er lett å handtere, den veltar ikkje i panna, og den blir jamnt og fint steikt. Du slepp at brysta blir brunsvidde og tørre, medan låra framleis treng ein halvtime til. Kyllingen er raust krydra med chili og røykt paprika, du kan sjølv justere kor ”hot” du vil ha det med å justere chilimengda. I dag har eg lagt løk i langpanna, og så brukar eg øl som steikekraft. Eg er ikkje glad i øl åleine, men til kraft passar ein lys pilsnertype …