Month: juni 2017

Perfekt til bufféen

Når gjestane kjem er det fint å kunne fylle ein lekker buffé med forskjellige rettar. Då finn alle noko dei likar, og ikkje minst kan ein prøve litt av kvart, og få smakt det meste. I dag får du to oppskrifter av meg, som er perfekte til ein buffé. Og lagar du den eine har du langt på veg laga den andre! Superpraktisk, altså. Eg lagar små pizzaer med kvit topping, potet, asparges og bacon. Dei er så gode at det er vanskeleg å halde seg i skinnet. Til og med når dei er kalde er desse pizzabitane knallgode. Det praktiske trikset er å lage dobbel deig, og så lagar eg ostepinnar av deigen som er igjen. Då får du to ulike rettar, med mykje mindre arbeid enn om du skulle byrja på nytt. Ostepinnane smakar perfekt til eit godt glas vin, og er fine å servere til ei suppe, eller som tilbehør til ein salat. Begge delar er laga med ein klassisk gjærdeig. Eg brukar fersk gjær, eg syns den har meir sprut i …