Ei sol i vindauget
Desse vakre peonane kom i hus i høve kjæresten min sin fødselsdag som vart feira forrige søndag. Då var dei tette, lakserosa peonknuppar, eit klassisk sommarteikn for meg. No syng dei på siste verset, men dei er utruleg vakre her dei står som lekre, mjuke dyner ein kan sige ned i. Dei har altså skifta farge frå lakserosa til kremgul, heilt utan forvarsel. Har du råd, så kost på deg nokre innepeonar no. Utepeonane kjem ikkje på ei lang stund enno, så med ein innebukett kjem liksom sommaren nærare. God søndag!