Month: november 2011

Røyklagt

I går kveld vart vi fullstendig røyklagt der vi sat og kosa oss i skinet av stearinlys. Her vi bur er det ein gamal kokskamin som syter for varme utanom straum og stearinlys. Den gjer stort sett ein grei jobb, sjølv om den er så liten at den krev stutt ved. Byved kallar dei det, folka som kjem hit med femten sekkar bjørkeved kvar haust, den er berre 20 cm lang. Men i går var det altså kombinasjonen av døyande eld og ein heidundrande vind ute som gjorde at det slo ned noko voldsomt. Det var verre enn på julemarknaden til Steinerskulen. Å lufte var håplaust, då fekk vi inn røyken frå alle dei rundt oss og. Likevel er vi blant dei heldige som faktisk kan fyre i indre by. Brannvesenet har vore ute på inspeksjon i svært mange gårdar som er bygd mellom 1890 og 1920 dei siste månadane, og mange har blitt pålagt fyringsforbod. På andre sida av trappa hos oss er det fyringsforbod, men heldigvis ikkje i vårt pipeløp. Denne prosessen går …

Puredistance I, M og Antonia

Puredistance er eit eksklusivt parfymemerke som er basert i Nederland, nærare bestemt i Groningen. Dei har ikkje ein stor serie av dufter, tvert imot, tre dufter er deira samla produksjon. Eit av kjenneteikna til Puredistance er at dei har vore veldig dyktige til å knytte til seg dei beste parfymørane. I og Antonia er laga av Annie Buzantian, medan M er laga av Roja Dove, parfymøren som står bak Enslaved og fleire andre kostbare og lekre dufter. Dei tre duftene har kvart sitt distinkte særpreg, men noko av det dei har felles er at dei ikkje tek så stor plass. Dette er ikkje “sillage”-bomber. Mange av dei duftene som er i same duftfamilie som Puredistance-duftene er voluminøse og kan vere overveldande. Puredistance-duftene er meir dempa, men elegante og velkomponerte. I kom først, i 2008. Den er ei grøn, frisk duft, med eit distinkt preg av magnolia, solbær og mimosa. Eg er normalt litt skeptisk til mimosa, iallfall åleine, men i I er den så pent pakka inn at det berre blir oppkvikkande, lett og likevel ikkje karakterlaust. …

Urtebrød med aks på

Laurdag kveld hadde vi besøk av dei aller beste naboane. Det å berre kunne vandre ein tur over plenen og få venskap, underhaldning, god mat og drikke gjer at eg føler meg priviligert. Denne gongen var det vi som var vertskap, og vi byrja med kokelimonke og laurdagsgodt. Men etter kvart vart vi fysne på noko salt, og vi tok fram noko god italiensk ost, litt oppskoren bresaola og meir vin. Til dette måtte det sjølvsagt serverast eit godt brød. Eg bakte eit urtebrød, som også smakte veldig godt til mulligatawnysuppa som vi hadde til søndagsmiddag. Slik gjorde eg det: Urtebrød 4 dl lunkent vatn 8 dl kveitemjøl 1,5 ts tørrgjær 1 ts salt 1 ts knust, tørr timian 1 ts tørka basilikum 1 ss maltekstrakt 2 ss olivenolje Ha det lunka vatnet i ein bakebolle, og bland i mesteparten av mjølet og alle dei andre ingrediensane. Elt deigen i nokre minutt, og tilsett meir mjøl gradvis til du har ein fin deig som ikkje er for laus og som ikkje er for fast. La deigen …

Lørdagspizza

Nei, eg har ikkje skifta målføre, men eg vart inspirert av ein gamal reklamesong eg høyrde her om dagen. I går var det pizzakveld her hos oss, og eg lagde to variantar, som vanleg. Den “barnslege” skriv eg ikkje så mykje om, den var med tomatsaus, bresaola (italiensk speka oksekjøt) og litt grønsaker som vårløk og squash. Vaksenpizzaen var ein variant av kvit pizza, sjølv om den eigentleg heller såg grøn ut då eg var ferdig. Eg brukte krydra rømme som saus, og så hadde eg på squash, soltørka tomatar, pesto og bresaola. Vi tok med oss eit dugeleg stykke frå Italia, og no har eg skore det i tynne skiver for å bruke som pålegg, i pizza og til andre gode greier. Vil du ha pizzaen vegetarisk droppar du berre kjøtet. Den er deilig og smakfull sjølv utan det. Slik gjorde eg det: Kvit pizza med bresaola og pesto Pizzabotn til to pizzzaer: 4 dl vatn, lunka 1 ts tørrgjær ca. 8 dl kveitemjøl 1 ts salt 2 ss olivenolje Ha vatnet i ein …

Ikkje så mykje å seie…

I dag er det litt tomt oppe i hovudet mitt, så det kjem ikkje så mange glupe tankar frå meg. Eg vil berre minne deg om dette. Du kan altså bestille signerte eksemplar av Smalhans frå Samlaget. Enkelt og greitt, forlaget betalar portoen og du må berre hente pakken på posten. Så er julegåvene i boks! Eg ynskjer deg ein fin laurdag. 🙂

Nesten-sunn mac ‘n’ cheese

Eg har skrive om mac ‘n’ cheese før, denne amerikanske makaronigratengen som kan varierast i det vide og det breie. I går lagde eg ein semi-sunn versjon, ved at eg putta brokkoli i gratengen. Gratengen serverte eg som tilbehør til kyllingkarbonader. Dei har eg lært å lage av bror min, og oppskrifta finn du her. I gratengen kan du putte dei grønsakene du har og likar, berre tilpass koketida til det du vil ha oppi. Eg har brukt cheddar i, men du kan bruke andre smaksrike ostar, som gruyere, jarlsberg eller liknande. Mac ‘n’ cheese-grateng med brokkoli 3 ss smør 2 ss mjøl 6 dl mjølk 150 g cheddar Salt, peppar og muskat 400 g brokkoli 200 g makaroni Strøkavring/griljermjøl Set omnen på 220 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør i mjølet. Spe med mjølk og rør godt til sausen er jamn og klumpefri. La den koke opp og putre i 6-8 minutt for å koke bort mjølsmaken. Smak til med salt, peppar og riven muskatnøtt. Rør inn osten til slutt. Etter …

Førjulstid og førjulskos

Eg driv og planlegg dei tinga eg har lyst å lage og å gjere no i førjulstida, og det blir ei ganske koseleg liste. No til helga har vi invitert til papirverkstad her hos oss, då blir det julekort, pakkelappar og papirpynt i alle fasongar og variantar. Det er ikkje alt som er heimelaga hos meg, men pakkelappane og julekorta er alltid det. Eg lagar alltid fruktkaker, dei blir både servert til kaffen i jula og gitt bort i gåve. Dei franske pepparkakene høyrer med, det same gjer dei fine korintplettane, som eg alltid lagar til Ovedia og mannen hennar i julegåve. Dei får også alltid eit glas med whiskyappelsinmarmelade. I år driv eg og eksperimenterer med nokre fleire oppskrifter, eg skal lage nokre ostekjeks og ein ny type konfekt. Oppskriftene kjem etter kvart som eg har fått eksperimentert ferdig, det må av og til nokre feilslag til før den er akkurat slik den skal vere. Kva planlegg du å lage, og har du lenke til dine oppskrifter?

Jobbeonsdag

På onsdagane jobbar begge barna mine. Femtenåringen står på byens flottaste parfymeri, Heaven Scent. Kvar onsdag etter klokka tre og annakvar laurdag finn du henne der. Trettenåringen har fått jobb med å passe ein kjempefin blandingshund som bur på Grünerløkka med menneska sine. Trettenåringen kjem innom meg på jobb, hentar nøklar til dit han skal, går dit, låser seg inn og hentar hunden ut. Så går han og hunden ein tur på ein halvtimes tid, før hunden blir låst inn att. På bordet ligg det ein femtilapp som takk for innsatsen. Eg byrja sjølv å jobbe tidleg, og hadde stor glede av det. Frå eg var tretten år dro eg kvar laurdag til Ulsteinvik med bussen, og eg hadde ein butikk som selde glas, servise og brukskunst som eg elska. Der kunne eg eigentleg tilbringe heile laurdags føremiddag. Då eg var femten kom ho som eigde butikken bort til meg, og spurte om eg ikkje like gjerne kunne byrje å jobbe der. Dermed hadde eg laurdags- og feriejobb frå då av og fram til eg …

Smalhans i julegåve – signert!

Eg jobbar med å få Samlaget med på å få til ein julesigneringsrunde i bloggen. Var ikkje det ein god idé? Det gjer at alle dokke blogglesarane mine kan få så mange signerte eksemplar av Smalhans som dokke har lyst på! Vi gjer det på same måte som før: Send mail til e.nome@samlaget.no, og fortel kor mange bøker du vil ha, og om eg skal skrive til ein bestemt person inni. Så stikk eg ein tur nedom Samlaget, og skriv inni alle bøkene, og så vert dei sendt utover det ganske land. Skund deg, Samlaget vil ha inn alle julebestillingar innan 3. desember, så det er definitivt siste frist. Prisen er framleis 299 per bok, og eg trur ganske sikkert at forlaget byr på portoen denne gongen og. Så hiv deg rundt og send ein mail viss du planlegg å gi bort Smalhans i julegåve!

Julebordsesong og blodmangel

Sjølv om det meldte seg mange nye blodgjevarar i etterkant av Utøya-tragedien så treng blodbankane rundt om i landet alltid nye som vil bidra til å bygge opp lagera av blod og andre blodprodukt. No er vi på veg inn i julebordssesongen, jobben min hadde faktisk julebord medan eg var på signeringstur til Sunnmøre. Der vonar eg det gjekk pent og pynteleg for seg, men det er ikkje på alle julebord det gjer det. Og når folk skal heim skjer det mykje knuffing og slossing i taxikøar og andre stader rundt om. Det gjer at blodbankane går inn i ei periode no der dei tærer på lagera sine. Eg skal gje blod i dag, og dersom du ikkje allereie er blodgjevar oppmodar eg deg til å sjekke om du kan gje blod, og registrere deg som blodgjevar. Det er ein meiningsfylt og nyttig ting å gjere for samfunnet og for beredskapen i landet vårt. Du kan til dømes registrere deg på http://www.giblod.no. Gi blod!

Eit siste forsøk

Som eg tidlegare har nemnt så har eg to forslag til spiselege julegåver med i utfordringa inne hos Matbloggsentralen. Det ser unekteleg ut til at det er juletrøflane mine som gjer det best, og det er høgst fortent. Dei er kjempegode, og enkle å lage. Dersom du syns det ville vere fint om eg vann så veit du kva du må gjere, gå inn hit og stem på meg. 🙂 I mellomtida stikk eg ein tur til Hovdebygda, og snakkar med lesarar og andre interesserte på Ivar Aasen-tunet. Vel møtt, viss du er i området!

Stem på meg, kjære lesarar!

Matbloggsentralen har ein konkurranse på gang. Den handlar om spiselege julegåver, og eg deltek med min plommechutney og dei tradisjonsrike juletrøflane. Viss du syns dette er gode forslag til spiselege julegåver, så gå inn på Matbloggsentralen, og stem på bidrag  nummer 49 og 51. På førehand tusen takk! <3

Smalhans på tur!

No reiser eg på Smalhans-tur til vestlandet, og gler meg til å møte blogglesarar og potensielle nye lesarar. Du treff meg i Fosnavåg i ettermiddag, frå 15:30 signerer eg bøker og lagar fingermat på Vestvang bokhandel i Fosnavåg sentrum. I morgon skal eg vere på Sandemessa på Larsnes, der treff du meg på eit skulekjøkken der eg skal lage mat og snakke om alt som har med Smalhans å gjere. Det vert sjølvsagt smaksprøver der og. Søndag skal eg til Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda. Der skal eg lage Smalhans-mat saman med Milan, som bestyrer kjøkkenet der. Dette skal serverast til besøkande frå klokka to, og klokka fire vert det ein ny runde med Smalhans-prat og litt fingermat i auditoriet. Er du i nærleiken, vil eg veldig gjerne møte deg! Kom, smak og slå av ein prat. Som du veit, noko av det beste eg veit er å møte blogglesarane. Vel møtt!

Krydra plommechutney

Då eg skreiv om moderne vilt her for ei stund sidan  foreslo eg at du skulle servere gryta med ein god plommechutney til. I går såg eg korger med plommer i butikken, så kvifor ikkje lage ein deilig plommechutney no på førvinteren? Denne chutneyen kan du til dømes gi bort i julegåve. Den bør stå i fire veker før du byrjar å bruke den, så det passar heilt perfekt å lage chutney no i november. Chutney varierer med kor søte dei er og kor krydra dei er. Denne er ganske syrleg og ganske krydra, og passar best til kraftige kjøtrettar. Den er mellom anna perfekt til juleribba. Legg ei skive kald ribbe i ei lefse, og smør på eit lag syrleg plommechutney før du rullar den saman og kosar deg med den. Mmmm! Som vegetartilbehør kan du bruke chutneyen til ei god linsegryte, til dømes Dal bath. Har du ikkje konjakk i huset, så vert chutneyen god sjølv om du droppar den. Slik gjorde eg det: Plommechutney 1.5 kg modne plommer 1/2 kg ferdig rensa eple, …

Dei siste for i år?

I går var eg ein tur i skogen, og jammen fann eg ikkje botnen i korga mi dekt med traktkantarellar. Det var nok til ein god porsjon med risotto, og i tillegg tørka eg eit brett i steikeovnen. Når eg tørkar traktkantarellar så køyrer eg dei ofte i matmølla og lagar soppmjøl. Det fell i smak hos barna mine, som ikkje har noko imot smaken av sopp, men dei vert kvalme av konsistensen. For å lage soppmjøl må altså traktkantarellane tørkast først. Då legg eg rensa traktkantarellar på eit bakepapir på steikebrettet. Så set eg brettet i omnen på 40 grader med varmluft på. I omnsdøra set eg ei sleiv, slik at fukta slepp ut av omnen.  Slik får det stå over natta, og dagen etter har eg knusktørre traktkantarellar. Dei har minska betrakteleg i storleik, men er fulle av deilig smak. Du kan oppbevare soppane heile og tørka, men eg brukar alltid å køyre ein del av porsjonen i matmølla til det er fint som mjøl. Eg gir bort glas med soppmjøl til jul …

Vi har blitt vennar

Jepp, eg har klart det. Eg har blitt vennar med min Kenwood BM 250. Eg har tidlegare fortalt om mine frustrasjonar med denne innretninga. Dette vidunderet som skulle produsere lekre, luftige brød forsynte oss med ting som aller mest var egna til slagvåpen. Harde knartar kom ut av brødbakemaskinen. Kva eg har gjort annleis veit eg ikkje, men no fungerer det altså. Desse brøda blir ikkje så kjempegrove, men grove nok for oss. Eg har to høge boksar i bakeskuffa eg har laga meg. I den eine har av vanleg kveitemjøl, i den andre blandar eg grov sammalt kveite og ferdigblanda grovbakstmjøl. I skuffen har eg også ein boks med tørrgjær, eit glas med maltekstrakt og ein boks med blanda frø. Eg brukar 1/3 linfrø, 1/3 solsikkefrø og 1/3 rista sesamfrø. Å ha dette ferdig i boksar gjer det enkelt og fort gjort å sette på ei brødbaking. Det er ikkje nødvendig, men eg syns det går greiare med alt klart. Brøda smakar knallgodt, om eg skal seie det sjølv. Eg sendte med femtenåringen ein …

Berre maten…

Dette er altså berre det som handla om mat i koffertane våre. Der var fire flasker vin til, dei kom ikkje med på bordet. Men her ser du altså deilig italiensk mat som skal bli vinterkos, julegåver, vennegåver og bestikkelsar. Litt fiffige kjøkkenutstyrsgreier er det og der. (Beklagar det elendige bildet, iphone. Batteriet til kameraet mitt er daudt, og ladaren har ingen sett. Uff, uff.)

Den finaste tida på dagen

Ein by som Roma skiftar ansikt alt etter kva tid på dagen det er. På morgonen er det hektisk, butikkane får levert varer, folk hastar til arbeid og bussane tutar. Utover dagen vert det berre meir hektisk, alle turistane kjem ut med karta sine og kamera, og virrar rundt, stoppar opp på dei smale fortaua og lagar kaos. Men utover ettermiddagen roar det seg. Folk dreg frå jobb, set seg ned på ein kafé eller tek den fullstappa bana heim. Viss du då går opp på ei høgde kan du sjå at sola dalar, og byen får ein gyllen lød. Roma er eigentleg ein ganske lys by, mange bygningar er i lyse fargetonar. Sett ovanfrå beheld byen fargen sin, frå solnedgangen til det mørknar og den byrjar  å tenne sine eigne lys. Etter kvart ser du at byen har sitt eige lys, som tek over for sola. På høgda Gianicolo, som du går opp til frå Trastevere, kan du stå og sjå dette vakre lysspelet. Gå opp Via Garibaldi, og finn den store utsiktsterrassa på …

Italiensk fastfood

Vi trengte ein kjapp middag. Ein lang dag med besøk i vatikanet, Peterskyrkja og eit kjøpesenter som eigentleg var skuffande (men ein finn jo alltids noko) var nesten omme. Eg fekk med meg panchetta, som har blitt ein basisingrediens i kostholdet oss her nede. Så gjekk eg innom egyptaren som driv grønsaksutsal på nedsida av nabogata vår. Han har to kasser i butikken som er veldig smarte. Den eine er full av ferdig rensa og oppkutta salat, den andre er full av suppegrønsaker. Eg tok med meg ein pose av dei i tillegg til ein pakke gnocchini frå Sardinia og ei flaske passata. Kva var det i blandinga? Ja, heilt sikker kan eg ikkje vere. Men det eg klarte å identifisere var gulrot, selleri, bladpersille, blomkål, romanescokål (den grøne som liknar på blomkål, men som har spisse bukettar), grønnkål, raude og kvitstripete ferske bønner og litt raudkål. Vil du lage denne suppa så hakkar du det du har og det du finn i butikken, slik at du får ei passe fin blanding med variert tekstur …

Ein lang og fin dag

Her er to firfisler som vi vart kjent med i dag: Byens beste isbar (ifølge folk som har testa mange) og fire fargerike damer som vi ikkje vart kjent med. Solnedgang over Roma-ruinar Tiberen er elva som renn gjennom Roma, og dette er Ponte Fabricio, brua som bitt Tiberøya til nordaustsida av Roma. Fint, ikkje sant? Iste corretto og tjekkisk øl: Ei dameveske laga av ølboksringar. Utruleg! (Og ein pen mann ved sida av, men han eg har attmed meg er så flott at denne italienaren gjorde ikkje særleg inntrykk.)

Pasta alla Fabricio

Vi har fått ein ny venn. Han heiter Fabricio, og er den einaste i kjøttdisken i vår vesle lokale supermarknad som kan nokre få ord engelsk. Eg blir stadig like overraska og glad over kor lite som skal til for at ein skal klare å ha ein meiningsfull dialog med italienarar. I dag dro vi inn til Colosseum, og vart overraska av eit heidundrande regnver. Menn som selde paraplyar gjorde gode pengar, og vi prøvde så godt vi kunne å la dei medbrakte tynne sykkeljakkene våre halde regnet ute. Det var fåfengt. Colosseum er fint, men kaotisk lagt opp, trass i at det er ein pengemaskin. Informasjonen er ustrukturert og dårleg. Vi leigde audioguidar, men vi fann aldri heilt ut når vi skulle trykke på kva knappar og kva som var nord, sør, aust og vest. Etter at vi hadde betalt for audioguidane fekk vi vite at vi måtte leige nye for Forum Romanum og Palatinerhøgda, trass i at all informasjonen låg inne i dei vi opprinneleg leigde. Slikt provoserer ein sunnmøring, og spesielt to. …

Dagens sms-dialog

Ukjent nr: Jeg ser på deg nå. Kommer du ut for en gangs skyld? Jeg har sett på det i en uke uten respons… Meg: Feil nummer? Ukjent nummer: Så at du svarte, så nei… Meg: Hæ? Kven trur du at eg er? Ukjent nummer: Jeg vet godt hvem du er, Sven… Meg: Eg er ei dame på 45 som ikkje heiter Sven, du har fått feil nummer. Ukjent nummer: Blablabla… Jeg driter i alder og kjønn…