Billig mat, Middag, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Nesten-sunn mac «n» cheese


Eg har skrive om mac «n» cheese før, denne amerikanske makaronigratengen som kan varierast i det vide og det breie.

I går lagde eg ein semi-sunn versjon, ved at eg putta brokkoli i gratengen. Gratengen serverte eg som tilbehør til kyllingkarbonader. Dei har eg lært å lage av bror min, og oppskrifta finn du her.

I gratengen kan du putte dei grønsakene du har og likar, berre tilpass koketida til det du vil ha oppi. Eg har brukt cheddar i, men du kan bruke andre smaksrike ostar, som gruyere, jarlsberg eller liknande.

Mac «n» cheese-grateng med brokkoli

3 ss smør

2 ss mjøl

6 dl mjølk

150 g cheddar

Salt, peppar og muskat

400 g brokkoli

200 g makaroni

Strøkavring/griljermjøl

Set omnen på 220 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte, og rør i mjølet. Spe med mjølk og rør godt til sausen er jamn og klumpefri. La den koke opp og putre i 6-8 minutt for å koke bort mjølsmaken. Smak til med salt, peppar og riven muskatnøtt. Rør inn osten til slutt. Etter at osten har kome i skal sausen ikkje koke.

Rens brokkolien, og kutt stilken i terningstore bitar. Del hovudet i små bukettar. Kok brokkolien i salta vatn i tre minutt. Kok makaronien så lenge som det står på pakken.

La brokkoli og makaroni renne av, og vend dei inn i sausen. Hell det heile i ei eldfast form, og dryss på strøkavring. Bak gratengen i 20-25 minutt på 220 grader til den er gyllen og fin.

Éin kommentar

  1. Takk for kommentar inne på bloggen min!

    Eg er veldig glad for å finne bloggen din, det ser ut som om du har masse gode tips. Enkle, sunne kvardagsmiddagar, det er det eg likar!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s