Billig mat, Ferie, Fest, Middag, Sausar og dippar, Supper, Tilbehør
Leave a Comment

Ferskt kjøt og suppe med klot

Ferskt kjøt og suppe kan serverast med eller utan klot. Klot er små bollar av mjøl, egg og krydder som får koke med i suppa, og som gjer retten meir mettande. Mjølbollane vert laga med egg som hevemiddel. Det gjer at dei bles seg litt opp, og blir luftige og fine. Har du ikkje egg, så kan du ha i litt bakepulver.

Dette er tradisjonskost frå slaktetida, sidan retten er laga med ferskt, ikkje salta kjøt.

Ein byrjar måltidet med suppa, som er laga på krafta frå kjøtkokinga.

 Det kokte kjøtet vert servert til slutt, med grønsaker i grove bitar og ein nydeleg sursøt løksaus.

 Ferskt kjøt og suppe med klot er eit heildagsprosjekt å lage, så du kan gjerne lage dobbelt porsjon. Då har du restar til neste dag.

Klot1,5 kg beinfritt oksekjøt, gjerne bog eller høgrygg

1 lite kålhovud

2 persillerøter eller pastinakkar

4 gulrøter

1 purre

1 lita sellerirot

1 ss salt

1 ts peparkorn

Sursøt løksaus

3 ss smør

1 løk

3 ss kveitemjøl

6 dl kraft frå kjøtkokinga

1 ss kvit eddik

2 ss sukker

1 ts salt (hald tilbake litt salt om kjøtkrafta er svært salt)

grovkverna peppar

Klot

50 g smør

1 dl mjølk

1 egg

100 g mjøl

1 ts sukker

1 ts salt

1 krm muskat

 Skyl godt av kjøtet og legg det i gryta. Slå på vatn slik at kjøtet er dekt. Gi det eit oppkok i ca. 5 minutt. Ta kjøtet ut. Skyl det på nytt og byt vatn. Kok opp, skum av dei første ti minutta. Ha i salt og peparkorn og la kjøtet koke til det er mørt, det tek ca. 2 timar. Har du trykkokar, er kjøtet mørt på ca. 30 minutt.

Ta unna 6 dl kraft til sausen.

 Reins grønsakene. Del halve kålhovudet, ei persillerot, to gulrøter, halve purren og halve sellerirota i grove bitar. Del resten av grønsakene i suppebitar, altså ganske mykje mindre.

 Legg dei grove bitane i kjøtgryta og la dei trekke i ca. tjue minutt. Ta unna ein liter kraft til suppa. Fyll på med vatn og litt meir salt om det vert lite kraft på kjøtet.

 Lag klotrøra ved å smelte smøret, ha det i ein bolle og hell i mjølka slik at smøret kolnar. Rør inn egget. Bland mjøl, salt, sukker, pepar og muskat i ei skål og rør det inn i mjølkeblandinga til du får ein jamn deig. Vert deigen for fast, kan du spe med litt meir mjølk. Vert den for laus, har du i litt meir mjøl.

Ha ein liter kraft i ei romsleg gryte og kok opp. La krafta stå og trekke medan du formar små bollar med to teskeier og slepper dei ned i krafta. Når klotane flyt opp, er dei ferdige. Når alle klotane er ferdiglaga, har du i suppegrønsakene og lèt suppa koke i 10–15 minutt, til grønsakene er møre. Smak til om det trengst meir salt og pepar.

 Til den sursøte sausen smeltar du smøret i ei tjukkbotna gryte, finhakkar løken og lèt den surre i smøret på middels varme til den er blank og fin. Dryss på mjølet og rør godt medan du heller på krafta. Rør ut alle klumpar, slik at du får ein glatt og fin saus. La den koke i 4–5 minutt, så mjølsmaken kokar bort.

Smak til sausen med eddik, sukker, salt og pepar.

Server suppa først. Etterpå auser du opp kjøt og grønsaker, som du serverer med løksaus.

Leave a Reply