Month: mars 2014

I København igjen

Denne helga er søskenbarnet mitt  og eg i København. Det er mange år sidan vi avtalte det, at vi skulle tilbringe ei helg i denne fine, varme byen som eg har snakka så mykje om. I dag har vi spist godt, vi har vore innom Tage Andersen, vi har handla te og fått bolsjar hos Perchs thehandel og vi har gått gjennom alle etasjane hos Illums. Og ein kan seie det ein vil, men når ein er i København då er ein i Europa. Norge og Oslo er ikkje Europa. Ein gong i livet så må eg bu i denne byen. Eg skal takle det elendige språkøyret til danskane, og det kalka vatnet. Eg skal handtere den ubegripelege teljemåten og dei fulle nordmennene på Strøget. Alt dette for å få ta inn varmen og kontinentaliteten frå dette trivelege folkeferdet som danskane er. Alt dette for å kunne tusle rundt i dei fine gatene, sykle på dei vel utbygde sykkelvegane og å handle vin i butikken seint laurdags ettermiddag. Skål!

Champagnebakte pærer med karamellsaus

No skal eg lære deg å lage verdas enklaste og raskaste karamellsaus. Slik gjer du det:  Enkel karamellsaus 2 dl brunt sukker 1 dl kremfløte 2 ss smør 1 ts vaniljesukker Ei klype salt Ha alt i ei gryte, og la det koke forsiktig opp medan du rører. Hald fram med å røre medan karamellen putrar, og la det koke forsiktig i 5-6 minutt til sausen er tjukk og fin. La den kolne. Champagnebakte pærer Ei pære per person 2-3 dl champagne eller ein annan musserande vin (evnt. 1 dl vatn, 2 ss sukker og 2 ts sitronsaft) Skrell pærene, del dei i to og fjern kjernehuset og blomsten. Legg dei med snittflata ned i ei eldfast form, og slå over champagnen. Dryss eventuelt litt sukker på viss du vil ha desserten ekstra søt. Bak pærene på 210 grader i 8-10 minutt. Er pærene dine ikkje så modne, må dei kanskje stå litt lenger i ovnen for å bli møre. Mine hadde lege på fruktfatet ei stund, og då var 8-10 minutt perfekt tid. Du …

Steikeovnen fiksar alt

Kan ein lage ein full middag i steikeovnen, utan å skitne til gryter og vispar? Ja, klart ein kan! Det er praktisk å bruke steikovnen. Det blir mindre oppvask, maten står der utan behov for røring og visping, og medan du gjer andre ting vert maten ferdig heilt av seg sjølv. Trikset for å lage fleire ting i steikeovnen samtidig er å bruke små former, og å steike kjøtet i steikepose, slik at det ikkje avgjev alt for mykje smak og aroma. I det siste har kjøt komt i butikkane der innpakninga er ein steikepose. Det er praktisk, sjølv om du kan oppnå det same med ein vanleg steikepose som du får kjøpt i butikken. Fordelen med steikepose er at all safta frå kjøtet blir i posen, den er med på å gjere kjøtet saftig og smakfullt, og det gjev grunnlag for ein førsteklasses saus. Når eg lagar middag av seige kjøttypar brukar eg som regel å la kjøtet få lang tid i omnen, ved låg temperatur. Då får du mørt og saftig kjøt på …

Tante Gretes banankake

Eg treng alltid noko søtt etter middagen, og ein av favorittane mine er tante Grete si banankake. Denne kaka er ein smart måte for å bli kvitt brune bananar som har blitt liggande for lenge på fruktfatet. Eg har utvikla tante Grete si kake vidare ved å tilsette ”drita fulle rosiner”, altså rosiner som har fått ligge i ei eller anna form for alkohol og godgjere seg. Rom er det beste, men dei fleste typer sprit fungerer til slik bruk. Fyll eit glas med rosiner, gjerne nokre inntørka, triste frå forrige jul, og slå over rom, brandy eller vodka. La dette stå minst over natta, gløymer du det så held denne blandinga seg i kjøleskapet i årevis. Desse rosinene er kjempegode i gløgg, i juleformkaker eller i punsj, men i dag skal vi altså kombinere dei med banan. Droppar du rosinene er kaka nesten like god for det, og då likar ungane den også. Glasuren er basert på ferskost, og den syrlege smaken balanserer godt mot den ganske søte kaka. Du har sikkert forstått at …

Den store pannekakedagen!

Det er i dag! Og eg lagar jo dei aller beste pannekakene, så då er det berre rett og rimeleg at det var meg Østlandssendingen ringte til då dei ville ha nokon til å kome i studio og snakke om pannekaker. Så slår du på radioen litt over tre i dag får du meg med pannekaker i steikepanna på lufta på NRK P1. Eller som podkast. Eller på nett. Her har du mi perfekte pannekakeoppskrift: Eg likar pannekakene tynne, lette, litt søtlege og med ei god klype salt i røra. Slik får eg dei berre viss eg lagar dei sjølv. Andre vil ha dei tjukke, dei syns det er unødvendig med salt i røra og dei steiker pannekakene i store mengder margarin. Dei om det, slik gjer eg det: Pannekaker 2 egg 3 ss sukker ½ ts salt 3 dl kveitemjøl 5 dl mjølk 2 ss smelta smør, eller flytande bremykt Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. …