Månad: desember 2012

Peanøttkaker


Dette er ein gamal favoritt her i heimen som eg har vridd litt på i år. Slik originalen var så vart det meir som havreflarn med peanøtter i. Eg ville ha dei litt meir cookies-aktige. Så det eg gjorde var å redusere litt på smørmengda, og putte i peanøttsmør i tillegg. Det vart godt, så då delar eg oppskrifta sjølvsagt med deg. Slik gjorde eg det: Peanøttkaker (ca 36 kaker) 1 egg 2 dl sukker 2 dl havregryn 75 gram smør 50 g peanøttsmør 3 ss kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1 ts kakao 100 gram salta peanøtter Pisk eggedosis av egg og sukker. Smelt peanøttsmøret i ei lita gryte saman med smøret. Tilset havregryn og smelta smør. Vend inn det turre.  Rør inn peanøttene. Dei skal ikkje hakkast, men brukast som dei er. Legg bakepapir på steikebrettet og set kakene på brettet med to teskeier slik at det blir små toppar. Ha deigen på den eine skeia og ta av med den andre slik at det blir små toppar med god avstand mellom kakene. …

Kvit gløgg/eplegløgg


Det er ein gløgg basert på eplecider og kvitvin, og har ein lettare, ”vaksnare” smak enn den vanlege raude. Den er fin som aperetif på ein førjulsfest, eller på termos når du skal ut på tur i skogen. Slik gjer du det: Gløggekstrakt 5 dl eplecider (du kan bytte den ut med eplejuice viss du vil) 3 ss brunt sukker Fire klementiner Ein bit ingefær Ein stjerneanis 10 nellikspiker To kardemommekjerner Ein bit kanelbork Ha eplecideren i ei gryte, og varm den opp. Knus kryddera, og ha dei i saman med brunsukkeret. Del klementinene i to, press ut safta, og ha både saft og skal i gryta. La det heile trekkje på svak varme i ein halvtime. Trekk gryta av plata, og la den stå til den har kolna. Sil frå alt rusket. Varm opp 2 liter cider og ei flaske kvitvin i ei gryte. Ha i ekstrakten. Smak til om du syns det trengst meir sukker. Server gløggen i pene glas med ei klementinskive som pynt på glaset. Velbekomme!

Godt oppdratt – eller berre flaks?


Eg kjem halsande inn døra med tunge koffertar og bokkasser. Det har vore ein fin, men travel signeringsturné på vestlandet. Og kva ventar meg når eg kjem heim seint på kvelden første søndag i advent? Sekstenåringen har vore i skapet og funne lys, og ho har leita fram det gamle tinnfatet. Ho har dekorert med perlemorshjarte, kanelstenger og anna småtteri som ho har funne rundt omkring, og det første adventslyset er tent. Alt førjulsstress renn av meg, og eg er berre lykkeleg. Vel vart det ein sein middag, og vel skal vi tidleg opp i dag og utrette store ting, men vi fekk ei fin adventsstund saman søndag kveld. Ha ei fin førjulstid, med eller utan flinke sekstenåringar!