All posts filed under: Pizza

Haustpizza

Kan eg få by på ein sprø, smakfull pizza? Ingen seier vel nei til det?  Eg elskar pizza heile året, så hausten er ei like god unnskyldning som noko anna til å bake ein lekker pizza med forskjellige toppingar, så alle blir i godt humør og mette i magen.  Pizza er enkelt, det einaste som tek litt tid er hevinga, for du får ein betre pizza om deigen får forheve før du går i gang med å ha på fyll. Eg kjenner folk som kaldhevar deig i kjøleskapet meir eller mindre kontinuerleg, det er fullt mogeleg. Bak med kald væske og litt mindre gjær enn i mi oppskrift, så kan deigen stå både to og tre dagar. Elt den saman igjen no og då, så slepp du at den overhevar og kollapsar.  Men denne pizzaen er ein vanleg «hurtigdeig», eller så hurtig som det kan vere, når det er snakk om gjærbakst.  Det morsommaste med pizza er at du kan lage den med det du måtte ha i kjøleskapet. Du treng ikkje dra på kompliserte …

Perfekt til bufféen

Når gjestane kjem er det fint å kunne fylle ein lekker buffé med forskjellige rettar. Då finn alle noko dei likar, og ikkje minst kan ein prøve litt av kvart, og få smakt det meste. I dag får du to oppskrifter av meg, som er perfekte til ein buffé. Og lagar du den eine har du langt på veg laga den andre! Superpraktisk, altså. Eg lagar små pizzaer med kvit topping, potet, asparges og bacon. Dei er så gode at det er vanskeleg å halde seg i skinnet. Til og med når dei er kalde er desse pizzabitane knallgode. Det praktiske trikset er å lage dobbel deig, og så lagar eg ostepinnar av deigen som er igjen. Då får du to ulike rettar, med mykje mindre arbeid enn om du skulle byrja på nytt. Ostepinnane smakar perfekt til eit godt glas vin, og er fine å servere til ei suppe, eller som tilbehør til ein salat. Begge delar er laga med ein klassisk gjærdeig. Eg brukar fersk gjær, eg syns den har meir sprut i …

Pizza med sommar på

Eg sit her i svenskehuset og kosar meg medan det regnar noko voldsomt. Likevel har eg ikkje gitt opp sommaren. Eg trur den kjem snart, den er berre litt treg. I matbutikken ser eg det, og i hagen. For no kjem alle dei lekre sommargrønsakene, og asparges er ein av dei første. Flytransporten gjer at vi kan få tak i asparges året rundt, men likevel er det noko heilt spesielt med dei første norske som smyg seg opp av jorda. For nokre år sidan var eg så smart at eg planta asparges i min eigen hage, og lukka er å gå ut og knekke seg av ein asparges og spise den akkurat slik som den er. Når eg har samla opp litt asparges frå hagen har eg nok til eit måltid. Eg har ikkje så mange plantar, så det tek nokre dagar. Dei bør plukkast når dei er rundt 20-25 cm, vert dei mykje lenger vert dei treene og ikkje så gode. Skal du oppbevare asparges nokre dagar så er kunsten å hindre at dei …

Snurrar på tur

Helgematen er ikkje berre langsteikte lammelår med innfløkte tilbehør og feite sausar. Det kan også vere den enkle maten som blir med i sekken, og gjer turpausane litt hyggelegare. I dag lagar vi to sortar snurrar, dei er lette å pakke med seg, du kan lage dei med kaldheva deig som er sett kvelden i førvegen, så går det raskare om morgonen, og du får fersk bakst med ut på tur. Eg har laga to ulike variantar, ein med smør og ost, og ein med raud pesto med litt ekstra krydring. Ostesnurrane treng å få ordentleg med ost i seg, og gjerne av den smaksrike typen. Eg brukte manchego og morbiére, men du kan også bruke parmesan eller vellagra jarlsberg eller norvegia. Det går fint å blande ostetypar, og dette er ein fin måte å få brukt opp osterestar som ligg der triste og forlatt i plasten sin i kjøleskapet. Slik gjer du det: Tursnurrar (18 stk) 5 dl fingervarmt vatn (kaldt vatn om du vil kaldheve deigen) 4 ss olivenolje 1 ts tørrgjær 1 …

Pizza i svingane

Sjølv om jula nærmar seg så treng ein normal laurdagsmat likevel, ikkje sant? I kveld vert det pizzasnurrar på bordet her hos oss, det er enkel og lettvint laurdagsmat. Eg set ofte pizzadeigen i brødbakemaskina, då står den og passar seg sjølv, og eg slepp å tenke meir på den før det pip og den er ferdig heva. Men viss du ikkje har brødbakemaskin kan du gjere det slik: Pizzasnurrar (12 stk) 2,5 dl lunka vatn 2 ss olivenolje 1 ts salt Mjøl til passe deig 1 ts tørrgjær 100 g bacon 1 ts tørka oregano 2 fedd kvitløk 2 ss grøn pesto Ein halv løk 200 g riven ost Ha vatnet, oljen og salt i bakebollen. Elt inn tørrgjæra saman med mjøl til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 30 minutt. Elt deigen saman att, og kjevl den ut til eit stort rektangel. Steik bacon på relativt høg varme i ei steikepanne. Press i kvitløken, og ha i oregano. Sett …

Lørdagspizza

Nei, eg har ikkje skifta målføre, men eg vart inspirert av ein gamal reklamesong eg høyrde her om dagen. I går var det pizzakveld her hos oss, og eg lagde to variantar, som vanleg. Den “barnslege” skriv eg ikkje så mykje om, den var med tomatsaus, bresaola (italiensk speka oksekjøt) og litt grønsaker som vårløk og squash. Vaksenpizzaen var ein variant av kvit pizza, sjølv om den eigentleg heller såg grøn ut då eg var ferdig. Eg brukte krydra rømme som saus, og så hadde eg på squash, soltørka tomatar, pesto og bresaola. Vi tok med oss eit dugeleg stykke frå Italia, og no har eg skore det i tynne skiver for å bruke som pålegg, i pizza og til andre gode greier. Vil du ha pizzaen vegetarisk droppar du berre kjøtet. Den er deilig og smakfull sjølv utan det. Slik gjorde eg det: Kvit pizza med bresaola og pesto Pizzabotn til to pizzzaer: 4 dl vatn, lunka 1 ts tørrgjær ca. 8 dl kveitemjøl 1 ts salt 2 ss olivenolje Ha vatnet i ein …

Pizzasnurrar

I går lagde eg pizzasnurrar til min kjære og meg sjølv. Det er vel eigentleg på kanten til barnemat, men vi er litt barnslege. Slik gjorde eg det: Pizzasnurrar (18 stk) 4 dl lunka vatn 4 ss olivenolje 2 ts tørka basilikum 1 ts tørrgjær 1 ts salt Mjøl til passe deig 200 g kjøtdeig 1 ts tørka basilikum 2 fedd kvitløk 1 ss tomatpuré 0,5 dl vatn 150 g raud pesto 10 cm purre 200 g riven ost Ha vatnet, oljen, salt og basilikum i bakebollen. Elt inn mjøl med tørrgjæra innblanda til deigen er passe laus og passe fast. Hald tilbake litt mjøl, det varierer kor mykje som trengst. La deigen heve i 30 minutt. Elt deigen saman att, og kjevl den ut til eit stort rektangel. Steik kjøtdeigen på relativt høg varme i ei steikepanne. Press i kvitløken, og ha i basilikum og tomatpuré. Slå på vatn, og la det heile koke inn til kjøtdeigen er gjennomsteikt. Smør på raud pesto, og og strø over kjøtdeig, finsnitta purre og mesteparten av osten. …

Pizza på nye vegar

Sidan pizzaen kom inn i mitt liv tidleg på syttitalet har den endra seg på mange vis. Det byrja med tjukk botn, langsteiking på 200 grader og skiver med tomat. Blæh. Etter kvart fann eg ut at tynn botn var tingen, og at fyllet heller ikkje skulle vere i tjukke lag. Tomatsaus og bacon vart ein favoritt, barna vil ha mais, og vi vaksne vil ha løk og kanskje oliven. Alle mine pizzaer endrar seg frå gong til gong. Vegen blir til medan ein går frå komfyren til kjøleskapet. Sist eg var på pizzarestaurant fekk eg ein såkalla kvit pizza, og den smakte heilt fantastisk. Sidan då har eg leita etter den perfekte oppskrifta. No kjenner eg at eg byrjar å nærme meg. Den kvite varianten har som regel rømme eller kesam som base. Begge delar funkar fint, du treng ikkje bruke ein feit type. Rømmen/kesamen kan krydrast eller smaksettast  med andre ting. Ost er også alltid med, gjerne fleire ulike i blanding. Ost og rømme må ha noko meir å spele på smaksmessig, denne …

Vegetarpizza med aubergine

Eg er utruleg glad i alt av aubergine, og her ein kveld hadde eg ein liggande som måtte spisast fortare enn svint. Eg hadde ikkje så mykje anna, så eg lagde ein vegetarisk pizza med auberginen i hovudrolla, og så supplerte eg med ting eg fann i desse glasa du veit, som står innerst i kjøleskapet og som det er litt for lite sirkulasjon på. Slik gjorde eg det: Vegetarpizza med aubergine Pizzabotn 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær 1 ts salt 1 ts sukker 3 ss olivenolje 2 ts basilikum ca 7 dl kveitemjøl Set omnen på 225 grader. Smuldre gjæra i ein bolle og ha over lunka vatn. Rør ut gjæra i vatnet, og ha i olje, salt og sukker. Set i gang kjøkkenmaskinen eller rør dette godt saman for hand. Ha i mjølet litt etter litt. Kjenn heile tida på deigen slik at den ikkje vert for hard men helle ikkje for laus. Den skal ikkje vere klissete, men framleis mjuk. Brukar du maskin kan du elte deigen …

Laurdagspizzaen

I går hadde vi ein skikkeleg tradisjonell laurdagskveld, med Grand Prix, laurdagspizza og rømmedressing. Eg brukte denne oppskrifta, og hadde på finhakka paprika, artisjokkhjerte i tynne skiver, bacon og sjalottløk i ringar. Rømmen vart rørt ut med to teskeier av dette urtesaltet og litt ekstra peppar. Mmmm!