Month: juni 2010

An offer one can’t refuse

Eg har hatt ein nettprofil på ei datingside ein periode, og her om dagen var eg innom for å slette den. I innboksen fann eg denne, som eg tenkte dokke ville ha glede av å lese. Korleis kan ein seie nei til slikt? Hei min kjære, faktisk jeg virkelig liker og beundrer deg mye. Du ser veldig dynamisk i din ser ut, også jeg beundrer deg profil veldig godt. Jeg er prins Evans Abizal, har vært her bare for i dag og leter etter en partner for livet. Jeg har vært enkemann for lenge nå siden min kone døde i en flyulykke. Jeg jobber og tjene som en høvding sikkerhet agent for den amerikanske hæren og nå er det tid for jeg komme inn i et seriøst forhold.
Jeg vil gjerne vite deg de beste og komme inn i en alvorlig ledende forhold med deg.
Vi kan komme ut av her sammen. Takk og håper å høre fra deg så snart min kjære.
Nedenfor er min mail ID, jeg håper du legger meg for en prat i postkassen.
zz.yy@ …

Møsbrømlefse

På vår ferd rundt om i Salten fekk vi smake denne lokale spesialiteten som det går gjetord om. Lefsa har til og med eiga støttegruppe på Facebook. Møsbrøm er fyllet i ei nøytral lefse. Fyllet er søtleg, basert på brunost og mjølk, og heile greia skal spisast varmt. Dei lokale gjer det ofte med fingrane, det ser ikkje så stilig ut, men dei får gjere som dei syns er best. Vi tilreisande tyr til kniv og gaffel for å halde på stilen. Vi vart altså invitert på møsbrømlefse på sjølvaste jonsok, og som jonsokmat passa det bra. Denne lefsa er like mektig og søt som rømmegraut, og sit i magen like lenge. Eg har funne ei oppskrift, men den må takast med ei klype salt. Dette er mat som vert lagd på slump, og kvar møsbrømlefsekokk har sin eigen variant. Men du kan prøve denne: Deigen til lefsene: ½ l heilmjølk ½ l kulturmjølk 2 ts hornsalt ca. 1 kg kveitemjøl Rør saman alle ingrediensane til ein smidig deig. La den kvile litt før du …

Kjerringøy

Kjerringøy var målet her om dagen, og det var ei blanda oppleving. På handelsstedet, som har vore levande kulisse for ei lang rekke filmar, ikkje minst Dina og Landstrykere, møtte vi ein gjeng glade amatørar, som ikkje klarte å gi oss rett informasjon og som ikkje gjorde anna enn å steike vafler som dei åt sjølve. Kokken hadde fri. På Markens Grøde derimot, vart vi møtt av brennande engasjerte matmenneske, som bakte fantastiske brød, serverte heimeysta ost og ein deilig gulasj med oksekjøt og frisk salat. Strålande. Viss du planlegg ein tur til Kjerringøy så må du skaffe deg Kjerringøykortet. Det kjøper du når du kjøper adgang til Handelsstedet, og gir deg gratis inngang til Zahl-låven, 20% rabatt på lunchen på Markens Grøde og masse meir. Les ferjeruta nøye, den går av og til. Parkeringa er ved kirka, og resten av opphaldet der kan føregå til fots. Ha ein fin tur om du drar!

Vidare nordover

Når du les dette har hurtigruta MS Nordstjernen akkurat lagt frå kai i Bodø, og vi er på veg vidare nordover. Nordstjernen er søsterskipet til MS Lofoten, som eg vart fødd ombord i ein gong på sekstitalet. Fine båtar. I morgon går vi i land på Finnsnes, og blir møtt på kaia der av entusiastiske familiemedlemmar som har venta og venta med lefser og vafler klar. No skin sola, og livet er verd å leve. Vi vonar det blir ein fin tur, med nye tyske turistvennar og god mat.

Seks gode ting

Smake har utfordra meg til å fortelje seks positive ting om meg sjølv. Eg skal gjere så godt eg kan. 1. Eg er stort sett alltid i godt humør. Av og til kan eg vere litt fjern, men sur er eg veldig sjeldan. 2. Eg er flink til å sjå løysingar, gjerne av praktisk art. 3. Å lage fest syns eg er kjempegøy, og gjestane mine ser også ut til å trivast på festane. 4. Eg seier stort sett ja. Det kan føre til at eg tek på meg for mykje men det får vere. 5. Eg elskar barna mine, og har klart å bygge opp eit nært og forholdsvis ukomplisert forhold til dei. Vi har det veldig fint saman. 6. Stort sett så smakar maten eg lagar godt. Eg sender utfordringa vidare til dei som vil, kva er det du er god til?

Og vinnarane er:

Selma og Syrin! Dei klokka begge to inn med ein skjermdump på 199 994. Litt underleg, i og med at talet skal endre seg ved kvart besøk, men slik er det. Kjære begge to: Send meg ein mail eller skriv i kommentarfeltet kva dokke likar og ikkje likar, så skal eg grave i skuffer og skap, og ikkje minst ta ein liten tur til Glasmagasinet. 😉 Gratulerer!

Min dag

Eg har blitt utfordra av HildeG, og ho vil høyre meir om min dag! Det får vel bli gårsdagen, og slik var den: Morgenens nedtur: At mannen med musikkanleggledninga ikkje kom. Det er framleis stille her, dessverre. Utenfor mitt vindu: Sveipar lindetrea fram og tilbake, på nydelegaste vis. På mitt fjernsyn: Det största av allt är kärleken… Kleenex på bordet. Jeg vil gjerne høre: Musikk, som sagt. Berre anlegget får straum så blir det bra. Jeg har på meg: Tunika, cardigan utanpå i tynn ull, det var litt kjølig. Beige bukser med blondekant og husmoderlege tøflar. Raude, rett nok. I dag skal jeg: Reise til Bodø for å møte ei av mine favorittdamer. Men jeg vil heller: Eh… Vere på ei reise. Meir detaljar seinare. I min vinduskarm: Nydelege peonar. I helgen skal jeg: Neste helg er eg i Målselv, sikkert med litt shopping på Finnsnes. Morgenens lykke: Ein SMS med varme tankar. 🙂 Dette bildet har dere aldri sett før:

Verdas beste

Denne buketten meinte verdas beste kollegaer at eg fortente – er den ikkje fantastisk? Eg føler meg heldig, av fleire grunnar. Viss alt klaffar vert eg endå heldigare i løpet av kvelden, meir info følgjer. Du må passe på teljaren når du er innom, når den byrjar nærme seg 200 000 må du ta skjermdumpbilde og maile det til meg. Følg med, den som kjem nærast, same på kva side, får ein premie! 🙂 Ha ein fin og fredeleg fredag, du og.

OK, her er greia:

Lag ein skjermdump frå bloggen min som viser det næraste talet til 200 000, mail det til meg på altgodtblogg ætt gmail dått com i låg men leseleg oppløysing, og legg igjen nick, namn og adresse. Den som kjem nærast får ein godtepose full av deilige parfymeprøver (og kanskje noko anna og? ;-)) Eg ventar med å “innhente” prøver til eg veit om det er ein mann eller dame som vinn. Er du med?

Jeg er en luring

-men jeg er snill, er elleveåringen min sitt motto. Det har det vore sidan han var tre. Han hadde akkurat kome i hus etter ei veke hos pappaen sin. Eg skulle lage frukost til oss, og ville ha paprika på osten. lengst bak i kjøleskapet låg det ein paprika, og eg tenkte skeptisk at den er sikkert øydelagd. Men den gang ei, den var fast og fin. Men då eg tok den ut kjente eg at det skvalpa i den, og den hadde ei firkanta opning på toppen. Når ein har budd saman med folk nokre år så kjenner ein dei godt, og får fort mistanke om kven det er som har vore kreativ. Så eg spurte den unge helten om han kjente til dette. “Ja, den var litt slapp, så jeg putta vann i den”, fortalte han. “Forrige veke?” spurte eg. “Ja, det er nok ei uke sia. Har den holdt seg?” spurte han. Det kunne eg bekrefte. Snittet på langs er det eg som har kutta for å sjekke at den var OK …

Sommarlesestoff?

På lågbudsjett? Schibsted har boksalg denne veka, norsk og engelsk litteratur, fakta og ungdomsbøker til ein billig penge. Har du fossa igjennom heile bokhylla, eller freistar ikkje det som står der, så kan du ta ein tur innom Apotekergata 12 viss du er i Oslo. Fint gamalt hus er det og, artig å kome inn i slike. Dei har ope frå 11 til 18 torsdag og fredag denne veka, og 11-15 på laurdag. God ferielesnad!

Hagevandring i byen

Ovedia og eg gjekk ein liten kveldstur, og såg på favoritthagane våre i nærleiken. Det er mykje fint no, og meir fint i vente. Denne hagen er litt hemmeleg, den ligg i ein blindveg og er ikkje synleg for så mange. (Spør du pent så kan eg sende deg ein mail med sånn ca. adresse.) No før jonsok eksploderer den av tusenvis av blomstrande peonar. Denne peonalléen du ser her er berre ein del av det, det er peonar overalt. Nydeleg! Eg ber om tilgjeving for fotokvaliteten, bildet er teke med iPhone. Om nokre dagar står det heile i fullt flor. Då må vi gå ein tur til, Ovedia og eg. Med ordentleg kamera. Denne trepeonen står hos naboane, blomsten er på storleik med ein middagstallerken. Den blomstrande takløken er også hos naboen, er den ikkje søt? Eg har prøvd å ha takløk mange gongar, men den vil ikkje. Det er nok for lite sol hos meg, og for feit jord. Som namnet seier, den er vand med å ha det skrint og tørt på …