Smake har utfordra meg til å fortelje seks positive ting om meg sjølv. Eg skal gjere så godt eg kan.
1. Eg er stort sett alltid i godt humør. Av og til kan eg vere litt fjern, men sur er eg veldig sjeldan.
2. Eg er flink til å sjå løysingar, gjerne av praktisk art.
3. Å lage fest syns eg er kjempegøy, og gjestane mine ser også ut til å trivast på festane.
4. Eg seier stort sett ja. Det kan føre til at eg tek på meg for mykje men det får vere.
5. Eg elskar barna mine, og har klart å bygge opp eit nært og forholdsvis ukomplisert forhold til dei. Vi har det veldig fint saman.
6. Stort sett så smakar maten eg lagar godt.
Eg sender utfordringa vidare til dei som vil, kva er det du er god til?