Month: april 2010

To deilige dessertar

Konfirmanten var oppteken av at alle som var i konfirmasjonen skulle finne ein dessert som dei likte. Mi erfaring med desserbuffetar er at eg er redd for at det skal bli for lite, folk forsyner seg over evne, og det vert masse restar både i serveringsskålene og på dessertasjettane. Difor fann eg ut at eg skulle servere fem ulike dessertar i småskåler/koppar. Eg har tidlegare brukt IKEA-telysestakar til å servere buffet-porsjonar med suppe, så eg har bygd  meg opp eit lite lager av desse. I tillegg gjekk eg bananas på nyttårssalget på Åhlens, og kjøpte søte små telysestakar der og til ingen pengar. Så då konfirmasjonen opprann var eg vel utstyrt til å lage dessert i porsjonar. Konfirmanten ynskte seg ein dessert som likna på dei appelsinsjokoladane du finn i butikkane før påske. Den utfordringa kunne eg ikkje motstå, så eg lagde ein appelsinsjokolademousse. Slik gjorde eg det: Appelsinsjokolademousse 200 g mjølkesjokolade 3 ss melis 3 egg 3 dl kremfløte Saft og skal av ein appelsin Skill to av egga, og pisk to eggekv iter heilt …

Dei enkle rettane

Her får du dei rettane som kom på bordet som krevde lite arbeid. Eg serverte varmrøykt pepparlaks som eg kjøpte ferdig. Den vart servert på ei seng av ruccola. Til pepparlaksen lagde eg ein appelsinvinaigrette. Den syrleg-søte vinaigretten var heilt rett til den salte og pepra laksen. Eg har tidlegare eksperimentert med appelsinmarmelade i dressingar. I denne oppskrifta hadde eg tenkt å koke inn appelsinsaft og alt det der, men i staden varma eg opp appelsinmarmelade og blanda den med sitroneddik. Oppvarminga gjorde at marmeladen smelta, og blanda seg heilt med eddiken. Så køyrde eg det med stavmiksar med god olivenolje, og krydra med nokre klyper heimelaga urtesalt. Det vart kjempegodt! På toppen av det heile emulgerte marmeladen vinaigretten, slik at den vart stabil. Perfekt! Å ta bilde av den klarte eg ikkje, så du får tru meg på mitt ord. Vinaigretten var også kjempegod å dyppe saltkokte poteter i, som eit alternativ til aioli. Slik gjorde eg det: Appelsinvinaigrette 3 ss appelsinmarmelade 2 ss sitroneddik eller annan kvit eddik 2,5 dl olivenolje, extra virgin …

Kyllingrullader

På konfirmasjonsbordet sto det kyllingrullader med spekeskinke og basilikum. Kyllingrullader er lette å lage, og du kan lage dei ferdige på førehand og varme dei opp. Kyllingbrysta blir banka flate, og så rullar eg dei med basilikumblad og ei skive strandaskinke og festar med tannpirkar utan mentolsmak. Eg serverte dei med ein mørk, krydra honningvinaigrette som eg vart veldig fornøgd med. Du kan også bytte ut brysta med kyllinglårfiletar, då sparer du deg bankejobben, og det går endå kjappare. Slik gjer du det: Kyllingrullade Eit kyllingbryst per person Ei skive spekeskinke per filet Tre-fire basilikumblad per filet Salt og peppar Margarin til steiking Skjer indrefileten av fileten, og legg den til side. Bank kvar filet mellom to flak plastfolie, det gjer jobben lettare og meir reinsleg. Vend på fileten iblant slik at du bankar det heile jamt utover. Fileten skal vere snautt 1 cm tjukk over det heile. Ta øverste folielag av, og legg på ei spekeskinkeskive og basilikumblad. Rull fileten tett saman og fest med ein tannpirkar. Steik fileten rundt det heile til den …

Skagenrøre

På festbordet sto det også ein stor bolle skagenrøre. Skagenrøre er ein majonessalat med lodderogn, reker og dill. Den er deilig på godt brød, og er mjølkefri. Vil du lage den ekstra fin pillar du ferske eller nytina reker. Eg brukte reker i lake fordi det måtte gå fort. Slik lagde eg den: Skagenrøre 5 dl majones 2 dl nyklipt og finhakka dill 1 dl finhakka grasløk eller sjalottløk 300 gram avrente eller nypilla reker 100 g avrente krepsehalar 100 g raud lodderogn Nymalt peppar Litt sitronsaft Ørlite sukker viss du brukar reker frå lake Bland saman majones, urter, løk, sitronsaft og sukker. Vend forsiktig inn lodderogn, reker og krepsehalar. Pynt med dillduskar og litt meir lodderogn.

Grønsaksterte

Grønsaksterta var det vegetariske alternativet i konfirmasjonen no på laurdag, og den var også mjølkefri. Den smakte så godt at den vart borte på null tid, så den bør du prøve. Treng du ikkje ta omsyn til mjølk eller ikkje mjølk kan du bytte ut soyarømmen med vanleg kesam eller lettrømme, det blir billigare. Slik gjorde eg det: Grønsaksterte 1 gul løk 2 gulrøtter 2 pastinakkar eller persillerot ½ squash 2 poteter 4 sjampinjongar Ein vårløk 4 ss olivenolje Salt og peppar 5 egg 1 boks soyarømme Nokre kvistar bladpersille 2 dl riven pecorino 1 ss sitronsaft Hakk sjampinjongen fint, og riv dei andre grønsakene grovt. Fres først soppen og så dei andre grønsakene til dei er blanke og løken er gjennomskinneleg. Smak til med salt og nykverna peppar. Smør ei paiform, og fordel grønsakene utover. Bland saman rømme, egg, ost, sitronsaft og hakka urter, og hell det over. Bak paien i omnen på 175 grader i ca. 50 minutt. La den stå litt før servering. Server med tomataioli.

Vel blåst!

Så er det heile over, med ein fornøgd og nyrik konfirmant, stolte og glade foreldre og besteforeldre og gjestar som eg trur er mette til langt utpå søndagen. No ligg dukane i vaskemaskinen, festlokalet er reingjort, matrestane er på kjøl og huset er tomt for folk, bortsett frå meg. Akkurat no følest det heilt fint. Eg er veldig glad for at vi hadde konfirmasjon på laurdag, det hadde vore tøft å gå på jobb i dag. Utover i veka kjem eg attende med oppskrifter og andre godbitar, no får du ein detalj frå bordet. Konfirmanten ønska seg gerbera, og Ovedia pynta på nydeleg vis. Ha ein fin dag!

Tru det eller ei

-Eg har altså gjort alt som står på lista frå i dag tidleg, unntatt det som skal gjerast i festlokalet. Det skal vi avgarde og ordne no. Den nydelege buketten ved sidan av her har eg fått av skjønne Ovedia, som var innom på onsdag til middag saman med to andre flotte damer. Astrantia major, eukalyptus og roser, og til og med ein nellik har lista seg inn der. Er den ikkje fin? Camilla hos Fem sanser har laga den. No er skjortene strøkne, dressen pressa og det som skal bakast er bakt. Kjøkkenhjelparane har vore innom og fått lange lister med instruksjonar, og eg har full tillit til at dei ordnar det som skal ordnast og meir til. Til morgondagen har konfirmanten ønska seg gerbera, dei har Ovedia henta, og skal lage fine dekorasjonar. Hurra! Eg er så glad fordi eg har ei nær meg som får til slikt! Eg ynskjer alle som stikk innom ein fin kveld og ei fredeleg helg.

Den store planen

Eg planlegg aldri så nøye som når eg skal lage mat til fest. Det hadde sikkert lønt seg for meg å planlegge nøyare i andre situasjonar og, men der har eg nokre utfordringar. Men iallfall: Her er arbeidsplanen for matlaginga til konfirmasjonen til den fine guten min, med alle oppgåver detaljert for morgondagen og laurdagen: Fredag heime G&K: Lage grønnsaksterte Bake cheesecake brownie Lage to vinaigrettar Lage sjokolademousse Lage pannacotta Lage gelé Lage hummus Hente gravlaks og sennepssaus hos H Avtale blomsterhenting med H Kjøpe vaniljesaus til geléen Finn ut kven som kan kjøpe brød laurdag morgon Hente mineralvatn hos Singh Fredag i festlokalet G&E: Ha aioli, dressingar og hummus i skåler med plast over. Merk med kva dei tilhøyrer Sette alt på kjøl Finne fram eldfaste former til kjøttbollar og kyllingfilet Finne fram serveringsfat og serveringsbestikk Legge på dukar Legge på glas, bestikk, serviettar og bordkort Sette lysestakar med telys i på bordet Laurdag kl. 10 M&I: Knekke asparges, koke dei i godt salta vatn i 3 minutt, rett i kaldt vatn. La renne …

Dessert- og kakemenyen

Vi planlegg altså ein buffet i denne konfirmasjonen. Det er ikkje eit koldtbord, her manglar både karbonader og råsjbiff. Det er heller ikkje tapas. Det er ganske enkelt ein buffet sett saman i samråd med konfirmanten av ting som ho likar, og som ho trur at dei andre gjestane vil like. Nokre av kakene blir medbrakt av vennlege gjestar som syns det er hyggeleg å bidra med noko. Eg snakka med kona til Singh her om dagen, ho har slikt eit komplisert namn at eg aldri har fått det med meg. Det er noko på K. Ho fortalte at i Kashmir der ho kjem frå er det å ta med mat ikkje vanleg. Det som derimot er vanleg er å kome dagen før og hjelpe til med å gjere klart til festen. Men for å få eit skikkeleg sunnmørsk kakebord er ein plent nøydd til å basere seg delvis på bidrag frå gjestane. Dessertane vert servert i små porsjonsglas, og til 40 personar lagar eg 30 porsjonar av kvar dessert. På den måten får dei …

Å prokrastinere

Prokrastinering er et uttrykk innen for psykologi som innebærer fremskyving eller unnvikelse av en handling som skal avsluttes. Dette innebærer at fokus forflyttes til andre handlinger som vil føre til at personen ikke får utført sitt opprinnelige arbeide. Prokrastinering kan føre til stress, dårlig samvittighet og minsket produktivitet. Det er normalt for de fleste mennesker å prokrastinere til en viss grad, men det kan bli et problem når det går ut over sosiale og daglige funksjoner. Kronisk prokrastinering kan være et tegn på at en psykisk eller fysisk sykdom ligger bak. Eksempel på slike psykiske sykdommer kan være ulike fobier, depresjon og angst. Hyperaktivitet (ADHD) kan også lede til prokrastinering. Ordet prokrastinering er dannet av de latinske leddene pro, som betyr «for», og crastinus, «det som angår morgendagen» (av cras, «i morgen»). Begrepet kan fritt oversettes med «utsettelsesatferd». Kjelde: Wikipedia

For dei som sit askefast

No byrjar mange å kome seg dit dei skal, men mange slit framleis med å kome seg over frå New York og heim. Viss du er der, og ikkje har fly tilbake før på søndag, så tilbyr min strålande flotte venn Jay Hoffman gratis billettar til denne konserten. How cool is that? FREE TICKET OFFER FOR STRANDED EUROPEANS FROM AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA FOR SATURDAY, APRIL 24 BEETHOVEN’S 9TH IS THE FINALE OF THE AMERICAN CLASSICAL ORCHESTRA’S SILVER ANNIVERSARY SEASON; PROGRAM TO FEATURE 250 MUSICIANS AND DANCERS AT ST. JOHN THE DIVINE FOR IMMEDIATE RELEASE: All European-nationals who are stranded in the NYC area are invited by the American Classical Orchestra (“ACO”) to be their guest at the finale concert of their 25th anniversary season on Saturday, April 24 (8 PM). Bring your European-country passports and you’ll receive 1 (one) free ticket per person. The music director Thomas Crawford stated “Some of our musicians are stranded in Europe. We are re-enacting a European coronation in a stunning cathedral (help them feel at home!). Beethoven Ninth is …

Tomt hus

No er eg åleine att her, og det einaste som lagar lyd er oppvaskmaskinen som jobbar for å hjelpe til etter ein middag som fjortenåringen lagde. Det blir slik i byrjinga av denne veka, men frå torsdag og utover byrjar folk å kome til konfirmasjonen som er neste laurdag. Eg syns det er fint å ha litt tid for meg sjølv, men ikkje for lenge. Slik er det vel for dei fleste av oss som er åleine i periodar. Allereie i morgon skal pappaen og eg ut og handle inn matvarer til den store festen. Eg skal lage all maten, og planlegg å legge ut framdriftsplan og oppskrifter her etter kvart som eg held på. I dag får dokke “saltmatmenyen”, eg kjem attende med dessertane og kakene. Dette skal vi servere: Kaldt: Gravlaks med dillstua poteter og sennepssaus Asparges med parmaskinke og balsamico Grønnsaksterte Stor salat med bacon, pecorino, cherrytomatar og sukkererter Varmrøykt ørret med honningvinaigrette og ruccola Varmt: Scampi på spyd med sursøt saus Kjøttbollar med tomatsaus Fylt kyllingbryst med urter og kvit balsamico/appelsinvinaigrette

Androgyn energi

To gongar den siste veka har eg høyrt denne, og eg blir like glad kvar gong eg høyrer den.  Eg elska denne songen frå første gong eg høyrde den, den er ein deilig eksplosjon av speleglede og ekvilibristisk vokalkunst. Eg syns det androgyne uttrykket til Mika er strålande, og kryssar fingrane for at han klarer å gjenta suksessen han hadde med denne songen.

Fine byen

Sola skein. Vi var ute i ein slik flat båt med glasstak som vi kunne ta ned eller dytte opp alt etter temperaturen. Dei serverte lakserogn med blini og ytrefilet av okse til lunch ombord. Det er eit slit, dette livet… Eg har teke eit bilde eg eigentleg ikkje har lov til  å ta. Dette er Tage Andersen sin verkstad. Grunnen til at det var så stille der og så lite blomar er at han er på slottet og lagar oppsatsar til dronninga sine mange festar, no når ho fyller 70. Gratulerer med dagen i morgon, Margrete! Vonar blomane vert fine. Eg skulle veldig gjerne ha sett dei. -Og her er det som vart med heim. Eg har ein liten pasjon for miniflasker. Så heim til Oslo tok eg med sju Bulgari-flasker og sju Victorias secret-flasker, Ondé Mystére frå Armani, som var ei gåve frå DFDS, og Annick Goutal Petit Cherie. Petit Cherie blir fjortenåringen sin konfirmasjonsparfyme. Kryss av, då er det i orden. Viktige ting. Pluss eit lass med prøver, sjølvsagt. Eg fekk lov …

Kva gjer ein-

-for å fortene dette?  Frukt på rommet, ein romsleg lugar ombord i båten til København i niande etasje, med utsikt fram over baugen?   Ein held foredrag om parfyme på tampen av dagen for 100 forretningsfolk. Butikken på båten melder tilbake at dei sel masse parfyme i dag, og andre typar parfyme enn dei vanlegvis sel. 100 elles fornuftige forretningsfolk går rundt og snusar på kvarandre, og diskuterer parfyme over den lekre middagsmenyen. Det gjer ein for å fortene dette. Ha ein fin dag, du og!

Meksikansk i alle land

Familien vår har ein tendens til alltid å ville spise meksikansk mat. Det gjer vi uavhengig av kva land vi er i. Vi har spist meksikansk i Egypt, i Kathmandu og i Edinburgh. Så når vi no var i København så hindra det oss ikkje i å lage ein deilig porsjon burritos. Slik gjorde vi det: Burritos 2 ss heimelaga tacoblanding medbrakt i ziplockpose 1 dl vatn 400 g kjøtdeig 1 boks hermetiske tomatar 2 vårløk Salt og peppar Fem burritoslefser Masse riven ost Varm opp ei steikepanne, og ha i litt steikefeitt. Ha i kjøtdeigen, og smuldre den med ein steikespade eller liknande. Ha i krydderet og slå på vatn. Ha i tomatane og den hakka vårløken. La det koke inn til ein tjukk saus. Smak til med salt og peppar, og kanskje ei klype sukker. Legg lefsene i ei form, og legg to-tre skeier røre i kvar lefse. Rull dei saman, og dryss på rikeleg med ost. Bak burritosane i omnen til osten har smelta og er pent gylden. Server med rømme, salat …

Ei tilståing

Eg må berre innrømme det; eg var eigentleg ganske hagelei i fjor. Det var ingen særleg grunn til det så vidt eg kan huske, eg huskar berre at hagen gjekk for lut og kaldt vatn, lite nye plantar, lite stell og lite hageglede. Eg innrømte det ikkje til nokon, mrs. Bouquet som eg kan vere, men når eg no går laus på beda mine ser eg det klart og tydeleg. Det har gått meir enn eit år sidan sist ei kjærleg hand for over hagen. Det gror sitronmelisse over alt, den ville ruccolaen har spredd seg ut i plenen med lange strantar, og eg er redd det framleis ligg nokre løkar på loftet. Men i år skal ræva leggast i andre folde, som bestefaren min ville sagt om han hadde levd. Eg har fjerna ugras og haustasters på ville vegar, eg har raka plenen og når eg berre kjem attende frå diverse jobbreiser skal eg få kjøpt noko fint å ha på trappa slik at det vert koseleg her. Så i år er det fare …

Deilige søte saker

Heidi har lagd søt gjærbakst i dag, og eg sit her med vassflog i munnen. Dette er noko av det beste eg veit! Slik bakst er ikkje komplisert, så lenge du har råvarene i huset set du deigen medan du held på med andre ting. Perfekt søndagsbakst! Alt godt Klippekrans med vanilje 4 ss margarin 4 dl mjølk 50 gram gjær 5 ss sukker 1 egg ca 10 dl kveitemjøl Fyll: Vaniljekrem, gjerne ferdigkjøpt. Alternativt fyll: Sjå i teksten under. Smelt margarin og varm margarin og mjølk til 37 grader. Rør gjæra ut i deigvæska og ha i sukker. Ha i egget og kveitemjølet til slutt. Ha i litt mjøl om gongen slik at deigen ikkje blir for laus men heller ikkje for hard. Strø gjerne litt mjøl over dersom han blir litt laus. Hev deigen i bakebollen med eit klede over i 30 minutt. Legg deigen på bakebordet og kjevl ut til eit rektangel som er 30 x 70 cm. Smør vaniljekrem over leiven, men unngå å smøre heilt ut til kantane på langsidene. …