Vi er i nabolaget, vil de ha besøk? Kjære vene, kor glad ein blir for slike meldingar no for tida. Ein meters avstand får vi til, og mat skal kome på bordet. Stor stas!
Men kva skal vi servere? Vi hadde planlagt ein enkel biffmiddag, så vi hadde kjøpt inn to gode entrecotar som vi skulle steike. Korleis blir to biffar til middag til fire? Jau, då lagar du nachos med biff. Du kan lage nudlar med biff, eller ein thailandsk biffsalat og, løyndomen er å krydre kjøtet godt, steike det heilt perfekt, og så skjere det i tynne strimlar som du fordelar i retten. Bra for miljøet er det og, å mette fleire med mindre porsjonar kjøt.
Det meksikanske (eller kanskje rettare det texansk-meksikanske) kjøkenet er basert på nokre grunnleggande krydder. Det er chili i ulike variantar, paprika, både røykt og vanleg, peppar, cayennepeppar, spisskummen og koriander. Eg lagar ofte mi eiga meksikanske krydderblanding, som eg har ståande (i eit godt merka glas!) i krydderskapet. Då kan eg raskt få til den gode smaken utan å ty til mange boksar. Eg har også i litt urtesalt, der kan du også bruke litt buljongpulver i staden.
Nachos kan lagast på mange ulike måtar, du kan ha på bønner eller ulike salsaer, og så er det å toppe med ost som smeltar viktig for smaken. Eg steiker biffen heilt til slutt, medan nachosen står i omnen. Då får eg lagt kjøtet heilt varmt på toppen, og den deilige kjøtsafta dryp ned og gir god smak.
Til mine nachos serverer eg guacamole og rømme. Rømmen mildnar viss du har vore ivrig med chilien, og guacamole er den karakteristiske avokadosausen som passar perfekt til nachos. Avokado er vanskeleg å kjøpe, så då må du dessverre planlegge. Eg kjøper avokado fleire dagar på førehand, og så får den ligge på benken og modne. Då kan du vere mest trygg på at den blir moden utan å råtne. Utfordringa er at den ikkje er moden akkurat når du vil lage guacamole, men her er avokadoen sjefen, dessverre. Guacamole med umoden avokado går ikkje.
For meg er koriander veldig viktig for å få til den rette smaken. Koriander, spesielt den ferske, er den største kjærleik for enkelte, for andre smakar det berre såpe. Det skiljet er visstnok genetisk, men ein kan lære seg å like koriander viss ein vil. Uansett: Nachos blir godt med eller utan koriander.
Ha ei hot helg, og ta vare på kvarandre!
Heimelaga meksikansk krydder
1-2 ts chilipulver eller chiliflak
1 ss paprikapulver
½ ts røykt paprikapulver
2 ts urtesalt
1 ts peppar
1 ts spisskummen
1 ts malt koriander
Rør ihop alt, og oppbevar krydderblandinga på eit tett glas. Lag gjerne ein stor porsjon.
Guacamole
2 avokadoar
1 ss sitronsaft
Salt og peppar
1/2 ts spisskummen
4 cherrytomatar eller ein stor tomat
Eit kvitløksfedd
Del avokadoane i to, og fjern steinen. Grav ut avokadokjøtet med ei skei, og ha det over i ein bolle. Mos avokadokjøtet, og bland inn sitronsaft, spisskummen, salt og peppar. Finhakk tomatar, og skrell og finhakk kvitløksfeddet. Vend dei hakka tomatane og kvitløken inn i guacamolen, og smak til om det trengst meir syre, salt og peppar. Lagar du guacamolen i god tid, så ha den i ei skål, drypp på litt sitron og dekk den med plastfolie heilt nedtil guacamolen. Det skal ikkje kome luft til, då blir den mørk. Rør den opp før servering.
Nachos med biff
300-400 gram mør biff, ytrefilet eller entrecote
1 ss heimelaga krydderblanding
Salt og peppar
2 fedd kvitløk
1 gul løk
Olivenolje
1 pk knuste tomatar
2 ts honning
Ei potte fersk koriander
Ein pose nachoschips
3 dl riven ost
1 fersk chili
2 vårløkstilkar
Sett steikeomnen på 220 grader.
Legg kjøtstykka på ein tallerken i romtemperatur. Salte og pepre godt, og dryss på 1 ts heimelaga krydderblanding.
Rens løk og kvitløk, og finhakk det. Varm opp olivenoljen i ei gryte, og fres løk og kvitløk mjukt og blankt. Ha på resten av krydderet, og la det frese litt til. Slå på dei knuste tomatane, ha i honning, og la det koke i 10-15 minutt. Smak til med salt og peppar.
Riv osten. Fordel chipsa i ei eldfast form, slå på tomatsausen og dryss over rikeleg med riven ost. Kutt chilien og vårløken i skiver, og fordel oppå det heile. Bak forma i omnen i 15 minutt, til osten har smelta.
Medan du bakar chipsa, så varm opp 2 ss olivenolje i ei steikepanne. La det bli ordentleg varmt. Tørk av kjøtstykka, og steik dei i 2-3 minutt på kvar side. La dei kvile i panna i 2-3 minutt før du tek dei over på ei fjøl, og skjer dei i tynne skiver. Ta forma ut av omnen, og fordel kjøtet over. Server med ein gong, med rømme og guacamole til.