Drikke, Fest, Fredag, Jul, Mat, Noko søtt
Comments 2

Årets julelikør

Eg treng ikkje så mykje søtt til jul, når eg får servert eit glas god likør og ein kopp te er eg fornøgd.

Det morsomme med likør er at det er så lett å lage sjølv, og det er gøy å prøve seg fram med ulike smakar og aromaer for å få til noko du likar. Likør kan lagast med frukt og bær, tørka, ferske eller frosne, og den kan smakast til med krydder. Du kan bruke tradisjonelle julekrydder, men pass på å bruke dei heile kryddera. Malt krydder passar ikkje her.

Ein har mykje rart i skapa: Korintar, mango, aprikosar, fiknar, ingefær og appelsin.

Av tørka frukt og bær brukar eg ulike typar rosiner, aprikosar, ingefær, appelsinskal og i år fann eg til og med tørka mango. Eg kjøper tørka frukt og krydder når andre kjøper kjøleskapsmagnetar på reise, så det ligg litt forskjellig i kjøkkenskapa mine.

Men er det ikkje for seint, lurer du kanskje på. Neida, viss likøren får stå og trekke tre-fire veker får du masse smak ut av den. Eg gjekk ein tur i frysaren, og der dukka det opp både bringebær, bjørnebær, blåbær og rips. Du kan blande, og lage ein ekte skogsbærlikør, eller du kan lage ein rein ripslikør.

Vi hadde veldig mykje aroniabær i år, dei er også ein sikker match når det gjeld å lage likør. Eg må innrømme at eg likar aronia betre enn både solbær og bjørnebær når eg skal bruke den i likør. Smaken på aronia er meir særeigen og spennande. Aronia hadde eg allereie laga saft av, så aronialikøren er ganske enkelt aroniasaft og vodka som er blanda. Det er altså ein skikkeleg hurtiglikør, men den blir definitivt betre av å stå nokre veker.

Viss du ser etter oppskrifter på likør, så vil du finne mange der det står: Fyll bær på flaske, fyll sukker på flaske, fyll sprit på flaske. Eg lar alltid bæra og kryddera ligge på sprit åleine i nokre veker, og så smakar eg til med sukkerlake til slutt. Det gjer det mykje enklare å justere kor søt likøren skal vere. Nokre likørar som er laga av friske, syrlege bær treng ganske mykje sukker. Andre likørar, til dømes dei som er laga med tørka frukt, treng langt mindre. I år laga eg fikenlikør, den trengte nesten ikkje søting i det heile tatt. Den vart fantastisk god. Vi var i Spania, og kjøpte tørka fiken på ein marknad der. Då vi kom heim var vi litt skuffa, det var veldig mykje og store steinar i desse fiknane, så dei var ikkje så gode å spise. Men til likør passa dei heilt perfekt.

Bær frå frysaren kan du godt lage likør av. Dei treng ikkje tine først, ein gong.

Ei anna frukt som gjer seg godt i likør er plomme. Finn du dei gule mirabellplommene på hausten er du ekstra heldig, dei gir ein sjeldan aroma som eg vil anbefale deg å smake om du får sjansen. Elles går det fint med vanlege plommer og.

Ulike sitrusfrukter går og fint å lage likør av, du kan legge heile, nyskrubba appelsiner og klementiner på sprit, og smaken blir heilt magisk. Sprit er jo teknisk sett eit løysemiddel, og den eigenskapen brukar vi når vi lagar likør. Spriten hentar ganske enkelt ut dei aromatiske stoffa i frukt, bær og krydder, og den konsentrerte smaken samlar seg i det vi serverer.

Likørane kan krydrast på forskjellige måtar. Plommer kombinerer eg gjerne med vanilje eller stjerneanis. Vanilje er også veldig godt til rips. Vanilje, stjerneanis, kardemomme og kanel er klassiske varme krydder, som rundar av ein frisk likør av bær og frukt. Til tørka frukt kan du også bruke desse, eller du kan bruke noko som bidreg med ein eigen frisk smak og aroma, som til dømes pomeransskal. I ein nettbutikk som sel krydder har eg funne svart kardemomme. Den har ein heilt annan karakter, meir som tobakk og lær, som gir ein veldig interessant og litt rampete smak. Asiabutikkar har også veldig godt utval i krydder, så sjekk ut der kva du finn.

Når eg lagar likør brukar eg ein heilt enkel vodka, billigaste sort. Så heller eg bæra, frukta og kryddera på eit stort norgesglas som eg har lok og pakning til, skrur til og lar det stå så lenge eg har tid. Når likøren er klar kokar eg sukkerlaken, silar av bæra, og så smakar eg til slik at smaken vert balansert og god. Den dagen bør ein helst ikkje ha tenkt seg ut med bil etterpå.

Slik ser kjellaren min ut; julegåvene står på rad og rekke.

Eit lite tips er å kjøpe fiken og dadlar på tilbod etter jul, og legge på sprit. Sett glasa i kjellaren, og gløym dei til neste jul. Du vil takke deg sjølv, eg lovar.  Og all den tørre frukta som har vore på sprit brukar eg i ei julekake. Dei kan også brukast i dessertar, eg laga ein veldig god is ved å halvsmelte vaniljeis, og røre inn hakka rosiner som hadde vore med på å lage rosinlikør. Ikkje noko for barneselskap, men kjære vene, kor godt det var.

Og berre for å ha nemnt det: Vent med smakinga, både tilsmaking og servering ved bordet til barna har lagt seg. Det er best for alle partar.

Sukkerlake

1 liter vatn

1 liter sukker

Ha vatn og sukker i ei gryte, og la det koke sakte opp. Rør til alt sukkeret har løyst seg opp, og laken er heilt klar. Ta gryta av varmen, og la laken kolne. Fyll laken på ei heilt rein flaske. Laken held seg lenge i kjøleskap.

Bjørnebærlikør

400-500 g bjørnebær, gjerne frosne

7-8 dl vodka

2 kapslar svart kardemomme

1 ts pomeransskal

Ha bjørnebær, krydder og vodka på eit norgesglas. Er dei frosne, så treng dei ikkje tine først. Skru glaset godt igjen, og la det stå mørkt og kjøleg i nokre veker. Sil frå bæra og krydderet. Smak til med sukkerlake til likøren er passe søt. Fyll på heilt reine flasker, og sett kork på.

Fikenlikør

500 g fiken, tørka

7-8 dl vodka

Legg fiken på eit norgesglas, og slå over vodka. La det stå så lenge du har tolmod, det kan godt stå til neste jul. Sil frå, og smak om likøren treng litt søting med sukkerlake. Fyll på heilt reine flasker.

Aronialikør

5 dl aroniasaft

4 dl vodka

3-4 stjerneanis

Bland saft og vodka, og legg i stjerneanis. La det heile stå på tett glas nokre veker. Sil frå krydderet, og smak om likøren er tilstrekkeleg søt. Fyll på heilt reine flasker.

Aprikoslikør med vanilje

250 g tørre aprikosar

6 dl vodka

Ei halv vaniljestang

Legg aprikosane på eit norgesglas, og hell over vodka. Splitt vaniljestanga i to, og legg halve stanga i glaset. La det stå så lenge du har tid til. Sil frå, og smak til likøren med sukkerlake. Fyll på heilt reine flasker. Finsnitt aprikosane, og bruke dei i ei julekake eller i ein dessert. Her kan du godt blande aprikos og rosiner, det blir berre ein endå meir spennande smak.

 

2 Comments

  1. Egil Haugland says

    Hei, mye godt her!
    Vi har laget likør av tørkede tranbær, som det har vært lett å få tak i, spesielt sør i Europa (Spania, etc), men også her hjemme.
    Blir fantastisk godt, men ellers så er jo aroniabær en favoritt.

Leave a Reply