Month: oktober 2010

Halloween!

Det er helga for knask og knep, så alle som vil glede barna rundt seg må handle inn snop til å dele ut. Har du tid og lyst kan du også kutte ut gresskarlykter, det syns iallfall eg er kjempeartig. Gresskarsuppe er også lettvint å lage, særleg når du har avskjer etter å ha skore ut ei fin lykt. For min del blir det dugnad i dag, gården er full av konteinerar og søppel og skrot frå loft og kjellar skal avgarde. Eg er som vanleg pølsesjef, og serverer gode wienerpølser med tilbehør til store og små. Det er ein fin tradisjon, der alle føler at dei gjer sitt til at gården vert fin, og nye og gamle lindernbuarar får møtast og bli kjende med kvarandre. Ha ein fin laurdag, du og!

Til Knut

Min venn Knut har mista mora si, og ho vart gravlagd i dag. Denne er til deg og søstrene dine, Knut. Døden Døden er ikke slik: En knokkelmann som kveler ditt siste, ville skrik med heslig hand. Døden er ikke angst og ljå og djevlekrav, ikke måneskygger rundt ei ribbet grav. Nei, døden er fjell som løfter sin svale snø over vegen du drar. Der skal du stå den siste kveld, og se i skjær av solfallseld hvor vakkert livet var. Hans Børli  

Marengskake med sjokolademousse

No i helga laga eg ei kake som vart borte som dogg for sol, så god vart den. Den må påbyrjast dagen før, men huskar du på det er det ikkje mykje arbeid å lage den. Botnen og sjokolademoussen må lagast på førehand, og så monterer du den dagen etter. Ei slankekake er den ikkje, men den er glutenfri. Det er vel bra? Marengsmassen er piska opp med litt salt og eddik. Opprinneleg hadde saltet og eddiken som funksjon at marengsmassen skulle heve seg betre. Eg syns dei gir god smak og, tradisjonell marengs med berre sukker og eggekvite smakar ikkje så spennande. Slik lagar du den: Marengskake med sjokolademousse 2 eggekviter 130 g sukker Ei klype salt 1 ts balsamicoeddik 150 g mørk sjokolade 3 dl fløte 1 ts instant kaffepulver 1 dl fløte og skiva mandlar til pynt Ha eggekvitene i ein bolle saman med salt og eddik. Pisk eggekvitene luftige. Ha i sukkeret skei for skei til du har ein fast, glatt marengsmasse. Klipp ut ein runding av matpapir. Legg den under …

I den sorte gryte

Vinden stryk om nåvene, og det er godt å ha ein heimesøndag, utan andre plikter enn å lese avisene, drikke te av store koppar og lage ein god middag. Vi er gode til å samle, og ikkje så gode til å ete opp. Eg har vore i frysaren, og fann kjøtdeig som burde bli eten. Det skulle ikkje mykje ekstra til for å lage ei god haustgryte til meg, familien og nokre kjære vennar. Gryter kan få smak på mange måtar. Kjøtdeig er ikkje det som har alt for mykje eigensmak, så då gjeld det å supplere med andre, morsomme smakar som gjer at dei rundt bordet vert nøgde og mette. Grønsakene i gryta er paprika, løk og sjampinjong. Eg likar små sjampinjongar, som eg heilsteiker. Finn du ikkje små kan du ta store og dele dei i bitar, men mi erfaring er at dei små vert liggande att, av ein eller annan grunn. Finn du ikkje sopp, så kan du bytte den ut med andre ting, både squash, gulrot og sellerirot går fint i …

Haustavrunding i hagen

No held eg på og avrundar i hagen. Blodbegerplanten er så flott at eg har sett den inn i vindauga i gangen, der kan den spreie glede litt til. Urtene har kome i hus, og blitt til urtesalt. Den sterke kjæresten min bar inn den digre agapanthus-potta, så no står den i kjellaren klar for overvintring. På laurdag er det dugnad i burettslaget, då skal eg få sett dei siste løkane. Heldigvis er det mildver no, så jorda er mjuk og fin. Løk er til halv pris rundtomkring for tida, så no er det mogeleg å handle inn flotte løkar og knollar til neste vår og sommar. Sjå om du finn eranthis og anemoner. Dei er så fine, dei kjem tidleg, og dei finst ikkje i alle hagar. Eg er også veldig glad i frittilaria, eller vipeegg. Utvalet vert større år for år, så det er nok å velge i. God haustøkt i hagen!

Heaven Scent flyttar!

Heaven Scent har holdt til i Jacob Aalls gate på Majorstua sidan dei opna. No har dei flytteplanar! I løpet av den komande helga skal dei frakte alle sine dyrebare dropar ned til Eger, kjøpesenteret på Egertorvet. Det blir sikkert kjempefint for dei, med eit spennande kundegrunnlag med spending ability og shopping capacity. Det kan hende det vert litt trangare i butikken når vi tunge sniffarane kjem dit for å kose oss i lang tid om gongen, men eg satsar på at dei hyggelege damene på Heaven Scent klarer å ta like godt vare på kundane sine som dei har gjort. Eg skal iallfall ein tur innom i neste veke.

Eg har sagt det før

-og eg seier det igjen: Denne dama er ikkje god. Mitt første møte med henne var på ex.phil, der ho æresskjelte ei godt vaksen dame som byrja på sin juridikum då ho var rundt 40. Monsen sin harme baserte seg på sitt eigenutvikla prinsipp om at den utdanninga ein ikkje tok i sin pure ungdom var ingenting verd. At den æresskjelte seinare vart ein dyktig jurist og til og med statsråd kunne jo ikkje fru Monsen vite. Tvi vøre.

Grove rundstykke

Desse har eg meir eller mindre vakse opp på. Kvar gong det var fest heime på Sunnmøre, og det skulle serverast saltmat, lagde mor mi desse rundstykka. Grove rundstykke 6 dl mjølk 100 g margarin 1 ts salt 1 pakke gjær 6 dl kveitemjøl 6 dl grovmalt kveite, fin Eit egg til pensling Frø til å strø på Smelt margarinen, og ha i mjølka. La det få passe temperatur, fingervarme. Løys opp gjæra i dette, og ha i bakebollen. Bland saman alt det tørre, og ha det i brødvæska litt og litt til du får ein passe fast deig. Den skal ikkje vere klistrete, men heller ikkje kompakt. La deigen gjerne elte i fem-ti minutt viss du brukar kjøkkenmaskin. La deigen heve i 40 minutt. Sett steikeomnen på 210 grader. Trill avlange rundstykke, og legg dei på bakepapir på bakebrett. Pensle dei med egg, og dryss på det du måtte ha av frø. Vi brukte valmuefrø, men du kan gjerne bruke sesamfrø, nigella-frø, gresskarkjerner eller linfrø. La rundstykka heve på bakeplata, før du steiker dei …

Kan det vere så enkelt?

Ho sat der og tenkte korleis ho skulle kome seg unna ved å forklare at det snart tomme glaset måtte fyllast opp. Han såg det ledige setet, eit kjent andlet på andre sida av bordet, og sette seg ved sidan av henne. Eg veit kven du er, sa han. Eg har lese det du har skrive. Du hadde så klare svar, svar eg har brukt seinare. Eg veit kven far din og søstra di er, sa ho. Eg kjenner att haka di, tenkte ho. Treng du noko i glaset, spurte han. Etter ein time hadde begge fortalt den andre ting dei ikkje hadde fortalt nokon før. Tilståingar, manglar, lyster og lengtar. Eg likar at du held rundt meg, sa ho. Han heldt fram med det. Kysset varte eviglenge. Kan det vere så enkelt, at det er du, spurte dei i munnen på kvarandre. Ja, det kan det, svarte dei. Eg eg er ikkje fri, sa ho. Gjer det du må, sa han. Eg ventar. Men eg vil du skal vere med meg. Nokre timar etterpå var ho …

Bursdag!

I dag er det bursdagsfesten, elleveåringen blir tolv! Det er stor stas å få heile familien på besøk, med søskenbarn, tanter og onklar, vennar og besteforeldre. Menyen kjem i bloggen så snart den er ferdig lagd, fotografert og oppskriftene er nedskrivne. Eg serverer ei haustgryte med ris og godt brød, og det gode brødet er bestemor sine grove rundstykke. I mellomtida kan du jo kose deg med denne?

Nytt parfymeri!

Eg stakk innom det nye parfymeriet Parfumerie i Vibes gate i dag. Lykke! For ein godtebutikk! Eg lukta meg igjennom Carthusia, Villoresi, Nasomatto og Malin & Goetz. Comme de Garcon og Annick Goutal har eg vore igjennom før, så dei fekk stå i fred. Vi er verkeleg priviligerte her i byen no, det er fleire merke her som du ikkje inn i København eller Stockholm. I tillegg har dei masse eksklusiv hudpleie, barberprodukt for menn og mykje anna moro. Det brukte eg ikkje tid på, men eg kjem attende med vurderingar av nokre av duftene eg fekk prøve på. Stikk innom, du og, Parfumerie er ein bytur verd!

Amerikansk frukost

Å spise pannekaker til frukost gjev meg ein deilig, rampete følelse. Det har noko litt uvørent og vågalt ved seg, no i desse lågkarbo-tider. Alt skal vere så proteinrikt, sunt og helsebringande. Pannekaker med kvitt mjøl og steikt i smør er nesten på linje med eit lovbrot. Men her i huset har vi det ofte, både dei tjukke amerikanske og dei norske, tynne. Enkelte meiner dei er franske, det må dei gjerne. Med blåbær frå målselvskogane er dei norske nok for meg. Eg elskar amerikanske pannekaker, men eg har ikkje fått dei til, syns eg. Men no har eg funne ut kva som skal til: obskøne mengder bakepulver. Prøv denne oppskrifta, du kjem ikkje til å angre. Eg lagar dei i stor steikepanne, då får eg plass til fire pannekaker i kvar steikerunde. Har du takke kan du godt lage dei på den. Slik gjer du det: Amerikanske pannekaker Vel 3 dl mjøl (ca. 180 g) 1 egg 2 ss sukker ½ ts salt 1 ss bakepulver 3 ss smør 3 dl mjølk Bland alt …

Gratis nynorskmoro!

Nynorskordlista er lagt på nett i søkbar form, visste du det? Den er tilgjengeleg i gratisversjon berre ut året, men det inneber masse gratis nynorskmoro fram til over jul, iallfall. Nynorskordboka er gratis tilgjengeleg, og vil nok fortsette å vere det, men Nynorskordlista har eit fortrinn i og med at den spesifiserer alle bøyingsformer. Masse gratis nynorskmoro, altså!