Month: mars 2009

Med godt utstyr

-er halve jobben gjort, har eg lært. I denne posten fortalde eg om dei gulle gode aluminiumsgrytene mine som eg fekk/kjøpte då eg flytta heimafrå. Det nærmar seg 23 år sidan, og eg trur eg har bytta ut ei av dei. Men ved nærare ettersyn kunne eg dessverre konstatere at dei berre såvidt er i kontakt med komfyren. Den eine hadde kontakt i ein runding på ca. fire cm i diameter midt under. Den andre og den tredje hadde kontakt i ein ring ytterst, men ikkje i midten. Eg måtte altså trø nedover såretåa og investere. Mannen min byrja, med å gi meg ei flott Eva Trio-gryte til jul. (Jada, ikkje veldig romantisk, men ikkje bruk det imot han. Ein kan ikkje få juvelar kvart år, veit du.)  Så skulle Jernia kompensere for finanskrisa, og selde tre gryter for prisen av to. Eg kunne ikkje stå imot freistinga, så no er dei slitne aluminiumsgrytene vandra til dei evige grytemarker, og vi har fått nye, solide gryter i hus. Det viktigaste når ein skal kjøpe gryter …

Ris til overs

I går åt vi ein aldeles deilig kylling, som du skal få oppskrift på seinare i veka, tenker eg. Vi hadde ris til, og eg kokar ofte litt ekstra ris. Steikt ris er godt til lunch eller middag, og av og til lagar eg rislappar av restane.  Det er deilig dessert eller kaffimat, og det gjev ei god kjensle å bruke middagsrestar på denne måten. Har du restar av risgraut kan du også bruke det i lappane. Mengda ris er ganske omtrentleg. Denne røra kan brukast med ned mot ein dl ris, eller så mykje som fem dl. Mindre ris gjer lappane meir som sveler. Slik gjorde eg det: Rislappar 3-4 dl kokt ris 3 egg ¾ dl sukker 2 dl mjøl 1 ts bakepulver ½ ts salt 1 ts kardemomme Pisk egg og sukker med handmiksar til ein ganske stiv eggedosis, hakket før sukkerbrødstandard. Bland mjøl, bakepulver, vaniljesukker, salt og kardemomme i eit lite litermål. Fortsett med handmiksaren, og bland mjølblandinga inn i eggedosisen. Ha i risen til slutt. Steik lappane i ei stor steikepanne i …

YSL Cinema

Yves Saint Laurent lanserte Cinema i 2004, som ein hyllest til filmstjerner og film generelt. Den har ikkje blitt ein kioskveltar, men sel godt nok til å ha fått ei lang rekke flankerar, altså variantar over sitt eige tema. Dei siste sommarane har det stort sett kome ein “limited edition” kvart år, og mange av dei er også sniffeverdige. Cinema er ein “floriental”, ein av mine favorittgrupper innan parfymer. Den kombinerer altså orientalske notar, som amber og mandel med blomar som jasmin, klementin-blomst og peon. Det gir den eit søtleg, men ikkje emment preg. Eg meiner også å kjenne eit hint av tobakk her, men det er ikkje lista blant duftnotane. For meg er Cinema ein parfyme med klasse, samstundes som den er varm og omfamnande. Den har eit vaksent preg, Cinema er ikkje ein ungjenteparfyme. Den opnar friskt med dei florale notane, men roar seg snart ned til dette varme, vennlege sløret av vanilje, mandel og musk. Samtidig gir den eit sensuelt inntrykk, sniffe meir-kjensla slår inn. Familien min kommenterer alltid parfymen min positivt …

Husstell og lapskaus

Heidi og eg har snakka litt om kva som har inspirert oss til å lage mat, og vi lovpriser husstellærarane og deira arbeid. Eg har den høgste respekt for husstellærarar. Få kan som dei formidle matglede, og deira evne til å motivere og inspirere sine elevar er svært verdifull. Heldig er den som får ein god husstellærar. Og det hadde eg. Det gjekk gjetord om Malene som regjerte på skulekjøkenet på ungdomsskulen der eg gjekk. Ho hadde rykte på seg for å vere streng, men eg elska henne frå første stund. Sist eg var heime fann eg boka der eg skreiv inn Malene sine oppskrifter for hand. Ordensreglane står først, åtte klare reglar for korleis ein skal oppføre seg på eit kjøken. Neglelakk, til dømes, er ikkje bra. Så kjem reglane for oppvasken, fem punkt som somme kokkar framleis gløymer å følgje når dei skal reingjere knivane sine. Malene hadde nok fått skikk på dei! Ein annan ting som eg ser når eg blar gjennom boka mi, var at Malene var utruleg flink til å …

Ein blå ballong

Arne Bendiksen døde torsdag kveld, 82 år gamal. Mange har skrive om hans liv, så eg skal ikkje gje meg på ein samla gjennomgang, men fortelje om mitt forhold til Arne Bendiksen. Når eg var liten høyrde eg musikken hans, og elska den. Det å kjøpe plater var ikkje noko ein gjorde lettvint heime hos oss, så eg hadde faktisk ingen plater med hans musikk, men når den blå ballongen, Davy Crockett og andre av hans sangar var på radioen skrudde eg alltid opp. Så ville det seg slik at eg hamna i musikkbransjen, og fekk møte den politiske Arne Bendiksen. Han imponerte meg med sitt vidd, si evne til å forstå kompliserte saker, og sitt evinnelege pågangsmot, på grensa til det enerverande. Han ga seg aldri, og klarte han ikkje det på første forsøk så prøvde han igjen, frå ein annan vinkel, med nye argument og innfallsvinklar. Eg har vore borti musikkpolitikarar der eg har tenkt at her er eg glad eg er på same lag som dei, for å vere på motsett lag …

Kjapt og eksotisk I

I ein travel kvardag er det få ting eg set pris på som ein ny idé for korleis eg kan gjere daglegdagse ting raskare og likevel like bra som før. Eg har brukt mykje tid på å finne fram til korleis eg skal kunne gje familien min noko godt å ete utan at eg er utsliten, og barne-TV er ferdig før vi har fått sett oss til bordet. Gode oppskrifter og gode lettvinte ingrediensar er gull verdt for å få tidsklemma til å skvise litt mindre. Dei nye matvarene i butikkane har vore med på å gjere livet mitt lettare. Og då tenker eg ikkje på ferdigmiddagar meint for mikrobølgeovn. Eg tenker på dei nydelege, aromafylte butikkane som våre nye landsmenn har opna, og som gjev oss eit vareutval som vi berre kunne drøyme om for nokre år sidan. Varer med ukjende teikn og namn på kan virke avskrekkande, men eg kan love at det ligg mykje moro med mat i dei eksotisk innpakka råvarene du finn der. Rettar med cous-cous, nudlar og bulghur, og …

Torsk, kams og rogn

Når det gjeld lever og rogn er eg ei skikkeleg pyse. (Nei, eg likar ikkje sild heller, berre gni det inn.) Så når du finn skrei i butikken må vi ty til Heidi sine oppskrifter att. Er du skikkeleg tøff lagar du kams av levra. Her får du lære korleis du gjer det. Alt godt Fisk er god mat, og når du i tillegg får rogn og lever til vert det eit herremåltid. Å lage kams er kanskje gått ut på dato for den yngre garde, men lagar du kams er du i alle fall internasjonal. Lenge trudde eg at kams var eit sunnmørsfenomen, men det var før eg las om kostvanane til fiskarane i Bohuslän på vestkysten av Sverige. Forfatteren A. Olsson forklarer at denne retten også finst på vestkysten av Norge på ein stad som heiter Sunnmøre. ”I Falk og Torps etymologiska ordbok förklaras kams vara en boll av fiskelever og mjöl. Ordet hör samman med verbet kamsa, som betyder älta, röra. Norsk ordbok av Ivar Aasen från 1873 anför samma betydelse for …

Gode, gamle dagar…

Eg fekk denne mailen i går, og kan ikkje la vere å dele den med dokke. Hysterisk… Akk, det var tider å sitte på løs parkbenk i folkevognbussen med en hel haug med fettere og kusiner som fløy ukontrollerbart sidelengs i badebuksene og svømmeringer. Med en passe gal tante som ikke hadde tatt opptelling på ungene før vi forlot badestranda. Når vi kom hjem oppdaget vi at Jonathan var glemt igjen på do. Tanta måtte tilbake og henta krapylet mens vi andre 7 var hjemme og laget snøvær med popcornmaskinen. Det var tross alt en varm juni. Det var gøy å være barn på 60-tallet. For det første overlevde vi å bli født av mødre som røkte og/eller drakk
 mens de var gravide med oss og levde i hus fulle av asbest. De brukte Dispril og Paracet, spiste muggost, rå eggeprodukter, mengder av bacon og
 fet mat – for ikke å snakke om mat tilsatt alskens farge- og
 tilsetningsstoffer, tunfisk rett ut av boksen og vi ble ikke testet for
 diabetes eller alvorlige kreftsykdommer.
 Etter …

Mat av avfall

I helga koste vi oss med reker, store, saftige kapteinreker. Det er noko av det beste eg veit, høge, fine rekesmørbrød med majones, dill og ein sprut sitron. –Og så endar det heile med ein diger pose med avfall som stinkar. Eg tok vare på dette avfallet, og bestemte meg for å lage ei deilig suppe i dag. Rekeskal er nemleg eit strålande grunnlag for å koke ei smaksrik skaldyrskraft. Ein må passe på, har ein slumsete gjestar kan lett både serviettar og sneipar hamne i avfallsbollen. Her i huset er det ingen som produserer sneipar, så det problemet er ute av verda. Ein og annan sitronbåt gjer ingen skade, og å plukke ut serviettane klarer eg. Rekeskalet gjekk i ein stor glidelåspose, eg har blitt utruleg glad i dei. Dei er heilt tette, og dei kjem i mange storleikar. Du kan presse lufta ut like før du lukkar glidelåsen heilt, og så er det nesten vakum. Perfekt for å ta vare på matrestar. Ein treliterspose tok hand om heile porsjonen i frysaren. Lagar du …

Noko av det vakraste XI

Seint åttital var ei turbulent periode i livet mitt. Eg trudde eg møtte mannen i mitt liv gong på gong, og eg lærte at froskar er ofte berre froskar, ikkje prinsar. Ein av froskane spelte denne plata til meg, og det er eg glad for. Fløytisten Björn J.son Lindh (kan nokon fortelje meg kvifor det står J:son? Johansson? Kvifor skriv dei ikkje berre det då?) og den vakre, vesle pianisten Staffan Scheja spelte inn tre plater; Europa, Spirits of Europa og Spirits of Europa III: Bridges. Björn J:son Lindh er ein musikar for musikarane. Han spelar fløyte på Murray Heads One night in Bangkok frå Chess, han har spelt med Mike Oldfield og har laga filmmusikk til mange filmar, mellom anna dei fleste av Eva Isaksen sine. Dei to første Europa-platene har eg, den eine på kassett (veldig upraktisk) og den andre på vinyl (overkomeleg). Dette er vakker, meditativ musikk med piano, fløyter og synthar. Finn du desse platene på loppemarknad eller antikvariat så kjøp dei, legg deg på sofaen og nyt.

Mitt fotavtrykk

Kva er ditt økologiske fotavtrykk, spurde ein ven meg. Kor stor del av jorda sine ressursar er eg med på å bruke? Viss alle levde som meg, kor mange planetar måtte til? Eg vart svar skuldig, men gjekk inn på http://www.myfootprint.org og svarte på ei rekkje spørsmål om korleis eg lever i kvardagen. Resultatet var ikkje oppmuntrande: Viss alle menneske på jorda skulle leve som meg, trengst det 2,7 jordklodar! Og det verste er at eg er under snittet for nordmenn; det ligg på 3,5 jordklodar. Eg bur midt i byen og syklar til jobb, saman med det at eg bur i husvære i staden for eige hus gjer det at mitt fotavtrykk er lågare enn landsgjennomsnittet. Eit av områda eg syndar mest på er at vi er glade i kjøt i vår familie. ”Vet du hva jeg ikke skal bli når jeg blir stor, mamma? Vegetarianer!” Det sa min kjøthungrande son då han var fire. Kjøt er dyrt og ressursøydande å produsere, frukt, grønsaker og belgfrukter gir mykje meir energi for mindre produksjonsinnsats. Kortreist …

Noko av det vakraste X

Dette musikkstykket har eg høyrt av og til, og tenkt at eg må finne ut kva dette fantastisk vakre er. Men med eit snev av ADHD så har eg aldri klart å huske stykket lenge nok til å finne ut av det. Her ein kveld såg eg ein film på SVT2, og når den var ferdig kom det ei lang rekke vakre musikkstykke som akkompagnerte prøvebildet. (Her i huset  har vi øyretelefonar på TV-en, og vandrar rundt medan vi høyrer på det som måtte skje der.) Der kom den igjen, og då klarte eg å finne ut av det. Det viste seg at denne rekka med musikk går fast kvar kveld, og at den ligg her.   Stykket er altså Vokalise av Sergej Rachmaninov. Det er eit av hans mest framførde vokalverk, og er glansnummeret til mange av dei beste sopranane. Denne versjonen syns eg er spesielt lekker, med Renée Flemming som syng. Kjoleparaden har også eit element av underhaldning i seg. Mykje utringingar. 

Veggis-lasagne

I går var det kjapp mat, då tek vi ein litt meir krevande middag i dag. Men det fiksar du fint. Når du skal lage dette er det ein fordel å ha handla inn på førehand, slik at du har det du skal bruke klart i kjøleskapet, og slepp å mase rundt i butikkar etter jobb eller skule. Lasagne går og fint å lage kvelden før, og varme opp når du kjem heim.  Denne lasagnen er med spinat, og er ein av mine favorittar. Det er litt plunder å rense spinaten, men har du ei salat-/spinatslynge så er vegen vidare enkel. Slik gjer du det: Veggis-lasagne 1 pakke lasagneplater, forkokte 1 pakke fersk spinat 2 purrar 1 gul løk 4 ss smør 4 ss mjøl 1 liter mjølk Litt sitronsaft 2 egg 150 g riven ost Salt, peppar og muskat Set omnen på 200 grader. Smelt smøret i ei tjukkbotna gryte. Rør i mjølet, og la det surre litt. Slå på mjølk, og rør sausen glatt. La den småputre på svak varme medan du rører …

Ein kjapp ein

Av og til så må det berre gå fort. Alle kjem heim i ein haug, det er snart fotballtrening, korpsøving eller så er du berre innhol. Då er mi redning pasta med pesto. Pasta med pesto er billig mat, det smakar godt og du lagar det på eit kvarter. Ein treng eigentleg ikkje oppskrift på det, men det er nokre triks som kan vere greie å ha med seg.  Det viktigaste å ha tilgjengeleg er ein pose pasta av eit eller anna slag, og eit glas med pesto. Det finn du overalt no for tida, eller du kan lage din eigen. Nederst her står oppskrifta mi på heimelaga pesto, men på ein alminneleg kvardag er det litt styr å byrje med det.   Trikset med min måte å lage pasta med pesto på er at eg tek vare på litt av kokevatnet, og sper ut pestoen med det. Berre pesto i pastaen blir gjerne litt tørt, og ein skvett kokevatn i pestoen gjer at den blir til ein smidig og fin saus i staden for …

No skal eg snart slutte –

– med kakeoppskrifter. Eg kjenner at eg snart må byrje å ta på meg min del av ansvaret for at lesarane mine kjem inn i bikinien til ferien. Eg må berre få tipsa dokke om denne deilige kaka først. Den er utruleg lett og rask å lage, og frukta i den gjev iallfall eit hint av godt samvit. Den kan også varierast på mange måtar. Eg har lagd den med eple, pære og med rabarbra. Men i dag hadde eg det travelt, og eg fann eg ein boks ananasringar i skapet, så i dag blir det ananaskake. Slik gjer du det: Ananaskake opp-ned Ein stor boks ananasringar 30 g margarin 3 ss brunt sukker Deig: 2 egg 1 ½ dl sukker 2 ts bakepulver 3 dl mjøl 1 dl eplejuice eller ananassaft 50 g smelta eller flytande margarin Sett omnen på 175 grader. Smelt 30 g margarin i ei lita steikepanne, og ha i sukkeret. Rør det saman til sukkeret har smelta. Hell det i ei tett form, i ei springform vil smøret leke ut. Eg har …

Come sunday

Framleis grev eg i minnebunken over fine songar eg har sunge i forskjellige kor eg har vore med i. Duke Ellington skreiv Sacred concerts over ei periode på fleire år. Den første kom i 1966, og namnet, A concert of sacred music kan tyde på at han då ikkje planla heile verket. Second sacred concert kom i 1968, og inneheldt klassikarar som Heaven og Almighty God. Den siste, som vart skriven til Alice Babs, kom i 1973. Come Sunday er frå den første, og er min favoritt. Denne versjonen er med Branford Marsalis på ein veldig diskret saksofon og eit ikkje identifisert orkester orkester i bakgrunnen. Nydeleg!  

Endå fleire kaker å dele

Når eg er i loppekafékomiteen spør ofte korpsforeldra meg kva dei skal bake. Det er vanskeleg å svare, for samstundes som eg veit at det er viktig med variasjon på kakebordet, slår det ikkje feil; flest vil ha sjokoladekake. Gode sjokoladekakeoppskrifter finst det mange av, og i tillegg er vel TOROs sjokoladekakeblanding den mest kjøpte. Det er ingenting feil med den, den er melkefri, så viss du bakar den med olje eller Euroshopper flytande margarin så kan også mjølkeintolerante spise den. Men heimelagde kaker er best viss ein lukkast og har ei god oppskrift. Det skal du få av meg i dag. Dette er sjokoladekakeoppskrifta til søstra mi, og ho bakar den til alle familiesamanstøt, bursdagar og andre gongar då ein fortener og har lyst på sjokoladekake. Den er deilig saftig og god, og blir ikkje flat og trist. Oppskrifta fyller ei stor langpanne. Dette er ei oppskrift som er så enkel at barn kan lage den sjølv. Oppskrifta går fint å halvere viss du vil ha ei mindre kake, til dømes i ei rund …

Bacalao

Vi opnar laurdagen med ei Heidioppskrift: I dag lagar ho bacalao.  Alt godt Bacalao er kjempegodt. Lukt og smak av fisk, løk og poteter som badar i ei  tomatglinsande oljeblanding, ja bedre kan det ikkje bli! Synd at eg ikkje lagar dette oftare. Det har med tilgangen på råstoff å gjere. Når eg skal lage bacalao må eg leite etter klippfisken, og finn eg han er han plassert nedi nokre små kvite beger i eit hjørne av kjøledisken bak oppstabla sildespann. Annleis er det ut på Ellingsøya, der har folk lad med klippfisk oppunder taket nedi kjellarane, har eg høyrt. Men eg skal ikkje klage. Dei klippfiskpakkane eg finn er skinn- og beinfri fisk, klare til å leggast i vatn. Det gjer det enkelt å lage bacalao. Då eg var lita hadde vi alltid klippfisk liggande i kjellaren, og vi hadde rett som det var kokt klippfisk med kvit saus. Ikkje rart forresten, i dalen var det to fellesfryseri med ein fryseboks til kvar familie. Saltfisken heime i kjellaren var meir  tilgjengeleg enn frosenfisken på …

Sukkerbrød forgår ikkje

Har du ei bankers oppskrift på noko så enkelt som sukkerbrød, spurde bror min. Sukkerbrød får du ferdigbakt, men dei er verkeleg ikkje gode, fulle av konserveringsmiddel som dei er. Er det krise skal ikkje eg sette meg til doms over nokon, men eg unngår i det lengste å bruke butikksukkerbrød. Eg huskar ein gong eg vann på eit kakelotteri, eg vinn så sjeldan så eg var over meg av lykke. Dette var medan eg studerte, og eg inviterte masse vennar til å dele kaka med meg i lunchen. Så kom ei anna venninne av meg forbi, og eg såg kor ho rødma frå genseren og opp. Det var ho som hadde levert kaka, og ho hadde teke eit kjøpesukkerbrød og smurte eit glas med hapå på som glasur. Ganske triste greier altså, ikkje stort å dele. Sukkerbrød er eigentleg ganske enkelt å lage, men du må bruke ein ordentleg miksar. Eggedosisen må vere stiv og fin, det er hovudsakeleg den som hevar kaka. Bakepulveret er berre med som ein slags støttehjul. Ikkje er det …

Kast instrumenta!

Dei treng du ikkje, viss du kan synge slik som desse. Vokalgruppa Sonos kjem frå Los Angeles, og syng coverversjonar av musikk så ulik som Björk, Michael Jackson og norske Magnet. Og dei gjer det bra! Fyttikatta, eg skulle gitt mykje for å vere med i ei slik gruppe. Noko av det beste med heile kollektivet er at dei er sånn passe nerdete, ikkje valt ut fordi dei såg ut som modellar men fordi dei syng som gudar. Du finn meir info her. Kos deg!