– med kakeoppskrifter. Eg kjenner at eg snart må byrje å ta på meg min del av ansvaret for at lesarane mine kjem inn i bikinien til ferien. Eg må berre få tipsa dokke om denne deilige kaka først. Den er utruleg lett og rask å lage, og frukta i den gjev iallfall eit hint av godt samvit. Den kan også varierast på mange måtar. Eg har lagd den med eple, pære og med rabarbra. Men i dag hadde eg det travelt, og eg fann eg ein boks ananasringar i skapet, så i dag blir det ananaskake. Slik gjer du det:
Ananaskake opp-ned
Ein stor boks ananasringar
30 g margarin
3 ss brunt sukker
Deig:
2 egg
1 ½ dl sukker
2 ts bakepulver
3 dl mjøl
1 dl eplejuice eller ananassaft
50 g smelta eller flytande margarin
Sett omnen på 175 grader. Smelt 30 g margarin i ei lita steikepanne, og ha i sukkeret. Rør det saman til sukkeret har smelta. Hell det i ei tett form, i ei springform vil smøret leke ut. Eg har ei hjerteform som eg brukar til denne kaka. Legg ananasringane i eit pent mønster oppi smør- og sukkerblandinga. Bruk ein pensel, og smør margarinen opp over kantane av forma og.
Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman mjøl og bakepulver, og vend det inn i eggedosisen, vekselvis med smøret og eplejuicen. Brukar du hermetisk ananas til denne kaka, kan du bruke safta frå boksen i staden for eplejuice. Hell røra over pærene, og steik kaka i 25 minutt midt i omnen. La den kolne før du vender den på eit fat. Server med ein klatt piska krem, ei iskule eller litt rømme rørt ut med honning og vaniljesukker. Velbekomme!
Akkurat. Det er sannelig på tide at du tar din del av ansvaret for folkehelsa 😉 Bare grøntfor heretter…
Hehehe, utfordringa er at eg er slik at eg har ei oppfatning til eg får ei ny… Eg kunne jo kome til å ombestemme meg! 😉
Det er deg jeg skal skylde på, altså? *fnis*
For en skummel overskrift… ble nesten litt redd for hva som skulle skje med denne inspirerende bloggen.
Solfrid: jada, skuld på meg, du. 😀
Bønna: Takk! Nokre ville kalle det å fiske etter kompliment, men ikkje eg. 😉
Denne skal jeg prøve…mmmmm, mye gode oppskrifter her.
Hilde Alice: Hyggeleg at du stakk innom! 😀
Å nei , kom gjerne med flere gode , velprøvde oppskrifter på kaker og annen “kaffimat” …
Av og til må man til pers med baking , og da er det kjekt med noe nytt.