Billig mat, Dessert, Jul, Noko søtt
Comments 6

Fløtekarameller med maldonsalt og utan sirup


Etter pepperkakehusliminga på tirsdag sto eg der som vanleg med ei steikepanne full av smelta sukker.

Kva gjer ein då? Jau, ein lagar fløtekarameller! Eg hadde berre laktosefri fløte i kjøleskapet, men det gjekk veldig fint, karamellene vart kjempegode.

Problemet er å skrive ei nøyaktig oppskrift. Sjeldan har eg lagd mat på slump som når eg lagde desse karamellene. Men eg skal prøve å gje eit anslag, og ein beskrivelse av det eg gjorde, så får du teste det ut og sjå om du får det til å fungere. Dei er verd å lage, og dei er lettetne. Slik gjorde eg det:

Fløtekarameller med maldonsalt

2 dl sukker

2 dl fløte, gjerne laktosefri

Maldonsalt

Litt matolje

Små former

Ha sukkeret i ei steikepanne, og set den på middels sterk varme. La den stå til sukkeret smeltar. Dette er risikosport, nokre har i vatn, og let det koke til vatnet er borte, men eg syns det er enklast å berre gå rett på. Eg flyttar steikapanna rundt på plata for at det som er i midten ikkje vert brent.

Eg gjer ei anna dødssynd og, eg rører gjerne litt i sukkeret. Dette er også for at det ikkje skal bli brent i midten. Eg rører ikkje før det har blitt ganske flytande i midten.

Når alt sukkeret har smelta kan du slå på fløten. Då må du dra steikepanna av plata først, og slå det i forsiktig, for dette er veldig varmt og vil boble mykje oppnår du slår fløten i. Rør til alt sukkeret har smelta i fløten. Det tek si tid, men det er verd det.

Gjer formene klare. Det gjer eg ved å sette dei slik at dei står rett ved steikepanna, og gni ut ein drope nøytral matolje (raps, solsikke, mais) i kvar form.

Så korleis veit vi at karamellmassen er ferdig? Proffane gjer den såkalla karamellprøven, dei dryp ein drope masse i eit glas med vatn. Dersom den blir formbar som ei kule er massen klar. Du kan også bruke eit termometer, massen skal opp i 118 grader.

Eit anna, enklare alternativ er benk-metoden. Drypp ein drope karamellmasse på benken. La den ligge eit minutt eller så, og så kan du ta den opp. Er den då lett å forme til ei kule og blir passe fast, er massen ferdig.

Fyll massen i små former som du har smurt bittelitt olje i. Dryss på nokre små flak med maldonsalt. Har du ikkje maldonsalt kan du også drysse litt vanleg salt i massen. Set dei kaldt til dei er stivna. Dei treng ikkje å oppbevarast kaldt, dei klarer seg godt i romtemperatur.

Denne karamellmassen kan smaksettast på ulikt vis. Har du i litt kakaopulver får du sjokoladekarameller. Dei blir knallgode med litt hakka nøtter i, eg kan tenke meg at finhakka pistasjnøtter er perfekt. Elles er det berre fantasien som set grenser. Lykke til!

6 Comments

  1. Jaaaa! Dette var planen min for i kveld, å lage karameller og andre spiselige godsaker, og så kommer du akkurat i rette tid med rette oppskrifta. Hurra for benkemetoden! Jeg har ellers alltid bare gått på gefühlen… Dessuten rører jeg alltid i sukkeret og blander det godt mens det koker opp.

    Mine karameller skal pyntes med litt forskjellige ting; farget strøssel, sjokolade, sølvkuler, blå sukkerkuler (til gutta!) og kanskje hakkede peanøtter til far. Eller noe. Åh, jeg gleder meg! Utfordringa blir å faktisk få dem i gaveglassene når de har stivna, og at de ikke blir spist før det kommer så langt 😆

    Likar

  2. *knaskeknaskeknaske* Funka kjempebra! Det vil si, jeg laga en prøveomgang i kveld og det funka to say the least. I morgen skal jeg lage dem i former og ha på litt smakssaker tenkte jeg, for da får jeg selskap av et par unge damer 🙂

    Da jeg laget i kveld, helte jeg hele karamellmassen på et bakepapir oppå ei bake/stekeplate da jeg syns det så ferdig ut. Deretter brukte jeg ei silikonplate fra Panduro (som er fra et dropsmakersett) til å først dra det hele utover til det var jevnt og flatt, og deretter simpelthen dele hele den flate karamellmassen opp i firkanta biter. Det gikk også veldig bra! *knask*

    Likar

  3. Tilbakeping: Fredagssysling og ganefryd « Elisabeths Eldorado

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s