Jula i bilde
Mine analoge barn – i straumlaus stove: Haglstormen tredje juledag: Haglstormen flytta seg austover, Liadalsnipa i det fjerne, orkansikre vestlandspalmar litt nærare: Solevåg-Festøy Trollveggen:
Mine analoge barn – i straumlaus stove: Haglstormen tredje juledag: Haglstormen flytta seg austover, Liadalsnipa i det fjerne, orkansikre vestlandspalmar litt nærare: Solevåg-Festøy Trollveggen:
I går ettermiddag og kveld hadde vi besøk av Dagmar. Vi kjenner ei koseleg Dagmar, ho bur i Berlin og det var ikkje ho som kom på besøk. Det var orkanen Dagmar som rista oss i marg og bein. Det byrja då vi var i familieselskap ute på Leinøya. Det bles kraftig opp rundt kl. 17, og både taklampene og vindauga rista godt. Damene på kjøkkenet vispa krem og trakta kaffe som om ingenting hadde hendt. Plutseleg gjekk straumen. Heldigvis hadde mesteparten av kaffen runne igjennom, og stova var vakkert opplyst med stearinlys så vi leid inga naud. Drøset gjekk og alle åt seg mette av eit heilt fantastisk sunnmørsk kake- og dessertbord. Dei sette fram ikkje mindre enn fire karamellpuddingar desse flotte damene, så vi åt kroken av magen. Men etter kvart rista det ettertrykkeleg i huset, og vi fekk nyss om at sprengfloa ville byrje å gjere seg gjeldande rundt klokka 20. Då lyset kom tilbake pakka vi saman og tok avskjed, å køyre med veglys er å foretrekke. Bilen sto framleis på …
Det ser du her. Full sykkelkorg. Og no ligg all den snøen som fall på vegen brøyta opp langs sidene på bilane. Ein kan ikkje anna enn å synast synd på bileigarane. Vi syklistar derimot, har snart bære vegar. Strålande!
Slik ser det ut viss du står i stova til foreldra mine, og ser ut over havet i retning Volda. Er det ikkje vakkert? Og når vi set oss i bilen og reiser dit min kjære kjem frå møter vi denne utsikta omtrent midtvegs. Kjem du der grytidleg om morgonen kan du sjå hurtigruta passere.
Eg trudde at vi ikkje klarte å fange eit lyn på bilda vi tok natt til tirsdag, men jammen klarte vi det. Fjortisen og eg sprang frå rom til rom på loftet, med handkle og kamera på stativ, og tok bilde med lang lukkartid. Vi treng nok eit kurs i korleis ein tek bilde av lynet, men her klarte vi iallfall å få bilde av eit, borte til venstre der, over eine pipa. Kult!
Eg er litt husmus for tida, ser ikkje heilt poenget med å vase ute i -15 grader meir enn eg må. I dag tok eg med meg kameraet då eg gjekk ut ein liten tur, og knipsa nokre bilde i hagen. Denne roseknoppen rakk ikkje å springe ut før den vart teken av hufsa. Den har det kaldt både rundt tærne og rundt hovudet. Og denne skuta er forlatt. Heile sommaren har den eit stort mannskap som til dels sloss om å få jobbe på den. No driv mannskapet med andre ting, som å gå på ski rundt på plenen, og å base rundt utan mål og meining. God søndag!
-Og vakkert er det også. Ikkje sant?
Eg er så heldig at eg har utsikt til ein fin foss frå kontoret mitt. Det er ein fascinerande måte å følgje med på årstidene på, det å følgje med på korleis ein foss utviklar seg gjennom året. Nokre gongar er den flomdiger og vill, andre gongar sildrar den forsiktig avgarde. I går morgon såg det slik ut. Fossen er frosen stiv, men det sildrar nok vatn nedi der ein stad. Det er ein liten kulp der oppe nedanfor brua der vatnet framleis rører seg fritt. Om kvelden vert fossen lyssett, og då ser det ut som på bildet nedanfor. Er det ikkje vakkert? Og på andre sida av huset har dei utsikt over byen. Det er også fint på sin måte. Dette bildet tok eg frå kontoret til ein kollega i går, rundt 09:20.
Ja, eg er litt treig, men her kjem min dokumentasjon av snøstormen som stansa Bislett games. Spektakulært!