Ver
Comments 2

Dagmars herjingar


I går ettermiddag og kveld hadde vi besøk av Dagmar.

Vi kjenner ei koseleg Dagmar, ho bur i Berlin og det var ikkje ho som kom på besøk. Det var orkanen Dagmar som rista oss i marg og bein. Det byrja då vi var i familieselskap ute på Leinøya. Det bles kraftig opp rundt kl. 17, og både taklampene og vindauga rista godt. Damene på kjøkkenet vispa krem og trakta kaffe som om ingenting hadde hendt.

Plutseleg gjekk straumen. Heldigvis hadde mesteparten av kaffen runne igjennom, og stova var vakkert opplyst med stearinlys så vi leid inga naud. Drøset gjekk og alle åt seg mette av eit heilt fantastisk sunnmørsk kake- og dessertbord. Dei sette fram ikkje mindre enn fire karamellpuddingar desse flotte damene, så vi åt kroken av magen.

Men etter kvart rista det ettertrykkeleg i huset, og vi fekk nyss om at sprengfloa ville byrje å gjere seg gjeldande rundt klokka 20. Då lyset kom tilbake pakka vi saman og tok avskjed, å køyre med veglys er å foretrekke. Bilen sto framleis på tørt land, og sjølv om vi hadde problem med å gå så regna det ikkje, så vi heldt motet oppe.

Idet vi køyrde inn på vegen gjekk lyset igjen. Heile Leinøya vart mørklagt, men det var framleis lys på Bergsøya, altså der Fosnavåg ligg. I sakte fart køyrde vi innover mot indre Herøy. Vi køyrde over noko som mest likna eit lite juletre i vegbana, men heldigvis traff ingen av dei flygande gjenstandane i lufta oss.

Då vi kom til Herøybrua var det berre å sakke på. Det var framleis ikkje gatelys, men vegen var tørr og fin over det høgaste spennet. Då vi kom ned på moloen var det ei anna historie. Der slo sjøen over vegen, og det var skikkeleg røft. Bilen vart vaska ned med saltvatn. Sikta var ikkje meir enn 5-10 meter, og vi seig sakte over brua. På det siste strekket, som er dels bru og dels molo, sto orkanen rett på sidevegs. Det var på ein måte enklare å handtere, på dei andre strekningane kom vinden meir i kast frå både eine og andre sida.

Til slutt kom vi oss over på Gurskøya, og følte oss trygge. På vegen gjennom Tjørvåg såg vi to knekte graner, den eine låg i sjølve Tjørvåg, den andre låg rett ved tunellen i Myrvåg. Heldigvis sto det ein bil med naudlys på, så vi slakka ned og kom oss forbi grana og inn i tunellen.

Vel heime var straumen borte, og den kom ikkje attende før i natt. Her heime oppdaga vi at ei takplate var laus på garasjetaket. Bestefar, trettenåringen og eg utrusta oss med det vi fann av lommelykter, og gjekk ned for å prøve å feste plata. Vi klarte først å feste den med ståltråd, og var fornøgde.

Men det tok ikkje meir enn ein halvtime etter at vi hadde kome inn og vaska oss før plata byrja å slå igjen. Den hadde røska seg laus endå ein gong. Då tok vi med oss eit langt tau, og klarte med mykje møye og stort besvær å feste tauet rundt takplata og nabotakplata som også hadde byrja å lee på seg.

Tauet vart kasta ned på framsida av garasjen, og festa i hengarfeste på ein Caravelle. Slik står det framleis, så når kvardagane kjem får han far prøve å få tak i fagfolk som kan reparere det heile. Det er varsla ny blæst i kveld, men det vert nok ikkje så ille som i går kveld. Frå no av vil vi berre ha koselege Dagmar på besøk

(Men klarte ho Dagmar å få knerta dei helsikes palmene på nedsida av vegen? Neida, dei står der så høgreiste og vaiande, alle tre. Grmbl…)

This entry was posted in: Ver

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s