Month: mars 2012

Snart er den her!

No er den like rundt hjørnet! Den neste boka mi, Sylting og safting heile året, er til siste korrektur medan du les dette, og om alt klaffar så er den i butikkane i løpet av april! Flinke og fine GundaM har teke fantastiske bilde, så boka er verd pengane berre for å sjå dei. Å arbeide med henne er ei fryd, men det har eg sagt mange gongar no, så det veit du jo. Eg kjem nok til å ha signering og utsending gjennom bloggen denne gongen, men først må trykkarane gjere jobben sin. Gunda og eg held pusten! 🙂

Minneeskene våre

I dag kjem eg med eit lite tips for oss som driv med compact living midt i byen. Det er ei utfordring at husveret vert fylt opp med ting av større eller mindre verdi. Mykje får ein seg ikkje til å kaste, det ligg mange fine minne i ting som barna våre har fått eller laga. For mine barn har eg laga minneesker. Ei eske per barn per to år tek vi vare på, så no har vi Agnete 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12, 12-14, 14-16 og no har eg nettopp kjøpt ny til 16-18. Vemund har 0-2, 2-4, 4-6, 6-8, 8-10, 10-12 og 12-14. Dei som er i bruk no (12-14 og 16-18) står i bokhylla, resten står i vår tørre kjellar. I desse eskene har vi alt som har vore verd å ta vare på gjennom desse åra og som får plass i eskene. I 0-2-eskene har vi den første tannbørsten, favorittsmokken, bursdagskort, bilde, namnedagskjole, dei første nike-skoa og masse anna. Vidare oppover har vi fortsatt med bilde og bursdagskort, og supplert …

Bryllupslokale/festlokale i Oslo

Når ein skal gifte seg er det med kva lokale ein skal feire i eit vanskeleg val. Det skal helst vere fint, ligge fint til og ha plass til dei ein vil invitere. Ofte vil ein spare pengar ved å ordne med mat og drikke sjølv, og mange stader tillet ikkje dette. Kristin Storrusten har laga ei oversikt som hjalp oss veldig då vi skulle ut og leite etter bryllupslokale. Eg har bygd vidare på den, og utvida den med forslag som har komt frå fjern og nær. Kanskje den er nyttig for deg? Samfunnshuset Vest http://www.samfunnshusvest.no/ Hvor: Røa Antall mennesker: 100+30 Pris: 3635 + evt 1625 Kontakt: 22 73 15 93. Man–fre 8–15 Folkets hus http://www.kjelsasfolketshus.com/27697377 Hvor: Kjelsås Antall mennesker: opptil 100 Pris: Hele helgen fra 6500. Vasking inkludert. Annet: Handikaptilpasset. Musikk avsluttes senest 1.30. Røykfritt. Kontakt: Man–fre 17–20. 22226076 kjelsasf@online.no Sagene Festivitetshus http://www.sjk.org/sfh/ Hvor: Rett ved Biermanns gate Antall mennesker: Bord, stoler og dekketøy til ca. 100 Pris: 15000 for langhelg Annet: Flott scene, kan brukes til dansegulv. God akustikk. Kjøkken med oppvaskmaskin, …

I hagen min

Då eg var i Oxford i fjor fann eg ein butikk med ei lang rekke esker med lause løk og knollar. Ein heil del av dei vart med meg heim, og no har dei første byrja å stikke hovudet opp. Desse lekre Iris reticulata står og brettar armane ut i bedet mitt, er dei ikkje fine? -Og søskenbarnet, den vanlege reticulataen, står litt lenger bort i bedet. Den er flott, den og, sjølv om den snart er ferdig med å blomstre. Heilt utruleg, dette veret.

Pasta med asparges, laks og reker

Eg vart inspirert av ei venninne til å lage denne pastaretten. Ho snakka om pasta med laks, reker og asparges, og eg lagde min eigen vri på denne vårlege kombinasjonen. Eg er ofte på leiting etter ting barna vil sette pris på som inneheld varierte grønsaker og fisk. Den eine pilla ut vårløken og den andre pilla ut rekene, men i gjennomsnitt vart det ganske bra. Denne porsjonen vart nok til fire svoltne. Slik gjorde eg det: Pasta med asparges, laks og reker 500 g pasta 400 g reker med skal 200 g fersk laks 400 g asparges Tre vårløk 3 dl kremfløte Smør til steiking 2 dl kvitvin eller eplejuice 1 ss grønsaksfond salt og peppar Rens rekene. Hakk vårløken i ringar. Kok pastaen (eg brukte gnocchi, dei mellomstore skjella) i godt salta vatn så lenge som det står på pakken. Skjer laksen i tynne bitar, legg den på ein tallerken og salt den litt. Knekk den nederste enden av aspargesane og del kvar stilk i tre. Smelt smør i ei steikepanne på ganske høg varme …

Det vart vaffeldag!

Jepp, kjære mannen diska opp, lagde røre og steikte vafler som om han aldri hadde gjort anna. Vaflene vart knallgode, og heile familien er vaffelmette. Enkelte insisterer til og med på å ta med vaffel i matpakken, vi får sjå. Oppskrifta han brukte var basert på den dei brukar i Sjømannskyrkja i København, så her var ingenting overlatt til tilfeldigheitene. Slik gjorde han det: Dei beste vaflene 2 egg 1 dl sukker 2 dl skumma kulturmjølk 1 1/ 2 dl h-mjølk 1 dl vatn 350 g kveitemjøl 1 ts bakepulver 1 ts vaniljesukker 1/ 2 ts natron 1/ 2 ts kardemomme 125 g smelta smør Rør saman egg og sukker i ein romsleg bolle. Bland alt det tørre i eit litermål eller ein passe stor bolle. Ha i mjølblandinga vekselsvis med det våte og rør til du har ei glatt røre. Steik vaflene gylne. Dette vert ei relativt tjukk røre som er lett å ha med å gjere. Velbekomme!

Mangokake

Den deilige og syndefulle baksten eg har laga i dag er ei saftig og god mango-kake. Den er ei enkel formkake som eg lagar i ringform, då blir det lett å lage lekre stykke. Bak den gjerne i ei lita rund form og, eller ei avlang form. Tilpass steiketida etter kor ”tjukk” kaka blir. Om ikkje så lenge er det sesong for dei aromatiske pakistanske mangoane. Når dei kjem i innvandrarbutikkane er det berre å slå til. Men denne kaka kan lagast med hermetisk mango og grøn bend-it-mango og. Slik gjer eg det: Mangokake 250 g mjøl 2 ts bakepulver 150 g smør 200 g sukker 2 egg 2 mangoar (ca. 150 g mangopuré) 1 ts kardemomme Saft og skal av ein halv sitron (ca. 2 ss) Glasur: 1 ss sitronsaft 300 g melis Vatn til passe tjukk glasur Set steikeomnen på 190 grader. Gjer klar forma ved å smøre den med eit tynt lag smelta smør, og så strø i ei spiseskei kveitemjøl som du ristar rundt til botn og kantar er dekt. Pisk …

Like flott som alltid

Ja, København var like fin, vakker og imøtekommande som kvar gong eg er der. Når skal eg flytte dit? Eg veit ikkje, men at eg ein gong i livet skal bu i København er eg heilt sikker på. Det einaste eg ikkje likar der er vatnet. Bortsett frå det elskar eg heile byen. Tivoli, som dei opna for oss, true story: Julerosene, som har komt noko lengre enn mine eigne: Bruktbutikkane i Ravnborgsgade, som var like spennande som før: Sildebordet, som eg slapp å spise av: -Og dessertane som eg fekk kose meg med, alt var like strålande.

Focaccia med tomat og rosmarin

Vi skal på fest laurdag kveld, det var eg overtydd om. Eg sette ein focacciadeig, og ringte til vertinna for fortalte at eg ville ta den med. Skal eg ta med noko meir? spurte eg. Ups, det viste seg at festen er neste helg! Dermed hadde vi ein stor, deilig focaccia å kose oss med laurdag kveld. Saman med ein lasagne var det heilt perfekt, sjølv om fest hadde vore gøyare. Ein focaccia skal alltid ha noko på toppen. Denne gongen hadde eg restar av ein dressing med soltørka tomatar ståande. Eg sika av tomatane, og fordelte dei over leiven saman med det klassiske focaccia-krydderet, rosmarin. Tomatane var så salte i seg sjølv at eg lot vere å drysse på flaksalt slik eg brukar å gjere. Derimot ringla eg over olje av det gode, jomfruelege slaget. Dette brødet er perfekt til supper, til pasta eller til å momse åleine attåt eit godt glas vin. Slik gjorde eg det: Focaccia med soltørka tomatar og rosmarin 3 dl lunka vatn ½ pakke gjær eller to teskeier tørrgjær …

Eit kakevrak…

-Slik går det når ein er for eksperimentell. Eg fekk det for meg at eg skulle lage ei mangokake. Og å kopiere andres oppskrifter er feigt, så eg byrja frå scratch, og lagde ei kake etter beste skjønn og erfaring. Det funka ikkje. Toppen av det heile er sjølvsagt at denne skulle i avisa neste helg. Så no har eg kake nr. 2 til kolning, den vart bakt med ein annan metode og den ser ein god del betre ut. For eit styr! Det er ikkje alltid ting går på skinner her, altså, det kan eg gjerne innrømme. Ha ein fin søndagskveld, og unngå baking på frihand!

Å ta inn våren

Ved sidan av parkeringsplassen vår står det ein trist liten busk. Den sto eigentleg i mitt bed, men noko av det første eg gjorde då eg byrja å grave der var å flytte denne pjuskete saken på utsida av gården. Den har ikkje fått noko særleg omsut, den er skeiv og rar og brennesle og anna ugras omkransar den. Det er ein forsythia, desse buskene som blomstrar med små gule blomar på bar grein tidleg på våren. No har eg tenkt å gi den litt meir stell. Den har blitt skeiv og rar, uvisst av kva grunn. Kan eg ha planta den skeivt? Eg trur ikkje det, men det kan vere noko stein i grunnen under som bevegar på seg og som gjer at den vert skakk. Det kan også hende at han som måkar snøen vår har vore borti den. For å få den nokolunde rett igjen har eg byrja å beskjære den. Så på den sida som er for stor klipper eg av greiner. Dei tek eg med inn, og set i vatn. …

Spicy kjøttpudding

På enkelte område er eg ei enkel sjel, eg seier mellom anna aldri nei til ein god kjøttpudding. Dette er ein godt krydra variant, og i kjend Alt godt-stil har eg lurt grønsakene inn i puddingen, slik at ein dermed får i desse fine (ikkje fullt så) små meir grønsaker enn dei frivillig ville forsyne seg med. Slik gjorde eg det: Spicy kjøttpudding med bakt paprika 4 paprikaer, gjerne av ulik farge 500 g medisterdeig 2 egg 1 dl mjølk 3 ss potetmjøl 300 g sopp 1 løk 1/2 purre 3  stilkar stangselleri 4 ss smør og/eller olje 1/2 ts malt svart peppar 1/2 ts cayennepeppar 1/2 ts malt muskat 2 ss soyasaus Salt Glasering: 1 ss ketchup 1 ss honning, flytande Set omnen på 200 grader. Rens paprikaene, og del dei i båtar. Legg båtane av tre paprikaer i ei eldfast skål, og strø salt og peppar over. Ringle over olje, og bak paprikaene til dei er møre i omnen. Ha medisterdeigen i ein kjøkkenmaskin. Har du Kenwood, så bruk K-spaden. Ha i 1 …

Planlegging, planlegging…

Å planlegge eit bryllup er ein stor jobb, noko av det ein bestemmer skal vere hemmeleg, andre ting må mange få vite og nokre ting skal berre nokre få vite. Men vi har iallfall laga oss ei stikkordsliste, og der har vi fylt inn alt vi skal fikse og alt vi har under kontroll. Kanskje kan andre og ha nytte av denne? Slik ser iallfall vår liste ut: Bruda: Brudekjolen: Kjøpt, heng hos sydama. Skal ta mål i juni. Sko: Har to par. Eit med 2 cm høgde og eit med 5 cm. Smykke: Veit ikkje om eg skal ha. Undertøy til kjolen: Kjøpe body i London i slutten av mai Undertøy til natta: Hehe, ingenting. Frisør: Trond hos Spaghetti i Bogstadveien. Bestilt, og bestilt prøvetime/klipp mandagen før. Sminkør. Også hos Spaghetti, bestilt. Negledesigner: T? Strømpebukse eller Stay-ups? Tar nok med begge delar. Ikkje kjøpt. London? Strømpebånd: Skal ikkje ha. Kleenex: Kjøpe Brudgommen: Dress.: Kjøpt 25.02., ferdig innsydd og henta. Slips: Raudt og kremfarga, kjøpe i London. Skjorte. Kjøpe i London Sko: Sjekk hos Asbjørn Dagestad …

Hagemessa – vil du vere med?

I år er hagemessa på Lillestrøm 13.-15. april. Dei siste åra har eg vore med på Hagegal sin stand på hagemessa, og det er alltid like kjekt! Gjennom heile våren driv vi hagefolka og sår og priklar slik at vi skal ha småplantar klare for salg på hagemessa. Dei sel vi for ein billig penge til inntekt for forumet og for å dekke utgiftene våre. I tillegg har enkelte av oss rydda i hagebøkene våre, i hageblada og andre har teke med småpotter og anna utstyr som kan vere kjekt å ha når ein skal jobbe i hagen. Men ein ting manglar; vi skulle gjerne vore litt fleire som står på stand. Særleg fredag og laurdag føremiddag vil vi gjerne vere fleire. Å stå på stand på hagemessa er alltid moro. Vi ordnar med oppslagsverk og pc med nettilgang, slik at ein kan få svar på spørsmål og ting ein lurer på. Vi hjelper kvarandre, og er vi heldige er det nokon som har bakt litt kake til oss og. Viss du er ein hagegal, …

Der det er liv er det von

Overalt får eg tilbod om å kjøpe løkplantar i potter for tida. Det er eg glad for, det er få ting som uttrykker vona om at våren er på veg som ei tettplanta potte med muscari, tulipanar eller tète a tète-påskeliljer. I dag vil eg berre minne deg om at dersom du gjer som meg, og fell for desse gode tilboda, så kast for all del ikkje løkane etter at dei har blomstra av! Dei kan ha eit langt og godt liv framfor seg med di hjelp. Alle desse løkane kan nemleg blomstre igjen neste år. Når di potte er blomstra av kan du berre la dei stå i potta og visne, typisk i ei kjellarbod eller liknande. Dei kan faktisk også gjerne få litt gjødning i denne visnefasen. Det gjer løkane sterkare. Når dei har visna heilt ned kan du fjerne “graset”, og legge løkane i ei luftig korg på ein ikkje for fuktig stad. I september er det klart for å grave dei ned i jorda. Legg ein huskelapp i kalenderen din, så …

Fortell noko om deg sjølv!

Eg har kanskje ikkje fortalt det før, men ei av mine store bloggheltinner er Glamourbibliotekaren. Eg las hennar blogg før eg visste at det var ein blogg eg las, og i mange år våga eg ikkje å blogge sjølv, fordi eg aldri kunne bli så flink som henne. Akkurat det siste har eg kome over, og bloggar sjølv om eg ikkje er like flink, eller kanskje berre annleis. Men iallfall: ho inspirerte meg til dagens innlegg. Torsdag oppmoda ho lesarane sine til å fortelje noko om seg sjølv. No har eg fortalt noko om meg sjølv, så no vonar eg du vil gjere det same. Det er mange innom her kvar dag, oppunder tusen per dag rett som det er. Nokre av dokke kjenner eg, andre er heilt ukjende. Dette vil eg gjerne gjere noko med. Fortell meg kven du er, kva du er oppteken av og kva som brakte deg hit. På førehand tusen takk! 🙂

Aspargespai til mange

Eg held framleis på med oppskriftene frå sekstenåringens bursdagsfest forrige helg. Dette er hovudretten, ein pai med asparges, bacon og raudløk. Den vart sett pris på av dei fleste, og eg tenkte at sidan dette er ei stor oppskrift kan den vere grei å ha til påkommande festar. For ein pai må ikkje lagast i ei rund form med bølgekant. Denne lagde eg i ei av langpannene mine, ikkje den som kom med omnen men ei eg har kjøpt på Jernia som kjem med lok. Den har rette, fine kantar så den er enkel å bruke, og sleppbelegget gjer at ingenting legg seg ved. Storleiken på forma er ca. 20×30 cm, og dette er mellom 12 og 16 serveringsporsjonar, alt etter kor store stykke folk tek. Aspargespai 250 g smør 500 g mjøl 1 dl vatn 1 ts salt 500 g bacon i terningar Tre raudløkar 400 g sopp 500 g ferdig rensa asparges Smør til steiking Salt og peppar 14 egg 5 dl kremfløte 2 dl mjølk 100 g riven parmesan Set omnen på …

Fruktcrumble – og litt matøkonomi

På bursdagsfesten til sekstenåringen serverte eg ein fruktcrumble som eg lagde med dei fruktene eg hadde i huset. Eg hadde eple, plommer og mango, og det vart ein fin balanse mellom aromatiske eple, syrlege plommer og den søte mangoen som heldt på å bli overmoden. Toppingen på ein crumble (eller smuldrepai) må vere god, elles vert den kjedeleg. Det finst mange variantar av denne, og på søndag lagde eg heilt min eigen. Eg har tidlegare fortalt om kor glad eg har blitt i brødbakemaskinen vår. Ulempa med ein brødbakemaskin er at med kvar omgong brød vert det ein liten del som er litt “ukurant”. Det er den delen av brødet som sit der kniven hamnar. Der kniven sit når brødet er ferdig vert nemleg ei lita hole i brødet, og akkurat rundt der er det ikkje så lett å skjere fine skiver. Min kjære kom opp med idéen om at ein kunne lage brødterningar av dette. Det går fint å lage krutongar av slike restar. Men hans forslag var meir spennande. Han hadde vakse opp …

Sjokoladekake med fudge-krem

Sekstenåringen hadde bursdagen sin for eitt par veker sidan, men på søndag hadde vi stor familiefest for henne. Favorittgodteriet hennar er fudge, dei firkanta karamellterningane som du får kjøpt i godtedisken. Difor planla eg å lage ei kake der eg brukte fudge i kaka. Eg endte opp med denne sjokoladekaka, som vart fylt og dekt med ein krem der fudge spelte ei hovudrolle. Og den vart god! Stor suksess blant både store og små. Eg brukte kaffe i kremen, sjølv om eg sjølv ikkje er nokon kaffefan. Men det vart akkurat passe, ikkje for mykje kaffesmak, men nok til at kremen fekk litt fyldigare smak. Vil du ikkje bruke kaffe kan du løyse opp fudgen i mjølk. Slik gjorde eg det: Sjokoladekake 100 g smør 200 g kokesjokolade 250 g sukker 4 egg 175 g  mel 2 ts bakepulver 1 ss vaniljesukker 50 g kakaopulver 2 dl mjølk Smelt smør og sjokolade saman. Ta blandinga av plata, og la den kolne litt. Pisk egg og sukker til eggedosis. Bland saman mjøl, kakao, bakepulver og vaniljesukker. …

Av og til har ein berre flaks.

Som med desse rosene, dei kom i hus forrige helg, laurdag var det. Kjæresten min treiv dei med seg, dei sto utanfor ein butikk i nabolaget og var sett ned til halv pris. Dei ville vel bli kvitt dei før helga. Her hos meg har dei ikkje fått noko særskilt stell, anna enn litt næring i vatnet. Men dei lever framleis, og det ser ut til at dei trivest. Andre roser som har kome i hus har hunge med hovudet etter to dagar, men desse står like ranke og opnar seg slik at vi verkeleg får beundre dei. Ein kan ikkje vite på førehand kva for nokre som er bra. Å vurdere dette i butikken har eg store problem med. Det er først når dei kjem heim og får ro og fred at du ser om det fungerer. Nesten som med menneske. Av og til har eg berre flaks. 🙂

Pinnebrød på skogstur

Det hjelper på humøret å kome seg ut litt. Ein treng ikkje dra så langt, finn deg ein liten skog i nærleiken der du kan dra med bålpanne og pølser og late som om dokke er på langtur. Kakao på termos og marshmellows til å grille høyrer også med. Eg likar å bruke litt ordentlege pølser når vi dreg på slik tur. Bratwurst og ostepølse passar perfekt til bålgrilling, tre dei på ein pinne og surr litt brøddeig rundt. Då får du pølsebrødet klart når pølsa er ferdiggrilla. Det går også an å lage berre pinnebrød, utan pølsa i midten. Når eg lagar pinnebrød lagar eg ein smakfull deig. Eg brukar olivenolje, krydder og litt maltekstrakt i deigen. Det gjev gjæra god næring, og gjev også det ferdige brødet ein rund og god smak. Det går også fint å lage deigen dagen i førvegen, og la den heve i kjøleskapet. Lag ein pizzadeig med dobbel porsjon kvelden før, server ein god pizza til familien og legg halvparten av deigen i ein olja boks i kjøleskapet …

Krema, gratinert fisk

Eg leitar alltid etter lure måtar å bruke restar på. I går hadde eg trippelt med restar. Eg hadde fisk frå søndag og tirsdag i ein boks. Det eine var den bakte torsken, det andre var ein deilig seibiff som min kjære lagde på tirsdag. I tillegg til dette hadde eg heimelaga potetmos ståande, også den frå søndag, og fire kokte poteter frå seimiddagen. Eg hadde også ein slant kvitvin ståande att, den var blitt i overkant syrleg. Fiskerestar er ikkje så lette å bruke på ein fornuftig måte, iallfall ikkje dei steikte. Er dei kokte kan det alltids bli plukkfisk, ein grateng eller ei suppe.  På ein måte liknar denne retten på ein slags sheperd’s pie, berre med fisk. Har du fiskerestar ståande ein dag så prøv denne. Det er ikkje så gøy med kald seibiff på brødskiva. Slik gjorde eg det: Krema, gratinert fisk 500 g restar av steikt, kvit fisk To paprika, raude Ein stor løk 3 dl kremfløte 1 ts kalvefond 1 ts tomatpuré 1 dl vatn, kvitvin eller eplejuice Timian, salt, …