Som med desse rosene, dei kom i hus forrige helg, laurdag var det. Kjæresten min treiv dei med seg, dei sto utanfor ein butikk i nabolaget og var sett ned til halv pris. Dei ville vel bli kvitt dei før helga.
Her hos meg har dei ikkje fått noko særskilt stell, anna enn litt næring i vatnet. Men dei lever framleis, og det ser ut til at dei trivest. Andre roser som har kome i hus har hunge med hovudet etter to dagar, men desse står like ranke og opnar seg slik at vi verkeleg får beundre dei.
Ein kan ikkje vite på førehand kva for nokre som er bra. Å vurdere dette i butikken har eg store problem med. Det er først når dei kjem heim og får ro og fred at du ser om det fungerer. Nesten som med menneske. Av og til har eg berre flaks. 🙂
Ja, då er du heldig, for så heldig er ikkje eg. Eg merka heller forskjell på tulipanbukettene. Det dei seier på blomsterforretningen at kvaliteten kjem an på prisen har eg merka stemmer. For kjøpe eg ein bukett med tulipaner til 100,- vare den lenger enn ein bukett til 60,-.
Og så er det om ein har næring eller ei i vatnet og, har eg funne ut er med og seie på holdbarheten.
Ha ein fin lørdagskveld.