All posts filed under: Bryllup

Bryllup og fest på pinterest

Eg har skrive mange innlegg om bryllupsplanlegging og pynting, kvar ein finn festlokale i Oslo og ikkje minst bilde frå vårt bryllup. Desse innlegga har eg samla på eit pinterest-board, slik at det skal vere lett å få ei oversikt over innlegga og å sjå kva dei handlar om. Eg skriv også mykje om det å bake og pynte ei fin bryllupskake, uansett om det er marsipan eller ostekake av ulike slag. Tipsa og idéane du finn der treng ikkje berre vere nyttige når du skal arrangere bryllup, dei er også verd å ta med seg viss du skal plenlegge det å arrangere og å pynte til ein annan type fest. Så viss du har lyst til å surfe litt på mine festinnlegg så finn du dei her. 

Bordsettinga

Korleis ein plasserer gjestane til bords er gjenstand for intense diskusjonar. For oss som har bikka førti, og som i tillegg hadde skikk og bruk som obligatorisk lektyre i barndommen, er det heilt innlysande at ein skal sitte annakvar mann og kvinne, og at gifte par skal splittast. Ein skal ikkje ha den ein et middag med til vanleg til bords i eit finare selskap. For den yngre generasjonen er dette rekna som gamaldags og firkanta, dei plasserer par saman, og ikkje minst plasserer dei venneflokkar saman. For meg er dette heilt bakvendt, eit av hovudmåla mine med eit selskap er å bli kjent med nye menneske, og kanskje til og med få ein interessant og beleven bordkavaler, viss eg er heldig. Men for å balansere desse omsyna fann vi ei anna løysing i vårt bryllup. Vi fordelte gjestane på bord, og satte par på same bord. På den måten kunne gjestane sjølve ta stilling til korleis dei satte seg. Det førte til at det vart forskjellige løysingar frå bord til bord, og det syns …

Til min kjære

Kjære Kjetil, Kva er det du gjer med meg? Kva er det som gjer at eg kjenner langt inn i sjela at eg vil vere saman med deg for resten av livet? Det er ikkje alltid så lett å sette ord på denne kjensla, dette behovet for å ha nettopp deg saman med meg. Men eg kjenner det. Eg kjenner det når du er ute på farten, og eg ventar på at du skal kome heim. Eg kjenner det når du held rundt meg og gir meg akkurat det eg vil ha og treng. Eg kjenner det når du svarer ærleg når eg spør deg om noko. (For det har eg lært meg gjennom eit langt liv, ein må aldri stille eit spørsmål som ein ikkje er budd på å ta imot eit ærleg svar på.) Eg kjenner det når du stiller opp for meg, når eg virkeleg treng deg. Og ikkje minst, du let meg stille opp for deg, og gi deg det du treng. Ekstra godt kjenner eg det når vi syklar heim …

Borddekkinga

Vi har fått mange gode ord om bordekkinga, og folk syns at det var pent pynta i salen der vi hadde festen. Det er hyggeleg å høyre, for det er noko av det som eg la mykje arbeid i. Eg hadde hjelp av  forlovaren min, Ovedia, og Marianne, ei veldig flink dame som har gjort ein god del interiørstyling, men tinga vi brukte var i all hovudsak ting som eg har samla på meg gjennom det trekvarte året som har gått sidan vi bestemte oss for å gifte oss. Sjølve borddekkinga hadde Elisabeth hovudansvaret for. Kjære Ovedia og eg handla inn blomar på onsdag. Då kjøpte vi fire bukettar raude roser, ikkje dei største, og så kjøpte vi ein stor bukett av dei store oransje rosene med raude kantar. I tillegg kjøpte vi svarte bær, grøne og svarte strå, raude alstromeria, mørkeraude krysantemum og store grøne hortensiaballar med raudlege kantar. Blomane fekk først ei natt i romtemperatur, slik at dei byrja å springe ut. Frå torsdag til fredag sto dei i vår kjellar, kjøleg og …

Godteribufféen

Kva gjer ein når ein feirar bryllup og har 15 barn mellom seks og seksten på gjestelista? Ein planlegg (og gjennomfører) eit kort bordsete, med få talar. Berre dei viktigaste får tale under middagen. To timar er meir enn nok for barna. Ein plasserer gjestane på bord med 8-10 gjestar på kvart bord, slik at både små og store kan snakke saman og kvart bord vert ei fin gruppe. Ein plasserer foreldre og barna deira på forskjellige bord. Barn og ungdommar hentar fram det beste i seg når dei får sitte til bords utan foreldra ved sidan av seg. Ein steller i stand ein godteribuffé som får både små og store til å smile breitt.       På godteribufféen har ein noko søtt og noko salt, altså snop for ein kvar smak.     På den måten får både store og små eit fint bryllup. 🙂  

Den hektiske veka

No er vi på veg inn i den hektiske veka. Bryllupet står på laurdag, så det er mykje som skal ordnast dei neste dagane. I dag skal eg hente hårpynt, og eg skal treffe frisøren min. I kveld skal vi lage program til vigsla, og det tek kanskje kvelden i morgon og. Onsdag ettermiddag overtek vi nøklane til lokalet, og då må alt flyttast opp dit, drikkevarer, tørrmat, pynt og anna som må til for å lage fest. Det blir ingen liten operasjon! Så om det vert litt stilt her dei neste dagane så ha tol med meg og oss. Vi kjem sterkare attende etter helga! 😀

Den store bryllupskaka

4. august gifta to av dei vakraste menneska eg kjenner seg, og gåva vår til dei var bryllupskaka. Det har liksom blitt ein tradisjon, det at eg lagar bryllupskaka til vennar og kjente, og det er ei like stor glede kvar gong. Denne gongen ynskte brudeparet seg ei marsipankake, og det fekk dei. Sidan det var vår gåve til dei var det naturleg å pynte den som ei gåve, med pakkeband, roser og det heile. Som dei fleste marsipankaker hadde denne sukkerbrødbotn. Den må lagast i omgangar, og har du to kjøkkenmaskiner som kan gå parallelt er det det beste. Du må også ha ei djup langpanneform, elles må den steike i veldig mange omgongar. For å gjere dette slik at den er klar til du skal i vigsla må du byrje dagen før, og då bør du ha eit kjølerom til kaka over natta. Alternativet er å fylle den på sjølve dagen, men den vert saftigare og betre om den får stå med fyllet over natta. Vi budde midt i eit bringebærland, så vi …

Bryllupslokale/festlokale i Oslo

Når ein skal gifte seg er det med kva lokale ein skal feire i eit vanskeleg val. Det skal helst vere fint, ligge fint til og ha plass til dei ein vil invitere. Ofte vil ein spare pengar ved å ordne med mat og drikke sjølv, og mange stader tillet ikkje dette. Kristin Storrusten har laga ei oversikt som hjalp oss veldig då vi skulle ut og leite etter bryllupslokale. Eg har bygd vidare på den, og utvida den med forslag som har komt frå fjern og nær. Kanskje den er nyttig for deg? Samfunnshuset Vest http://www.samfunnshusvest.no/ Hvor: Røa Antall mennesker: 100+30 Pris: 3635 + evt 1625 Kontakt: 22 73 15 93. Man–fre 8–15 Folkets hus http://www.kjelsasfolketshus.com/27697377 Hvor: Kjelsås Antall mennesker: opptil 100 Pris: Hele helgen fra 6500. Vasking inkludert. Annet: Handikaptilpasset. Musikk avsluttes senest 1.30. Røykfritt. Kontakt: Man–fre 17–20. 22226076 kjelsasf@online.no Sagene Festivitetshus http://www.sjk.org/sfh/ Hvor: Rett ved Biermanns gate Antall mennesker: Bord, stoler og dekketøy til ca. 100 Pris: 15000 for langhelg Annet: Flott scene, kan brukes til dansegulv. God akustikk. Kjøkken med oppvaskmaskin, …

Planlegging, planlegging…

Å planlegge eit bryllup er ein stor jobb, noko av det ein bestemmer skal vere hemmeleg, andre ting må mange få vite og nokre ting skal berre nokre få vite. Men vi har iallfall laga oss ei stikkordsliste, og der har vi fylt inn alt vi skal fikse og alt vi har under kontroll. Kanskje kan andre og ha nytte av denne? Slik ser iallfall vår liste ut: Bruda: Brudekjolen: Kjøpt, heng hos sydama. Skal ta mål i juni. Sko: Har to par. Eit med 2 cm høgde og eit med 5 cm. Smykke: Veit ikkje om eg skal ha. Undertøy til kjolen: Kjøpe body i London i slutten av mai Undertøy til natta: Hehe, ingenting. Frisør: Trond hos Spaghetti i Bogstadveien. Bestilt, og bestilt prøvetime/klipp mandagen før. Sminkør. Også hos Spaghetti, bestilt. Negledesigner: T? Strømpebukse eller Stay-ups? Tar nok med begge delar. Ikkje kjøpt. London? Strømpebånd: Skal ikkje ha. Kleenex: Kjøpe Brudgommen: Dress.: Kjøpt 25.02., ferdig innsydd og henta. Slips: Raudt og kremfarga, kjøpe i London. Skjorte. Kjøpe i London Sko: Sjekk hos Asbjørn Dagestad …

Vårvindauge

Dette flaskestativet har eg stor glede av når eg skal pynte vårvindauget mitt på ein enkel og rimeleg måte. Tulipanar er takknemmelege no på denne tida, men for at det skal gi ein flott visuell effekt er det fint med mange. Det blir ofte dyrt. Eit alternativ er å kjøpe ein bukett, og sette kvar tulipan i ein slank vase slik som her. Nokre ville kanskje kalle dei flasker. Eg har over tjue av dei, dei kostar ein tiar på IKEA, og gjer seg fint på eit stort festbord. Dei har vore med på mykje moro, desse flaskene her. I tillegg til tulipanen kjøpte eg ei grein med voksblomst. Dei er små og gjer ikkje så mykje av seg ein og ein blome, men på ei grein er det mange kvistar som kan fordelast ut over slik eg har gjort her. Då har ein plutseleg våren i vindauga når sola skin sjølv om det berre er februar. Dette er også ein fin måte å arrangere blomar på eit festbord på. Kutt då gjerne stilkane litt …

Vår dag

No har vi bestemt oss for når vi vil gifte oss. Det blir 22. september. Mailen til dei som administrerer festlokalet er sendt, vi har avtalt med kokken, foreldra våre er informert og serveringsdamene er booka. I tillegg er brudekjolen kjøpt og levert til sydama, skoa er i boks, bokstaveleg talt, og trettenåringen har laga logo for oss! Er han ikkje flink? (Og datoen er i ISO 8601-format, til ære for nerden i familien.) Vi gler oss! Ha ein fin helg, og elsk din kvardag. 🙂

Ojojoj, så fine! You know the drill

Eg har kjøpt sko! Eg har sett meg rundt når det gjeld brudesko utan å finne noko som eg har likt. Det er mange med perlebroderi, firkanta tå, slingback, ankelrem og andre ting som eg ikkje vil ha. I dag gjekk eg innom Grensen 12, og der finn eg alltid fine ting. I brudesilkeskapet hadde dei berre ein modell eg kunne tenke meg, men den var i str. 37 og det var det siste paret dei hadde inne. Bortsett frå det hadde dei berre rare sko med unødvendige dippeduttar eller rar spiss på. Men i hylla ved sidan av fann eg nokre fantastiske pumps frå Högl. “Til denne kjolen kan du til og med slå til med gullsko”, sa sydama. Eg var skeptisk til det, men då eg såg desse var eg overbevist. Desse vil vere fantastiske til kjolen! Kjolen har nemleg eit broderi i ein gylnare tone enn sjølve kjolestoffet, og eg er sikker på at desse skoa vil passe heilt utruleg bra. Dei du ser på bildet er altså i sølv, dei eg har …

Hemmeleg, hemmeleg

Her er kjolen eg prøvde i dag, og som faktisk sklei rett på. Den må knipast inn litt  i ryggen, viss dokke ser så er det faktisk nokre klyper der som held den “i fasong”. Men eg vil ha den kort. Det vil seie kutta rett over kneet. Underskjørtet må også bort, eg kan kanskje beholde litt tyll i kanten for å få fram ein slags femtitallsstil. Og utfordringa er då at når ein først har begynt å klippe i den så er den min. Eg får altså ikkje prøve den i kort utgåve før eg har kjøpt den. Onsdag har eg ny prøvetime (ein må visst alltid bestille tid, den salongen eg skal på på onsdag har ganske enkelt låst dør! Du må ha time for å sleppe inn.), det blir spennande å sjå kva dei har å by på. Her er “krava” som eg hadde frå før: Ikkje strapless, ikkje “rett v-hals” Ikkje bløtkakeskjørt Her er krava som eg vart klar over på prøvetimen i dag: Eg trudde eg kunne bruke empireliv, men …

Slik var bordet pynta

Eg syns alltid det er spennande med bordpynting, sikkert fordi eg ikkje føler meg som spesielt trygg i faget sjølv. Eg har skrive litt om bordpynting her før, og eg er oppteken av at ein kan få det fint, ja til og med imponerande og lekkert, med enkle middel. I bryllupet til verdas mest forelska par var fargane dempa, med beige, brunt og lavendel/pudderfarge som gjennomgangstema. Blomane som var brukt i dekorasjonane var roser og fresia, i buketten var det i tillegg brukt peonar og olivengreiner. For å fylle ut var det brukt ulike typar strå. Rosene var store, men ikkje prangande i fargen. Kan eg kalle dei lavendelrosa? Borddekorasjonen besto av vasar, du finn same typen på IKEA. Kvar vase var fylt med to roser, ei kutta litt lengre enn den andre, og ei grein med fresia. I vatnet låg det nokre roseblad. Vanlegvis er dette fy-fy i bukettar, men desse skulle så så kort, så det gjorde ingenting, det skapte berre farge ned mot bordet. Det heile var runda av med to-tre slanke strå …

It’s coming together, baby…

Det tek tid å lage ei bryllupskake. Alle variantar sjølvsagt, men den varianten eg svergar til, ostekake med gelélok, tek minst tre, helst fire dagar å lage. Iallfall viss du ikkje skal ta fri ein heil dag frå jobb. Bryllup brukar jo ofte å vere på laurdagar. Dag 1 finn eg fram formene, stativet og planlegg oppskrifta. Den varierer med kor mange etasjar eg skal ha, og kor store kvar form i kvar etasje skal vere. Når eg har bestemt meg for storleik og antall etasjar, lagar eg massen til botnane, altså kjeks og smør som vert trykt saman. Men før eg legg massen i botnane er det mykje som må planleggast. Viss eg brukar springformer må formene teipast. Viss ikkje renn geléen ut, det har eg lært av bitter erfaring. Ingenting er så ukontrollerbart som gelé som finn ein veg ut. Teipen er ståande, slik at den lukker den vertikale sprekka i springforma der den vil opne seg. Dette er litt krøkkete når formene skal av, men då kan teipen kuttast igjen med ein …

I gang igjen…

Jepp, det er bryllupskaketid igjen. I helga giftar mi fine kusine seg, og eg gjev dei ei bryllupskake i gåve. Den kjem til å likne på den du ser her til høgre, men den skal stå på eit sunnmørsk kakebord som mor og tanter har bakt til i over ei veke, så denne vert berre i tre etasjar. Oppskrifta til kaka finn du her, Eg lagde litt meir enn to porsjonar for å fylle former på 18, 24 og 32 cm. Og for de av dykk som er bekymra for forkjølinga mi, det er ingen grunn til å bli uroa. Eg har hatt assistent til alt arbeid med den så langt, så kaka har ikkje blitt hosta på. Takk til Maria for assistanse! Så til helga skal vidunderet fraktast til Lysebu, og bli fortært av ei strålande fin forsamling. Gratulerer på førehand, kjære brudepar!

Den store bryllupskaka

Her er den, fire etasjar med ostekake, med gelélok av blodappelsin og pynta med naturstridig mykje bær til å vere i februar. Stativet har eg kjøpt hos Gulbrandsens Glassmagasin/Culina i Torggata, det er eigentleg med fem etasjar, men eg brukte dei fire øverste. Stativet er langt meir solid og stabilt enn det eg har brukt før, som du til dømes ser her. Kaka er altså ei klassisk ostekake, stivna med sitrongelé og pynta med bær. Eg lagde tre ladningar av oppskrifta nedanfor. To ladningar gjekk i dei to største formene, og ei gjekk i dei to øverste. Storleiken på formene er 30, 26, 22 og 18 cm. Slik gjorde eg det: Ostekake 400 g digestivekjeks 125 g meierismør 500 g kremost 600 g (to beger) crème fraïche 3 dl kremfløyte 2 pakkar sitrongelé 200 g melis Skal og saft av ein sitron Frukt og bær til pynt Ta fram det fatet som kaka til slutt skal stå på.  Legg kakeringen på fatet utan botn, og sjekk at det passar. Lukk forma, og teip kakeringen i …

Prosjektet mitt

OK, her kjem første bilde. Dette skal altså bli ei fire etasjers bryllupskake. Eg har blitt fortalt at ein ikkje skal vise fram slikt før den blir servert, så difor får dokke sjå den utan pynt. Oppskrift og bilde av ferdig pynta kake kjem i morgon. Eg lovar. (Og til dei som kjenner meg, og lurer på kven som giftar seg: Fetteren til kjære.)

Blomar på eit festbord

Mange som søker på festbord kjem hit til meg, men mine festbord er som regel fulle av mat. Bordpynt har eg ikkje skrive så mykje om. Det betyr ikkje at eg ikkje bryr meg om korleis bordet ser ut. Eg er så heldig at eg har folk rundt meg som syns at det å lage pene bukettar og dekorasjonar er lett og gøy. Slik er det ikkje med meg. Eg syns eigentleg det er ganske vanskeleg å få pent. Men her for ei stund sidan vart eg invitert med på ein middags-“workshop”, der nokre skulle dekke bord, nokre skulle lage mat og nokre skulle lage borddekorasjonar. Alle venta at eg skulle melde meg til matgruppa, men eg følte eg trengte mykje meir å arbeide med blomar saman med vaktmestrane. Det var kjempegøy! Vi lærte nokre grunnprinsipp som var veldig nyttige å ta med seg. Første regel er å lage dekorasjonen slik at dei som har den framfor seg ser over den. Difor bør den ikkje vere for høg. Alternativt må den vere høg og slank, …

-Og så: Bryllupskake!

Bryllupet er dagen då alt skal klaffe, perfeksjonismen får fritt spelerom og alle draumar vert verkeleggjorte. Dei geografiske og kulturelle skilja er interessante. Eit sunnmørsk kakebord er ein eigen kategori, på austlandet er fire kaker til 50 gjestar heilt OK. På Sunnmøre ville det ha vore ei stor skam. Kjem du med “skuffekake” til eit sunnmørsbryllup rynker tantene på nasa, det skal vere runde, lekre kaker med forseggjort pynt. When in Rome, do as the Romans, ser du at det er snaut med kaker så er det berre å forsyne seg med konduite. På Sunnmøre er det berre å legge innpå, og smake på nye sortar utan å vere flau. Hovudkaka skal tradisjonelt vere eit stort flak, eller tre kaker av ulik storleik montert saman i trekant eller i tårn. No er det enkelt å få tak i flotte kakestativ, slik at ein kan montere tre kaker oppå kvarandre. Nokre huskereglar må ein likevel notere seg: Det løner seg å montere kaka (altså ”bygge” stativet”) på kakebordet. Det er så og seie uråd å frakte …