Bryllup, Noko søtt
Comments 5

It’s coming together, baby…


Det tek tid å lage ei bryllupskake. Alle variantar sjølvsagt, men den varianten eg svergar til, ostekake med gelélok, tek minst tre, helst fire dagar å lage. Iallfall viss du ikkje skal ta fri ein heil dag frå jobb. Bryllup brukar jo ofte å vere på laurdagar.

Dag 1 finn eg fram formene, stativet og planlegg oppskrifta. Den varierer med kor mange etasjar eg skal ha, og kor store kvar form i kvar etasje skal vere. Når eg har bestemt meg for storleik og antall etasjar, lagar eg massen til botnane, altså kjeks og smør som vert trykt saman.

Men før eg legg massen i botnane er det mykje som må planleggast. Viss eg brukar springformer må formene teipast. Viss ikkje renn geléen ut, det har eg lært av bitter erfaring. Ingenting er så ukontrollerbart som gelé som finn ein veg ut. Teipen er ståande, slik at den lukker den vertikale sprekka i springforma der den vil opne seg. Dette er litt krøkkete når formene skal av, men då kan teipen kuttast igjen med ein skarp kniv.

Alternativet er å bruke faste former, som eg ikkje har investert i enno til dei tre øverste laga, eller å legge band av overheadfilm inne i ringane. Då må du klippe overheadfilm i strimlar, og teipe saman, slik at det vert tett. Sjølv om stengene som held stativet oppe skal bort når kaka vert frakta, så må dei stå på kvart fat medan eg formar kaka. For at dei lett skal kunne fjernast lagar eg eit band av overheadfilm rundt kvar stang, slik at eg kan fjerne stanga utan å måtte grise til kaka.

Kjeksbotnen må pressast så tett som råd er, slik at ostemassen ikkje renn ut. (Ei anna utfordring er at formene ikkje alltid er plane, så litt renn ut uansett, men den skal eg spare deg for.) Så må dette kjølast minst 6-8 timar, altså i praksis over natta, slik at det vert tett og kjeksmassen ikkje blandar seg med ostemassen.

Dag 2 lagar eg ostemassen, og fyller den i formene. Same kor mykje du reknar så er det alltid vanskeleg å berekne kor mykje ostemasse som går med. Til denne kaka måtte eg lage ei ekstra ladning, øvste forma vart berre halvfull. Bonusen er at eg no har ei dessertskål i kjøleskapet som eg kan gje smaksprøver frå.

Dag 3 handlar eg inn frukt og bær som eg skal pynte med. Til denne kaka har eg brukt moreller, blåbær, bringebær, physalis, pasjonsfrukt og jordbær. Jordbæra tek eg ikkje på før på dag 4, for dei held seg så dårleg. Bæra må ha topp kvalitet, aller helst vil eg hente dei rett frå stativet som dei triller varene inn i butikken på, og eg handlar berre i butikkar som har høg sirkulasjon av varer. Favoritten er Meny på Ringnes senter, dei har alltid førsteklasses frukt.

Så lagar eg gelé, og heller på det første, tynne laget. I det første laget legg eg ikkje bær. Det skal berre forsegle toppen på kaka. Det kan vere bobler i ostemassen, og toppen på desse boblene kan løsne og flyte rundt. Når dei får stivne med det nederste laget lagar dei ikkje meir trøbbel.

Det første, tynne laget er også indikasjonen på om formene er tette eller ikkje. Du merkar fort når geléen byrjar å flyte ut. Ein måte å takle det på er å la geléen verte halvstiv før du har på det første laget, og så pensle med gelé der det lek. Men stort sett går det bra.

I neste gelélag legg eg første runde med bær. Viss eg har byrja tidleg nok, og geléen og kakene er iskalde, rekk eg å gjere dette på dag 3. Med dei første bæra bestemmer eg mønsteret eller plasseringa av frukt og bær. Det ser litt kaotisk og «overflødighetsaktig» ut, men det er ein plan bak det heile, iallfall til eit visst punkt.

Bær med stilk støttar eg opp med grillspyd, slik du ser det her. Det er finare enn at dei sym rundt liggande i geléen. For kvar runde med bær heller eg på eit tynt lag med gelé, slik at dei står i fast posisjon til neste runde. Grillspyda er også fine for å dytte på frukt og bær som flyt ut av posisjon på veg frå benken til kjøleskapet.

Dag 4 fullfører eg pyntinga, altså legg på dei siste bæra og fruktene. Kvart lag med gelé må stivne i minst to timar, så eg vert sjeldan ferdig med å plassere all frukt på dag 3. Eg slår litt gelé over kvart bær, slik at dei vert «forsegla», då held dei seg betre, og ser flottare ut.

På sjølve bryllupsdagen er jobben å fjerne stengene og overheadfilmen rundt dei, plassere kakene i kaketiner og frakte dei til festlokalet. Der skal kaka monterast, stativet skal skruast saman. Det er ein nervepirrande jobb. Før dette må ringane fjernast, og kantane må glattast. Til slutt skal kantane rundt kaka pyntast med bær.

På toppen av dette får ein små overraskingar som ein ikkje var budd på. Visste du til dømes at viss du har metallringformer av ei bestemt legering så skiftar den sartrosa fargen på rabarbragelé farge til skarpt lilla?

Då er einaste redninga å fjerne ringen, kutte bort det lilla med ein liten, skarp kniv, sette på eit band av overheadfilm rundt kaka før du set på att ringen og fyller på med meir gelé. Livet er fullt av overraskingar. Eg kryssar fingrane for at det ikkje blir fleire overraskingar i dag. Kryss noko du og, for meg og kaka.

This entry was posted in: Bryllup, Noko søtt

av

Kvinne, bur i Oslo, lever med mat, musikk, dufter, ein liten hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

5 Comments

  1. Åja, kjære vene! Jeg krysser alt jeg har. Fingre, tær, armer og bein!
    Blir helt skjelven bare jeg tenker på den monteringsjobben. Alt det andre høres bare gøy ut. Du er modig, og det blir helt sikkert aldeles fantastisk 😀 Tvitvi!

    Likar

  2. Hjelp, det hørtes intrikat ut. Lykke til – jeg krysser det jeg har for at alt skal gå bra og du ikke skal få for mange overraskelser på dagen! Så langt ser det i hvert fall flott ut – og jeg er sikker på at det smaker veldig godt, ostekake er kanskje min aller favoritteste favorittkake.

    M:)

    Likar

  3. Og jeg som hadde planer om å lage ostekake.. No overlater jeg det til andre.. 🙂 (hehe er blitt så lat for tiden..)

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s