Fest, Livet, Lykke
Comments 4

Verdas mest forelska par


Ja, dei er det, desse to fine som gifta seg i helga. Dei har funne fram til noko som mange leitar etter, og ikkje minst har dei vit til å ta vare på det gode dei har funne.

Mitt bidrag til feiringa var ein song i kyrkja, og denne kaka. Det var ei ære og ei glede å få lov til å bidra.

Mange andre var med på å gjere dette til ei fin feiring. Søster, bror, vennar og venninner lagde flotte utdrikningslag. Eit søskenbarn lagde rebusløp og masse fellesaktivitetar på Øvresetertjern fredag kveld. Koret som brura syng i song i kyrkja. Eit svigersøskenbarn fotograferte. Tanter og mødre hjalp til med borddekking, bordpynt og kakebakst. Nokre bidrog økonomisk, til dømes til bryllupsreise, kjole, kjole og kvitt og meir til.

I går var vi samla heime hos brudeparet, då var alle gjestane invitert til grillfest medbrakt barn. Eit søskenbarn med sambuar lagde salatar, grillmat, dressingar og foccaccia til femti gjestar. Vi har blitt rista saman, møtt nye menneske og feira to av dei finaste vi kjenner. Gratulerer igjen, kjære brudepar!

This entry was posted in: Fest, Livet, Lykke

av

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Jeg også 🙂 hvordan får du den til å stå uten å falle….??

    Og selv om jeg er en av de «gift, men skilt og aldri mer…» så syns jeg det er imponerende når andre velger å ta steget..

    Likar

  2. Marie says

    Kunne jeg fått oppskriften til denne kaka? Helt fantastisk fin!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s