Du er vel ikkje heilt i mål med julebaksten? Det er iallfall ikkje eg. Men det er i siste liten ein er mest effektiv, er mi erfaring. Engelsk fruktkake er blant dei kakene som det seiest må lagast ein månad før jul. Det finst eksempel på 120 år gamle slike kaker, som framleis vert oppbevart som familieklenodier. Men mi erfaring er at kakene vert like gode om dei vert laga nokre dagar før servering, så null stress. Vil du ha fruktkake til jul, så kan du lage den no i helga. Sjekk kva du har i skapet, ofte kjøper ein nytt sjølv om ein har både sukat, rosiner og anna tørka frukt liggande, som bør brukast opp.
Dei engelske fruktkakene er eit overflodsfenomen, med meir nøtter og frukt enn mjøl. Dei vert eit symbol på avstanden det trass alt bør vere mellom kvardag og høgtid. Eg likar mine fruktkaker med ein ekstra kryddersmak. Du får smake deg fram, og finne ut kva du likar. Nokre meinar det blir smør på flesk, eg er meir på den linja at for mykje av det gode kan vere heilt fantastisk. Difor legg eg også rosinene eg skal bruke i rom nokre dagar før eg lagar fruktkakene. Dei får ein fantastisk smak, og gjer kakene saftige. Legg gjerne i meir enn du treng til fruktkakene, slike fulle rosiner er knallgode til dømes i julegløggen.
Eit anna triks for å lukkast med denne kaka er å ha mjukt smør klart. Smør treng jo ikkje å stå på kjøl viss du skal bruke det i løpet av eit par veker, så finn ein god boks eller ei krukke, og ha det ståande på benken. Planlegg du å lage denne kaka i morgon, så mål opp smøret og sett det på benken i kveld, og du kan også legge frukta i bløyt viss den er tørr og henta frå bakerste hylle. Då går det fort å kome i gang med bakinga i morgon.

Du kan variere frukta i kaka etter kva du har i huset. Eg lagde ein porsjon med sylta kirsebær, det vart nydeleg, og vakkert med raude bær i kaka. Tørka tranebær (cranberries) kan og brukast, berre totalvekta på frukt er som i oppskrifta. Ta deg ein tur i ein velassortert butikk, til dømes ein som er driven av våre nye landsmenn, og sjå kva du finn. Eller gå ei alternativ rute når du er på ferie, der er det også mykje spennande å ta med seg heim.
Eg handlar alltid med meg tørka frukt og bær når eg er ute og reiser. Normale menneske kjøper kjøleskapsmagnetar og kjøkkenhanddukar som suvenirar, eg kjøper tørka aprikosar, mango og heil sukat på marknadane der eg ferdast. Særleg i Italia er dei veldig flinke med dette, og på skåla du ser på bildet ligg det dadlar, to typar aprikosar, sukat, sylta ingefær, sylta appelsinskal og sylta papaya. Pluss noko grønt som eg ikkje heilt veit kva er. Det var det eg fann i skapa, utan å gå i butikken først. Galskap, eg veit.
Lag gjerne dobbelt porsjon når du først er i gang, ei slik kake er den perfekte julegåva til nokon du er glad i.
Ha ei fin adventshelg!
Engelsk fruktkake

300 g meierismør
300 g sukker
5 egg
350 g kveitemjøl
1 ts bakepulver
1 ts kanel
¾ ts malt nellik
¾ ts malt ingefær
3 ss sirup
3 ss rom eller annan alkohol frå rosinbløytinga
100 g hakka valnøtter
150 g hakka mandlar
100 g aprikosar
100 g sukat
200 g rosiner som er bløytte i alkohol
Set omnen på 150 grader. Smør to store (1 ½ litersformer) eller tre mindre former med smør, og vend nokre skeier mjøl rundt i dei til alt er dekt. Bank ut overflødig mjøl.
Rør smør og sukker lyst og luftig. Pisk inn egga, eitt og eitt. Bland halvparten av mjølet med krydder og bakepulver. Ha det i røra vekselsvis med den utrørte sirupen. Ha resten av mjølet i ein bolle, og vend inn frukt og nøtter. Dette gjer at frukta og nøttene ikkje søkk til botnar i kakeforma. Vend fruktblandinga inn i røra, og rør det glatt.
Fordel røra i formene slik at dei vert ca. ¾ fulle. Viss du vil kan du pynte kaka på dette stadiet, ved at du legg t.d. valnøtter eller sylta kirsebær i røra på toppen, slik at dei syns etter at dei er steikt.
Steik kakene på 150 grader i 1 time og 20 minutt. Sjekk at dei er ferdige med ei kakenål eller ein spagettipinne. La dei kolne på rist, og pakk dei tett i aluminiumsfolie før du legg dei i ein tett boks. Når du skal servere kaka kan du gje den eit lett melisdryss. Vil du gjere det på engelsk vis skal kaka ha to spiseskeier brandy annakvar dag, og den skal serverast med ein melisglasur eller med marsipantrekk og pynt ad libitum.