Det å bake til jul er ein fin tradisjon. Eg likar å bake dei søte kakene ganske tett oppunder jul. Det reduserer svinnet, og gjer at dei smakar ferskt og godt når julegjestane kjem.
Viss du har bakelyst no, så er dei tørre brøda det beste å byrje med. Det du kan fryse ned kan også bakast no, eg har allereie to julekaker i frysaren, men det kan vi snakke om litt seinare. I dag skal du få lære å lage to deilige sortar knekkebrød, perfekt til å servere på julebordet, med sild, leverpostei eller smakfulle ostar.
Lurer du på om det er noko spesielt med heimelaga knekkebrød, så vil eg berre tilrå at du testar det ut. Dei blir så gode, og ganske annleis enn dei du kjøper. Dessutan kan du variere krydring og smak, på den måten får du ulike variantar til ulik bruk.
Dei krydra knekkebrøda kan du smaksette på ulike måtar. Eg har laga to variantar, ein med urter og ein med søte krydder. Der valde eg anis, fenikkel og spisskummen. Tørre frøkrydder vinn enormt smaksmessig på å bli rista i tørr panne før du knuser dei. Det er ikkje noko poeng å riste mykje i gongen, for når det først er rista varer det ikkje så lenge, men det du har rista smakar mange gongar meir, berre prøv. Tørre urtekrydder er langt sartare, og vinn ikkje noko på slik varmebehandling. Brukar du urter, så berre knus dei, og elt dei inn i deigen. Du kan gjerne dele deigen i to, og tilsette krydder etterpå, for å få to ulike variantar. Dryss gjerne på litt ekstra oregano på dei urtekrydra leivane, slik at du ser skilnad på dei.
Så kva skal ein bruke desse knekkebrøda til? Eg brukar dei når eg lagar småsnacks som eg serverer til gjestane når dei kjem, gjerne saman med litt gløgg. Dei er gode til suppe, og gjer seg godt på eit julefrukostbord. Å bake knekkebrød er ein perfekt vennesøndagsaktivitet, inviter med deg nokon, så går det dobbelt så fort, og de kan dele på baksten.

Krydra knekkebrød
5 dl lunkent vatn
50 g fersk gjær
1,5 ts salt
(2 ts krydderblanding)
5 dl kveitemjøl
4 dl grovt rugmjøl
4 dl fint rugmjøl
Til utbaking:
2 dl fint rugmjøl
Krydderblanding, søtt krydder:
1 ts fenikkelfrø
1 ts anisfrø
1 ts spisskummen
Rist frøa i varm, tørr steikepanne til dei byrjar å dufte og poppe. Hell frøa i ein mortar og knus dei fint.
Krydderblanding, urtekrydder:
1 ts timian
1 ts rosmarin
1 ts oregano
Ha kryddera i ein mortar, og knus dei fint.
Ha vatnet i ein bolle, og smuldre gjæra i vatnet. Ha i alt det tørre, og elt det til ein ganske fast deig. Dryss på litt fint rugmjøl, og la den heve i ein times tid.
Sett steikeomnen på 250 grader.

Kjevle deigen ut på eit bakebord. Pass på å vende den ofte, og dryss på fint rugmjøl slik at den ikkje festar seg i bordet. Når den er jamnt tynn og fin kjevlar du over med eit kjevle med mønster i, og så kuttar du leiven i firkantar med eit pizzahjul. Legg firkantane på eit steikebrett, og prikk dei med ein gaffel, slik at dei ikkje bles seg opp når dei vert steikt.
Steik knekkebrøda i 7-8 minutt på 250 grader, til dei er lyst gylne og sprø. La dei ligge på ei rist nokre timar til dei er heilt kalde og tørre. Oppbevar knekkebrøda i tett boks.

Frøknekkebrød
6 dl fint rugmjøl
5 dl kveitemjøl
1 ts hornsalt
2 ts salt
1 dl linfrø
1 dl sesamfrø
4 dl vatn
2 ss honning
2-3 dl fint rugmjøl til utbaking
1 dl solsikkefrø
1 dl graskarfrø
Sett omnen på 250 grader.
Bland saman alt det tørre unntatt mjøl og frø til utbaking i ein bolle. Ha i vatnet og honningen, og elt det heile til ein ganske fast deig. Har du veganarar i huset, så bytt ut honning med sirup.
Del deigen i seks emne, og kjevle dei ut så tynt du klarer medan du vender på dei og strør med rugmjøl. Til slutt drysser du solsikkefrø og graskarfrø på kvar leiv, og kjevlar over ein siste gong. Legg leivane på bakebrettet, og spray gjerne på litt vatn til slutt, slik at frøa fester seg betre i leiven.
Steik knekkebrøda på 250 grader i 7-8 minutt.

Pingback: Coronamat – bruk-opp-alt-suppe | Alt godt