Month: august 2011

Valg på tv

Eg må innrømme at eg svært sjeldan ser valgsendingane på tv. Eg har sånn omtrent bestemt meg for kva eg skal stemme, kva politikarane seier på tv kjem ikkje til å påverke det noko særleg. Men her ein kveld vart eg sittande og sjå på ei av valgsendingane til tv2, og då dukka ein gammal helt opp. Kjellen Bigset! Han var tidlegare billettør på ferja mellom Eiksund og Rjånes, men då det vart nedlagt måtte han finne seg anna arbeid. No køyrer han buss for Fjord1. Han slit med å styre temperamentet sitt, og han fører eit MEGET friskt språk, for å seie det med hans eigne ord. Femtenåringen sa det slik: Det er en fordel å ha vært litt på Sunnmøre, for da vet man at slike finnes. Her kan du sjå han gjere opptil fleire tapre forsøk på å kome seg på ferie.

Ein ny, gamal Kenwood i huset

Min kjære Kenwood Major har tent meg villig og lojalt i femten år. Den luktar litt rart når den må gjere skikkeleg tunge jobbar, men førebels har den klart seg utan anna oppdatering enn ein ny kremvisp. I England hadde vi brødbakemaskin, og vi vart litt tent på idéen om å vakne til velduftande, ferskt brød om morgonen. Tilfeldigvis fekk vi tilbod om å kjøpe ein brukt Kenwood BM 250 rett etter at vi kom heim, og slo til på det. No har vi brukt den to gongar, og har hatt ei 50% suksessrate. Det skræmer ikkje oss, i Oxford sleit vi og litt i byrjinga, men etter kvart fekk vi teken på det. Det blir spennande å bli kjent med dette vesenet dei neste vekene. Eg er ikkje ein presisjonskokk, så instinktet mitt seier at det umogeleg vere så nøye om det er 385 eller 400 ml væske. Andre i hushaldet vårt er meir nøye, og veg nøyaktig opp kva som skal vere i bollen. I kveld skal eg vere skikkeleg rampete, og bruke …

Siste påminning!

Du kan framleis bestille ei signert utgåve av smalhans som vert sendt ut frå forlaget på førstkommande onsdag. Viss du vil ha ei slik bok går du inn her, og følgjer instruksane. For at forlaget skal få bestilt nok bøker i tide, må dei ha bestillingane innan klokka to i ettermiddag. Så kast deg rundt viss du ikkje allereie har bestilt. Du finn også boka i dei fleste bokhandlar, men dei er utan min signatur. 🙂

Heavy metal beads

Ei nettvenninne av meg har laga dette flotte kunstverket: For alle som har vore i nærleiken av perlebrett og hama-perler så er det innlysande for ein kjempejobb dette er. Bildet er 1,4 x 1 meter, og er av bandet Motorpsycho. Utfordringa er at ei mamma med for mykje fritid har meldt på eit fingermalingsbilde som toåringen hennar har laga i den same konkurransen. Så går dama på facebook, og går på slike «Give votes, get votes»-sider, og får folk frå heile verda til å stemme på fingermalingsbildet. Det gjer at dei to knivar om sigeren, utruleg nok. Det syns eg er uryddig. Kamilla har laga eit flott bilde som det ligg masse arbeid i, og ho fortener å vinne, syns eg. Viss du er einig med meg, og har facebook, kan du gå inn her, og gi di stemme til Heavy Metal Beads. (Trykk liker, altså.) Syns du andre ting er finare kan du gje stemme til det og. Godt valg!

Bruktmarknad på St.Hanshaugen

Er du i byen i morgon? i så fall bør du ta turen opp Geirmyrsveien. Stikk inn i bakgården i nummer 31, der finn du den finaste bruktmarknaden i byen! St.Hanshaugens glamorøse damer har rydda i skapa sine, og teke fram det dei ikkje brukar meir. Der kan du finne skattar i form av klede, sko og tilbehør til ein relativt billig penge. Dette er damer med god smak, så be prepared to be amazed!

Ein runde til!

Det kjem altså framleis inn bestillingar på Smalhans. Eg må altså ha ny signeringsrunde. Det skal eg klare, men eg må berre advare dokke: Eg skriv som ein gris. Dette er ikkje formskrift, altså. Men om du vil ha ei Smalhans-bok med mine kråketær i, så gjeld altså framleis instruksen: Send ein mail til e.nome@samlaget.no, vil du at eg skal skrive noko spesielt så skriv det, har du ingen spesifikke ønske så skriv eg ei helsing frå eige hovud. Ja, og så må du skrive ditt eige fulle namn og adresse. Forlaget byr på frakta, så på fakturaen kjem det til å stå 299,- per bok. Det blir nok eit signeringsbesøk ned til Samlaget i midten av neste veke, så då veit du kva tid du har på deg. Takk! 🙂

Det er i utide trolla skal drepast

Det sa mora til ei venninne av meg når venninna mi og eg gjekk i gang med vidløftige prosjekt seint på kvelden. Av ein eller annan grunn var det då arbeidslysta kom over oss. Eg har det slik framleis. I går kveld, då eg gjekk over plenen heim, sto det ei kasse flotte, mørkeblå plommer og venta på meg. Kven som hadde plassert dei der veit eg ikkje, men eg tilbrakte iallfall eitt par timar med å rense plommer medan eg såg på ein eller annan dameserie. Eg enda opp med ganske nøyaktig 2,5 kg plommer, og fann fram ein kilo sukker og ein og ein halv pose syltepulver. Frå krydderhylla fann eg fram nokre stjerneanis. Min kjære vart sendt i kjellaren etter tomglas, og eg gjekk i gang med syltinga. I strid med alle oppskrifter hadde eg mesteparten av sukkeret i gryta saman med plommene og stjerneanisen, og lot det putre på svak varme medan eg gjorde klar glasa. Eg kokte opp ei stor gryte med vatn, og hadde i pastaglas, sildeglas, tacosausglas og …

Vi er dei vi er

Eg har tenkt litt på dette med angsten for at kulturar skal blande seg, som enkelte tydelegvis ber på. Snikislamisering og «multikulti» er uttrykk som vert brukt på ei utvikling der folk migrerer, og tek med seg skikkar, religion og levesett i ulik grad. Midt i livet som eg er har eg reist ein del. Vi byttar hus, eg har reist i jobbsamanheng og eg elskar å reise. Hadde hypotesene til dei med kulturblandingsangst slått til skulle det gått i retning av at det vart meir og meir likt rundt om i verda, særleg i Europa, dit «alle» vil. Mine erfaringar tilseier at dette ikkje stemmer på noko sett og vis. Sidan vi ofte bur i private heimar så ser vi korleis folk har det i den næraste sfæren, der relativt få slepp inn. Mange ting er likt, men veldig mykje er også ulikt. Når vi går ut døra har kvar by, sitt land sitt distinkte særpreg. Eg er aldri i tvil om kva land eg er i. Når eg snakkar med folk så har …

Kva butikkar

bør selge smalhans? Smalhans skal sjølvsagt i alle bokhandlane, men den kan også seljast i andre typar butikkar. Førebels har ein møbel- og interiørbutikk teke den inn, men har du forslag til andre butikkar som bør selje boka? Det kan vere kaffebarar, matbutikkar, kaféar eller andre hyggelege og sjarmerande plassar som vil kunne presentere boka på ein fin måte. Kom med forslag i kommentarfeltet! (Og det må gjerne vere over heile landet, dette er ikkje ei Oslo-bok.)

Bestillingane tikkar inn…

Jamnt og trutt. Difor har Samlaget utsett signeringa mi til onsdag, så vil du ha signert bok kan du bestille fram til onsdag rundt lunchtider. Då klikkar du berre på denne lenka, og gjer som det står der. Takk for at du er interessert i boka mi! 🙂 Forøvrig så ynskjer eg alle lesarane mine ei fredeleg helg, utan dramatikk men med masse kos. På søndag er det soppturtid, det er masse snop i skogen no. Få med deg ein som kan sopp viss du er nybyrjar, og kast deg uti det. God helg!

Har eg fortalt

at kjæresten min ofte tek meg med på veldig fine konsertar? Denne vekar har det vore unntakstilstand i livet mitt, med retur til Norge, matlaging, lanseringsfest og opprydding, så for å samle meg saman igjen tok han meg med til Sentrum Scene i går, på Oslo Jazzfestival sin konsert med Susanne Sundfør. Ho hadde med seg eit synth-stjernelag, som besto av Ådne Meisfjord (120 Days), Øystein Moen (Jaga Jazzist/Puma), Morten Qvenild (Susanna & The Magical Orchestra/The National Bank) og Christian Wallumrød (Christian Wallumrød Ensemble/Close Erase). Bestillingsverket ”A Night at Salle Pleyel” er komponert for fem Blofeld-synthesizarar, og inspirasjonen til tittelen kom etter ein konsert i den parisiske konsertsalen Salle Pleyel der Sundfør høyrde musikk av Rakhmaninov og Stravinskij. At verket er klassisk inspirert var tydeleg, med ei klar satsinndeling, sterk struktur og nærast bach-liknande fraseringar. Det var lekkert komponert og framført, og ikkje minst var samspelet mellom scenedesign, lysdesign og musikk fascinerande. Til og med ein pikardisk ters fekk ho med på slutten av tredje sats. Enkelte i salen var skuffa over at ho ikkje song, men …

Puh…

No er eg heilt slakt, etter ei svært hektisk veke så langt. Vi byrja med London-tur på mandag, frå tidleg morgon til sein kveld. Vi kom att med veskene fulle av fine matvarer, ikkje så mykje anna, men også fulle av opplevingar. På tirsdag brukte vi dagen på å rydde og stelle i huset vi hadde lånt, og å kome oss heim. Med avreise frå Oxford klokka fire var vi heime halv tolv om kvelden. Onsdag morgon sto eg tidleg opp, og rasa avgarde for å hente lefser hos Pågens, før eg møtte ein gjeng flotte damer på skulekjøkkenet til Ila skule. Eg hadde nemleg fått i oppdrag å lage maten til haustlanseringa til Samlaget! Onsdag kveld skulle dei presentere alle haustens bøker, og maten var frå Smalhans. Sidan eg var i Oxford hadde eg engasjert tre, og etterkvart fire venninner av meg, til å byrje på matlagingsarbeidet utan meg. Desse damene prøvde eg etter beste evne å fjernstyre frå Oxford med handlelister og arbeidsplanar, og så vart eg sjølv med frå onsdag morgon. Det …

Bestill Smalhans!

Vil du bestille Smalhans? Signert av meg? I så fall: Send ein mail til e.nome ætt samlaget.no, og oppgi ditt namn og di adresse. Vil du ha noko tekst i tillegg til mi helsing og signatur, så skriv den. Det kan til dømes vere aktuelt viss du vil bruke boka som gåve til nokon. Boka kostar 299,-. Eg har sett av torsdag til signering, og bøkene går i posten etter kvart som bestillingane kjem inn og eg får signert. Til dokke som har sagt «Eg bestiller» til meg på Facebook; dokke må sende ein mail til Elizabeth også. Takk! 🙂 (Og er du bloggar, og kunne tenke deg å anmelde boka; send ein mail til Elizabeth om det og.) Edit: Uansett om du bloggar eller bestiller på vanleg måte, så får du boka tilsendt fraktfritt! 😀

Boka er ute!

Uæææ! Sjeldan har kjensla skrekkblanda fryd vore meir tydeleg for meg enn no. Her finn du ho! Og meg! Slutt på anonymiteten, og hei, verda. Vil du ha boka? Du får den sjølvsagt signert, alle blogglesarane mine får det viss dei vil. I morgon kjem eg med info om korleis du bestiller, og så skal eg strekke ut venstrearmen (ja, eg er venstrehendt, endå ein ting du ikkje visste, kanskje?) og dra ned til Samlaget og signere til alle som vil ha. Juhu!

Fine Cotswold

Minn meg på at eg må skrive noko meir om Cotswold ein gong. Det er så utruleg fint der, og lett å kome dit. Litt tourist trap-følelse, men likevel veldig fint. Vegen dit går gjennom grøne enger kransa med lauvskog. Lauvskogen vert så tett at av og til følest det som å køyre i ein grøn tunnell, vegen er omslutta av det grøne. Smale vegar leier deg til små byar som ikkje har endra seg så mykje anna enn at slaktaren er bytta ut med ein godteributikk, ei antikvitetsforretning eller ei sjabby-sjik ruskograsksjappe, fordi det er det turistane vil ha. Stow on the Would, med små, fine butikkar, søte hus og deilig pub-mat. Og eit utruleg flott nettverk av stiar rundt omkring som ein kan gå tur på. Eg har lært meg å drikke cider til fish and chips. Stor jente! Her kunne vi budd. Sa eg at det er mange søte små hus her? Cotswold cottages, kallar dei desse husa. Me like. Bourton upon the water, litt meir turistifisert, men likevel veldig sjarmerande og …

No worries

Eg får meldingar heimafrå om at folk uroar seg for oss. Det er ingen grunn til det, kjære dokke. Til alle bekymra sjeler: Vi har det fint og trygt i eit roleg strøk av Oxford. Oxford er ein stille by med lite ramp og for tida mykje synleg politi i gatene. Dei som kunne finne på rampestrekar her omkring vart meir eller mindre fotfølgde gjennom gatene, dei vert haldne i kort lenke. I dag tenker vi oss avgarde til Cotswold, eit vakkert område nordvest for Oxford. Min kjære køyrer, og eg les kart og gjev ordre. Det har eg øvd på sidan eg køyrde inn i Paris med far min tidleg på åttitalet. Så det går nok bra! 🙂

Rare tider

Vi sit her i fredelege Oxford og les om opptøyar og plyndring i London og Birmingham. Det synest heilt uverkeleg at områda der vi gjekk på fredag vert raida av «opprørarar». Bakgrunnen for desse opprøra er ikkje heilt klar for meg, men slik eg har forstått det er det utløyst av at politiet i Tottenham, nord i London torsdag skulle pågripe ein person som var mistenkt for eit brotsverk. Den mistenkte heitte Mark Duggan. Under pågripinga trakk Mark Duggan våpen, og vart då skoten. Han døydde av skotskadane. Politiet sine «familiekontakter» hadde møte med familien til Mark Duggan, og dei vart då einige om at varslinga av foreldra til Mark Duggan om at sonen deira var død skulle familien ta seg av. Det er noko uklart kva som vidare skjedde, men foreldra til Mark Duggan følte at dei ikkje fekk ordentleg beskjed, og at kontakta med det lokale politiet var for dårleg. Familien organiserte derfor på laurdag ein protest mot dette, og denne protesten utarta til det første «opprøret». Mark Duggan var av afrikansk opphav, …

Ein slakk dag i parken

I går hadde vi ein slakk dag, vi trengte å kvile beina etter ein slitsom dag i London dagen før. I staden for å vere turistar så tok vi med piknikpledd og eit spel under armen. Vi stakk innom næraste pizzasjappe, og fekk med oss to store pizzaer og to flasker med brus, og så vandra vi til South Park her i Oxford. Spelet vi hadde med var Perudo, eit enkelt terningspel som ein kan sjå spelt mellom anna i Pirates of the Caribbean. Spelet finst i mange kulturar under mange namn. Dudo, Bluff eller Liar’s dice er andre namn på det. Du treng ein kopp og fem terningar til kvar spelar. Alle ristar terningane i koppen, og vender koppen oppned på eit brett (eller ei pizzaeske). Så skal ein gjette kor mange av kvart slag som totalt er under koppane på bordet. Ein kan gjette to trearar, nestemann må gjette høgare, enten i antall eller verdi, og når det kjem så høgt at det høyrest usannsynleg ut seier nestemann dudo, som betyr «eg tvilar». Då …

Hva gutta gjorde mens damene var i London

Vi tok tog til Tackley, og gikk ved en kanal i 3 1/2 mil (engelsk). Vi krysset noen togskinner, og etter at vi hadde passert togskinnene så kom et annet tog i 150 km/t (give or take), du vet, ikke noe spesielt. På veien langs kanalen møtte vi et gammelt par i ein båt. Vi hjalp dem å åpne slusene for at de skulle komme videre på Oxford Calal. Det var koselig. Da vi kom frem til Heyford så fant vi ut at det neste toget gikk om en og en halv time, så vi stoppet litt på en kioskaktig kafe  i ca. 45 min. Så bestemte vi oss for å spise litt nachos på en pub som het The bell inn. Etterpå gikk vi mot togstasjonen og møtte en mann som het Jan som kom fra Australia. Han skulle også til Oxford med tog så vi snakket med han gjennom togturen. Da vi kom fram til Oxford så spiste vi på en resturant som het Shanghai 30.  Jeg spiste kun pao (krydret kylling med …

Knocking ourselves out

London ligg og freistar ein time med toget frå Oxford. I og med at enkelte i familien har ei sterk og uthaldande evne til shopping, medan andre ikkje har det, kan det i slike situasjonar vere best å splitte opp familien for å hindre uvennskap og trykka stemning. Difor foreslo eg i torsdag kveld for min kjære at hankjønna skulle bli att i Oxford fredag, medan vi damene skulle utrette store ting i storbyen. Han syntest det var fornuftig, og tok på seg ansvaret for å halde aktivitetsnivået oppe blant dei mannlege medlemmane i familien medan vi var borte. Vi damene satte oss på toget til London i titida, og gjekk i gang med powershopping med krum nakke. Eg må innrømme det; eg har fostra eit luksusdyr. Mitt eige forbruk er ganske moderat syns eg sjølv, det eg har av solbriller er kjøpt på Hennes & Mauritz, og eg har ingen vesker som kostar meir enn 800 kroner. Av bitter erfaring veit eg at eg har ein tendens til å rote bort ting, eller dei vert …