Month: januar 2015

Smørbrødkake med leverpostei

Søtt og salt på same tid? Neida, berre salt. Og saftig, smakfullt og mettande. Som du sikkert har forstått er eg inne i ein svensk stim for tida. I dag tek eg for meg det geniale konseptet ”smörgåstårta”, eller smørbrødkake som det bør heite på norsk. Ei smørbrødkake er altså noko som i fasong ser ut som ei kake, men som er eit stort og velsmakande måltid. Svenskane serverer det ofte til lunch, du kan få det servert til søndagskaffen, eller som oppvarming til ein fest. Dei aller fleste bakeri i Sverige lagar smörgåstårtor på bestilling, og smaksvariasjonane er bortimot uendelege. Når ein lagar ei smørbrødkake lagar ein to-tre ulike rører som ein legg lagvis med brødskiver som ein har skore skorpene av. Og så vert kaka dekt med ein krem av eit eller anna slag, eg har laga ein urtekrem med fetaost, og ein med creme fraiche, pepparrot og riven sitron. Grunnene til at eg vel creme fraiche er at den er relativt fast i konsistensen, og vert ikkje flytande på kaka. Du kan …

Smørbrødkake med fyll av varmrøykt laks

Smørbrødkaker med fyll av sjømat er ein klassikar i det svenske kjøkkenet. Skal du gjere det fort og gale kan du til dømes bruke skagenrøre eller andre kjøpesalatar som fyll, men det artigaste er å lage sine eigne rører, med dine eigne favorittsmakar. Eg brukar varmrøykt laks, det kan du bytte ut med kaldrøykt, som du finhakkar. Krepsehalane kan byttast ut med reker. Når du pyntar ei slik kake så er det uante muligheiter. Sjå kva du finn i butikken. Forrige gong eg lagde dette fann eg ein lekker bunt med friske, små reddikar. Du kan dekke sidene med urter, eller du kan bruke squash eller salatblad. Smørbrødkake med laksefyll Laksefyll 250 g varmrøykt laks 200 g kremost 1 dl gresk yoghurt 2 ts pepparrot 1 ts akasiehonning eller ein annan mild honning. salt og peppar Urtekrem 400 g fetaost 1,5 dl gresk yoghurt Salt, peppar og honning 2 dl finhakka urter, grasløk, persille, dill Pynt: Krepsehalar i lake Rekeost på tube Salat/tomat Smuldre laksen i ein bolle. Ha i kremost, yoghurt og pepparrot, og …

Eg er blant verdas beste!

Nynorskbloggarar, altså. Stor stas! Målungdommen, mållaget og framtida.no har valt ut tolv finalistar som dei meiner har dei beste nynorskbloggane. Finalistane er valt ut blant alle dei som tidlegare har blitt kåra til vekas nynorske blogg, og det hadde eg æra av å vere i juni 2014. No får lesarane vere med og røyste fram den aller, aller beste. Konkurransen er tøff, og det er mange knallflinke bloggarar med, men syns du det eg driv med er bra, så kan du jo gå inn her og stemme på meg. På førehand tusen takk! 🙂

Honningbakte eple med mandellok

For nokre dagar sidan lagde eg denne desserten, basert på nokre lekre juleraude eple som låg att på fruktfatet. Eg mistenker familien min for å ikkje ete dei fordi dei såg ut til å vere av plast, perfekt raude og lysande som dei var. Men bakt med eit deilig mandellok vart det ein god og enkel dessert. Mandelloket kan du bruke på mange ting, både bær, pommer, pærer og rabarbra frå frysaren vert godt med dette mandelloket. Det har også klare fellestrekk med toscakaketopping. Honningbakte eple med mandellok To eple 1 ss honning Eit dryss kanel Mandellok: 50 g smør 50 g skolda mandlar 3 ss sukker 1 ss mjøl 1 ss mjølk 1 ts kanel Skrell epla, fjern kjernehuset og kutt dei i terningar. Ha eplebitane i ein bolle, ha over honning og kanel, og rør rundt. Fordel eplebitane i seks porsjonsformer, eller ei større form. Set dei i omnen på 180 grader varmluft i 10-15 minutt. Mal mandlane til mjøl. Har du det travelt kan du trygt droppe skoldinga først. Smelt smør i ei …

Flygande Jakob

Då eg fortalde mi svenske venninne at eg skulle skrive om ”Flygande Jacob” i bloggen var ho sjokkert: Det er jo skrotmat! Eg måtte le, men ho meinte det heilt alvorleg. Flygande Jacob var mat som svenske mødre, og sikkert også fedre, lagde når dei måtte ha noko fort, enkelt og ikkje nødvendigvis så sunt. Slikt har aldri hindra meg, så eg gjekk vidare med idéen min. Eg har snakka tidlegare om korleis eg finn inspirasjon, og denne gongen kom inspirasjonen på quiz. Vi fekk nemleg spørsmål om å oppgi tre ingrediensar frå den svenske retten Flygande Jacob. Vi gjetta på kylling, fordi retten var flygande, så supplerte vi med bacon og fløte, for det er i det meste som er godt. Vi fekk altså poeng, utan eigentleg å ha svart korrekt. Hovudingrediensane i Flygande Jacob er nemleg kylling, bacon, banan og peanøtter! Som ein slags kjøttsnickers, altså. Korleis svenskane kom på dette er uklart, men retten er visstnok komponert av ein svenske som heitte Jacobsson, og som jobba i flybransjen, derav namnet. Eg får kjensla …

Godt nytt år! Og når er fastelaven, då?

Godt nytt år! Eg er lei for at det har vore så stille her i bloggen ei stund, men det heng saman med at vi har overteke eit fantastisk hus i Sverige som har teke nesten all ledig tid. Vi feira ein utruleg fin nyttårsaftan der, og vi skal tilbake så ofte vi kan for å tilbringe helger og fridagar i fredelege Bengtsfors kommun. Men det slår ikkje feil, når eit nytt år er på plass så byrjar søketreffa å kome: Når er fastelaven i år? Slik går det når ein har samla på bolleoppskrifter og grautoppskrifter i årevis. No har eg forresten samla alle fastelavensinnlegga mine på Pinterest, så du kan finne ei oppsummering der. Det viktigaste er likevel dette: I år er fastelaven søndag 15. februar. Det er berre å byrje å øve på gjærdeigskillsa!